På sporet av livet og lagnaden til ein grandonkel
Historieforteljinga er interessant, men har tynt biografisk kjeldegrunnlag.
Brudebildet, sendt frå Ole i Mexico til far Edvard i Rendalen i 1910, som blei gøymt bort på ein kistebotn, inspirerte seinare Vegard Bye.
Foto: Privat
Sakprosa
Vegard Bye:
Ole. Fra Rendalen til den meksikanske revolusjon
Kolofon forlag
Vegard Bye er politikar, journalist og forfattar. Han har utdanning som statsvitar og er seniorforskar ved Nupi. Han har særleg arbeidd med latinamerikanske spørsmål og nord–sør-problematikk. Gjennom åra har han vore ein flittig skribent og mellom anna skrive samfunnsanalytiske bøker om Sør-Amerika.
Med boka om Ole frå Rendalen går han inn i det meir familiære landskapet og freistar å gje eit bilete av grandonkelen sin. Utgangspunktet for boka er spennande.
Eit uønskt barn
Ole Akre fødd i 1876, utanfor ekteskap. På den tida var det stor skam knytt til å vere lausunge. Då faren gifta seg og stifta familie, blei Ole ståande utanfor fellesskapen, som eit uønskt og utstøytt barn.
Han blei send til slektningar i Amerika som tolvåring, heilt på eiga hand. Vegard Bye blei for alvor nyfiken på grandonkelen etter at det blei funne eit bryllaupsbilete av Ole og den meksikanske kona hans. Frå før visste Bye mest ikkje noko om slektningen sin; det hadde blitt tala lite om Ole i familien.
I USA budde han i starten hos ei tante og ein onkel i ein liten by med ein høg prosentdel skandinavar. Ole voks opp i ein tidsalder med mange teknologiske nyvinningar og blei tidleg nyfiken på elektrisitet. Etter kvart fekk han jobb i eit av dei ekspanderande elektriske entreprenørselskapa i landet. Jobbkarriere var truleg grunnen til at han som 29-åring flytta vidare til Mexico i 1906. Her blei han i alle høve personaldirektør i eit anna stort industriføretak, Mexican Light and Power Company. Det var turbulente tider, og «gringoar» blei ikkje sette på med venlege auge.
Revolusjon i Mexico
I 1910 byrja eit stort og blodig folkeopprør mot diktaturet i Mexico. Revolusjonen kasta landet ut i harde og kaotiske tider. Men Ole Akre tok kampen som måtte til for å bli verande, og gifta seg jamvel med ei meksikansk kvinne.
Bye freistar skrive fram ei sterk familiehistorie som startar i Rendalen og endar i Mexico. Det gjer han med blanda hell. Grandonkelen har ei spennande livshistorie, og det er lett å skjøne kvifor Bye blei nyfiken.
Der Edvard Hoem diktar fram rike slektsforteljingar i krønika om familien frå Rekneslia, tyr ikkje Bye til skjønnlitterære grep i skrivinga. Ettersom Ole etterlét seg få spor, må Bye ofte ty til gissingar, som til dømes når det gjeld kvifor Ole valde å reise til Mexico i staden for å satse vidare USA. Jamvel om han her og der skjelar til Hoems karakter Eilert Knutsen når han ser føre seg grandonkelen i USA, er det diverse avisutklipp som er til hjelp når han har freista å teikne eit bilete av Ole. I tillegg har han hatt hjelp av ein slektning og nytta seg av slektsopplysningar frå USA og Mexico. Dei mange breva til Maggie Plahte Lie har vore ei anna kjelde til inspirasjon og informasjon.
I bøkene sine skildrar Hoem personar og hendingar med skjønnlitterær kraft. Vegard Bye har for lite stoff. Dessverre, for her anar ein liv og lagnad med temperatur og dramatikk. Men å veve bakteppe av samfunnstilhøve og politikk kan Vegard Bye til fingerspissane. Han er god til å dele kunnskapen sin om Latin-Amerika og gir lesaren innsikt i samfunnstilhøva i Mexico tidleg på 1900-talet.
Når Bye skal synleggjere soga om grandonkelen, blir det mindre detaljert, jamvel om han freistar å dokumentere det som kan dokumenterast.
Per Roger Sandvik
Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er lett å skjøne kvifor Bye blei nyfiken.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.