Opne og løynde dikt
Christiansen går i ein fascinerande poetisk dialog med ein eldre forfattarskap.
Rune Christiansen har gjeve ut 13 diktsamlingar og skrive fleire romanar.
Foto: Baard Henriksen
Dikt
Rune Christiansen:
Marginalia til Harriet Löwenhjelm (1887–1918). Dikt og epistler
Forlaget Oktober 2022
Rune Christiansen fører i denne boka ein poetisk dialog med den svenske poeten og biletkunstnaren Harriet Löwenhjelm som døydde i 1918. Harriet Löwenhjelm blei lungesjuk, og frå 1913 og fram til ho døydde, var livet hennar prega av opphald på ulike lungesanatorium. I den einaste boka som kom i levetida hennar, Konsten att älska och dess följder (1913), kombinerer ho dikt og etsingar. Venninna Elsa Björkman-Goldschmidt samla teikningar og dikt frå hennar etterlatne arbeid i den posthume Dikter med tilhörande teckningar (1919), ei bok som skulle komme i fleire opplag.
Strøtankar
I tittelen til Christiansens bok førekjem ordet «marginalia». Marginalia er alt frå strøtankar til kommentarar ein lesar kan skrible i margen på ei bok. Christiansens tekstar står i direkte forhold til Harriet Löwenhjelm, jamvel om det verkar som forholda kryssar frå liv, sjukdom, teikningar til dagbok og dikt. Undertittel er «Dikt og epistlar». Ein epistel er eit dikt i brevform, eller ein tekst som vender seg direkte til eit du.
Kva freistar Christiansen å sirkle inn og gripe? Ein stad skriv han om «diktets okkulte kilde», at «omkring alle ting på jorden finnes det et ukjent område». Skulle eg våge ein påstand, er det at dikta og tekstane til Christiansen nett rører seg mellom det opne og det løynde. Eit brev er forsegla, men det kan opnast.
Luftig og lett
Alt i overflata til Christiansens tekstar merkar ein seg alle dei opne dørene og vindauga, det strøymande sommarlyset, vinden som blæs inn i romma. Luftig, lett, skimrande, gjennomskinleg. «En dagbok/ der du lot alt/ stå åpent», lyder eit av dei korte dikta. Markisene, som tekstane òg viser til, hindrar sollyset, men også innsynet. For her finst sjukdomen, skuggen, vinteren, røyndomens «trista fakta» som det heiter i det kjende Löwenhjelm-diktet «Tag mig. Håll mig. Smek mig sakta».
Biografar har nemnt at Löwenhjelm unngjekk det personlege i tekstane, at ho hindra innsyn i eige liv. Stilbrot er eit kjenneteikn ved mange av tekstane hennar. Leiken og depresjonen, alvoret og skjemtet, barndom og vaksenverd gjekk hand i hand. Kanskje er ekornet og vepsebolet bilete på desse motsetnadane hos Löwenhjelm: «Et ekorn sprang i takrennen, du hørte det, det gledet deg, men vepsebolet som tørket og gikk i oppløsning på loftet, var uten beskyttelse og uten vitner.»
Christiansen maktar å lage ein open og svært rik poetisk dialog som held verket og livet til Löwenhjelm ope. Men brevdikta som Christiansen har stila direkte til Löwenhjelm, kan ho ikkje opne. Rundt mottakaren «finnes det et ukjent område»: diktets kjelde.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.