Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Oscar Wilde som kritikar

Kritiske essays gir oss eit tankevekkjande møte med Oscar Wilde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei kritiske tekstane til Oscar Wilde er leseverdige, skriv litteraturvitaren Kjetil Berthelsen.

Foto: Library of Congress / Wikimedia Commons

4178
20250103
4178
20250103

Essay

Oscar Wilde:

Kritiske essays

Omsetjing og etterord ved Emanuel T. Frogner
Vidarforlaget

Forfattaren Oscar Wilde (1854–1900) er ein av dei store originalane i engelsk litteratur. Han var estetikar, opprørar, rabulist og humorist, og utstyrt med ei nær sagt eineståande formuleringsevne. Mellom lærarane sine på Oxford kunne han rekna kritikaren John Ruskin og estetikaren Walter Pater, og særleg Pater kom til å bety mykje for han.

I ei av mange aforistiske formuleringar seier han: «The two great turning-points of my life were when my father sent me to Oxford, and when society sent me to prison

Friskt pust

Det gneistrande og overstrøymande viddet hans var legendarisk, og han var eit friskt pust i den lumre viktorianske stovelufta, som han brukte heile den litterære slagkrafta si til å ruska opp i. Det er nok ein av grunnane til at det gode borgarskapet tok så sterk hemn etter rettssaka og dommen for homoerotisk aktivitet, som kom til å ruinera både økonomien og helsa hans. Etter at han vart lauslaten, skreiv han det gripande diktet «The Ballad of Reading Gaol», attdikta til norsk av Johannes Gjerdåker.

Wilde er nok mest kjend for skodespela og romanen The Picture of Dorian Gray, men òg dei kritiske skriftene hans er vel verde å lesa. Det er denne sida ved Wilde som er trekt fram i Kritiske essays, der ein tydeleg kan sjå spennvidda i forfattarskapen.

Oscar Wilde hadde anarkistiske sympatiar og skreiv essayet «Mennesket og sosialismen», som er med i boka. Den opphavlege tittelen er «The Soul of Man Under Socialism» (1891), så ei meir korrekt omsetjing ville ha vore «Menneskets sjel under sosialismen». Men det er inga stor sak. Elles kan ein spørja seg om somme av tekstane eigenleg er essay, men den diskusjonen tek eg ikkje opp her.

Kritikk er kunst

Wilde heldt kritikken i age, og i «Kritikeren som kunstner» framhevar han at «en tidsalder uten kritikk er enten en tidsalder da kunsten står fast, er hieratisk, står fast i å gjenskape satte former, eller en tidsalder som ikke har kunst overhodet». Kritikken er sjølv kunst, ja, nesten like viktig som kunstverket.

Ein av dei viktigaste kritiske tekstane er «The Decay of Lying», som med nesten wildesk ironi er ramma av ein kjedeleg prentefeil. I innhaldsoversynet heiter det «Løgnkunstens forfall», men når vi kjem til teksten sjølv, heiter det «Lyvekunstens forfall». Eg reknar med at det siste er korrekt.

På humoristisk vis skildrar Wilde korleis dei herlege løgnene i kunsten i samtida vart rasjonaliserte bort på sanningsaltaret. Han driv eit komisk spel med kunstfilosofien til Platon, der hovudpoenget er at kunstnaren står fjernt frå sanninga, av di han/ho ikkje har innsikt i ideen til tinga, men berre skaper narrebilete, simulakrum, som sjargongen seier i dag.

Teksten er bygd over dialogane til Platon, der samtalen, med spørsmål og svar, står heilt sentralt. Her finst ingen politisk bodskap; det dreiar seg om kunsten for kunstens eigen skuld, ein ideologi Wilde omfamna av heile sitt hjarta og etterlikna i både skrift og livsførsel. I etterordet hevdar omsetjaren rett nok at det er spor av dialektikken til Hegel i Wildes forfattarskap, men Platon er likevel viktigare.

Tankevekkjande

Eit verk som kunne vore med, er «Portrettet av Mr. W.H.», ein briljant og rasande morosam tekst der Oscar Wilde kjem med ein ytst inciterande teori om kven som løyner seg bak den mystiske dedikasjonen til Mr. W.H. i fyrsteutgåva av sonettane til William Shakespeare. Men då hadde boka vorte endå tjukkare.

Diverre har ikkje omsetjaren dei same stilistiske evnene som Oscar Wilde, noko ein særleg ser i det tunge etterordet med fleire halsbrekkande setningskonstruksjonar. Det er kanskje urettvist å krevja det.

Stort sett gjev omsetjinga eit betre inntrykk enn etterordet, jamvel om ikkje alle dei språklege overføringane av dei glødande paradoksa og den herlege ironien er like gode. Men trass i alt har Emanuel T. Frogner gjeve oss eit tankevekkjande møte med kritikaren Oscar Wilde, som sporar lesaren til å leita fram originalane på nytt.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis