På skolebenken
Alejandro Zambra tar det chilenske samfunnet opp til eksamen.
Alejandro Zambra:
Delprøve i språklige ferdigheter
Solum
Baksideteksten til Alejandro Zambras fjerde bok på norsk er kort og konsis og plasserer teksten både utanfor og innanfor ei rad av sjangeromgrep som det blir opp til lesaren å bestemme:
Det du nå holder i hånden, er:
A) korttekster
B) noveller
C) poesi
D) ingen av delene
E ) alt som står over
Å basere teksten på multiple choice er sjølve ideen bak dei 90 delprøvene boka består av, og lesaren må hanskast med fem ulike val for kvar delprøve. Det heile har rot i opptaksprøvene ved chilenske universitet mellom 1967 og 2002, og Alejandro Zambra har sjølv avlagt Delprøve i språklige ferdigheter tilbake i 1993.
Skilnaden mellom den verkelege prøva og Zambras variant er at hos Zambra veks det fram ein raffinert, poengtert og bitande kritikk av det chilenske samfunnet under Pinochets diktatur: torturen, kidnappingane, forsvinningane, korrupsjonen, sensuren, kyrkja og skoleverket får plass som svaralternativ i mange av delprøvene, for eksempel delprøve 16:
16. FORHØR
A) vekke
B) nekte
C) brekke
D) sprekke
E) lekke
Frå enkeltoppslag og «Hvilket ord skal ut?» utvidar Zambra til «Tekstdisposisjon», «Fullfør setningen», «Hvilke setninger skal ut?», fram til «Leseforståelse», som består av tre glitrande noveller med oppgåver til.
Zambra skriv heilt ulikt det ein frå før har tenkt om litteratur. Han skriv smart og intelligent. Alt er opent, alt er sant eller ikkje sant; det blir opp til lesaren og forme si eiga sanning om det chilenske samfunnet som Zambra tar opp til eksamen.
Som i dei andre bøkene sine skriv Zambra om kjærleik som kjem og går, forholdet mellom foreldre og barn og særskilt mellom fedrar og søner, og han skriv om skoleverket som har til oppgåve å lære elevane å trikse og fikse utan å bli tatt, rett og slett å forberede elevane på «en verden der alle rævkjører alle». Alt er gjort med elegant humor, ironisk snert og ein porsjon melankoli over det som blir borte på vegen.
Øiunn Rishøi Hedemann har omsett Delprøve i språklige ferdigheter. Ho har også omsett novellesamlinga Mine dokumenter (2016) og kortromanen Bonsai (2017). Ho viser gong på gong at ho er svært lydhør for Alejandro Zambras «språklige ferdigheter».
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast litteraturmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Alt er gjort med elegant humor, ironisk snert og ein porsjon melankoli over det som blir borte på vegen.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.