Opplyst av fleire soler
Hanne Bramness skriv om det utsette livet med venleik og konsekvens og lagar ein poesi som støtt er i rørsle.
Hanne Bramness har motteke ei rad litterære prisar etter debuten i 1983.
Foto: Thomas Kolbein Bjørk Olsen / Berlinkontoret
DIKT
Hanne Bramness:
Snø på museum
Tiden
Den snøen som kvervlar gjennom så å seie alle dikta i boka til Hanne Bramness, vekslar i tyding, men står særleg som bilete på gløymsla, ufrivillig eller tvungen. Men så er det likevel også slik at desse dikta gjer tvert om, dei freistar redde utsette og oversette minne, sansingar, kunnskapar og syn frå å forsvinne i malstraumen til gløymsla og historia. Bramness’ dikt slår så å seie hol på den homogene tida og lèt brokete bilete strøyme ut.
Det ligg noko absurd i boktittelen Snø på museum. Å plassere snø på museum for å bevare han, verkar som eit umogleg prosjekt, han vil smelte og forsvinne. Med klimakrisa som bakteppe og med vintersnøen som ikkje er like sjølvsagd som før, er ønsket forståeleg. Men snø er noko som kjem og forsvinn, og er regulert av årstidene. Snø skjuler noko, stoggar tida, bevarer, eller så smeltar og avdekkjer snøen noko. Og viss snø står for gløymsle, vil det vere gløymsla som hamnar på museum og vert konservert for ettertida.
Bramness’ diktbok verkar å stå planta i motivkrinsar og tematikkar poeten har arbeidd med i fleire diktbøker. Fotografi og målarstykke står heilt sentralt, fleire av dikta vender seg til førestilte og faktiske bilete. Men desse statiske biletobjekta vert gjennom poetens språklege handsamingar forsynte med impulsar og liv, og ofte vert eit bilete sett opp mot eller sett i lys av andre bilete og representasjonar: «Små lette strøk må til for å få dette bordet til å stå/ under tyngden av lyset som fosser fra taket, tunge strøk som// nesten skraper hull i lerretet må hun la være. For å vise hvor/ viktig motivet er, hvordan kurvbordet har reist fra sivene på / stranda».
Dikta til Bramness har ein fascinerande og suggererande prosaisk-lyrisk tone. Dei kan byrje som ei forteljing som så krinsar kring eit fenomen, eit bilete, og der den forteljande tråden nesten berre vert hengjande, utan at plott vert utvikla. Interessant med denne doble forankringa i prosaen og diktet er at dikta på det viset syner til den løpande tida, til prosess, forandring og forskuving. Slik maktar dikta å føre saman tidsprosessen og det biletmessige og romlege.
Det finst stor poetisk konsekvens og venleik i dikta til Bramness. Dei kan lesast på fleire nivå, enkeltvis og samla. Fleire veldig vene enkeltdikt faldar seg inn i og skyt seg ut frå eigen samanheng, slik som diktet «Forskjeller» som handlar om lauvtreet heggen med «sitt tannhvite dryss». Diktet kan ein fint lese under ein politisk horisont, men det står også godt på sitt eige språk, som eit utsett vesen: «fordi jeg kommer fra grøftelandet, fra/ snøslapsdemningenes og søledammenes, rumpetrollenes,// skyteledningenes og flaskeskårbekkenes rike».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bramness’ diktbok verkar å stå planta i motivkrinsar og tematikkar poeten har arbeidd med i fleire diktbøker.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen