Originalt og viltert
Med Aktivasjon har Kristin Ribe levert sin beste roman så langt.
Kristin Ribe er ein av dei mest spennande forfattarane her til lands, meiner Oddmund Hagen.
Foto: Siri Ursin
Roman
Kristin Ribe:
Aktivasjon
Oktober
Eg har følgt forfattarskapen til Kristin Ribe frå debuten i 2003, og heile vegen har eg opplevd henne som kompromisslaus og eksperimentell med tanke på språk og komposisjon. Dette har ført henne fram til ein posisjon som eit av dei mest spennande forfattarskapa her til lands. Når ho no er tilbake etter sju tause år, løftar eg glaset og skåler i det stille for ein roman som løftar forfattarskapet enda eit hakk.
Ho er kjend for å skrive vanskeleg, for å bore djupt i eksistensielle spørsmål, for å radbrekke syntaks og grammatikk, for å uttrykke ein dødslengt som alltid bikkar i livet sin favør, og ho skriv ope om dei psykiske plagene ho har hatt med sjølvskading og mange innleggingar. Alt dette er også til stades i årets bok, men no med ein frigjerande distanse som opnar for stor humor, vilter fantasi og ein oppfinnsam vri på alle slags konspirasjonsteoriar som florerer og har florert opp gjennom tidene.
Tvangsskriving
Det heile er fortalt gjennom Kristin, eller K. Ho er fattig forfattar, bur i Trondheim, slit med skrivesperre som blir kompensert med tvangsskriving, ti sider kvar dag, men eigentleg har ho bestemt seg for å slutte å skrive, etter at to personar som stod henne nær i ein behandlingssituasjon, brått er borte frå livet hennes.
Ho kjenner seg lamma, ho lever i kaos, er likesæl med alt rundt seg, einsam og utan kontaktflater, og for å skape ein slags samanheng og meining i tilværet, leitar ho etter reglar og strukturar, ho lager ordlister, utarbeider kodeteoriar, ho finn kodemeldingar rundt omkring, og ho får det for seg at det er utanomjordiske vesen, eller aliens, som tar kontakt, også gjennom ein vedvarande øyresus.
Ho trekker opp dei lange linene tilbake til pyramidane i Egypt, til mayakulturen, til Påskeøya og til eldgamle religiøse mytar om kontakt mellom menneske og himmelvesen. Alt blir relatert til vatn, «VÆRENDE VANN i kombinasjon med ORD». Slik skal K fri seg frå det passive og tre inn i ein aktivasjon gjennom «Handlekraftig vital ENERGI i håp om å få til et møte med ALIENS».
Tankesprang
Og det greier ho, via alle slags omvegar og tankesprang, for ein dag er husværet på Lademoen i Trondheim fylt av aliens av den vennlege sorten, leikne og nysgjerrige småtassar som vil henne vel og til og med ber henne med heim til ein stad ute i universet, noko ho høfleg takkar nei til.
Aktivasjon er ein mangfaldig og science-fiction-aktig tekst som tøyer grensene for romansjangeren. Her finst dikt, notat, kommentarar, innslag av engelsk, reine noveller og fleire spark til Adresseavisen, men det som bind det heile saman, er lengten etter samanheng og meining i tilværet, noko som fører fram til konklusjonen «VERDEN FALLER IKKE SAMMEN UTEN REGLER». Slik blir ei sjukehistorie ei original form for sjølvreparasjon, og det er berre å gratulere Kristin Ribe med eit oppkomme av ein roman.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Aktivasjon er ein mangfaldig og science-fiction-aktig tekst som tøyer grensene for romansjangeren.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.