Poesiens mangfaldige prinsipp
Dobbeltliv har energiske formuleringar vovne inn i biletrike lyriske essay.
Pedro Carmona-Alvarez er forfattar, gjendiktar og musikar.
Foto: Eva-Lene Gilje Østensen
Dikt
Pedro Carmona-
Alvarez:
Dobbeltliv
H//O//F 2022
Dei fem langdikta i denne utgjevinga kan ein lese som poetikkar, tekstar som freistar svare på kva diktekunst er og gjer. Tekstane er sjølve forma som dikt og uttrykkjer altså noko om diktekunstens vesen. Tittelen Dobbeltliv spelar på dette og på anna tvitydig, som til dømes kan kome av at poesien jaktar på likskapar og i det poetiske biletet jamfører og stiller saman fenomen.
Eksistensielle aspekt
Poesi i Carmona-Alvarez’ tilfelle har eksistensielle aspekt og handlar, slik eg les han, også om ei grunnleggjande haldning til verda som skaffar ein sjølv nye moglegheiter: «Poesien gjør det mulig å leve et dobbeltliv, skriver hun/ med sprittusjen, på en dassvegg, et ekko/ en måte å være i verden på/ som har poesien som grunnstein».
Liv, røynd og poesi viklar seg i kvarandre. Det poetiske livet utfaldar seg både i og ved sida av det såkalla vanlege livet. Men dette hadde ikkje vore dikt av Carmona-Alvarez viss dei berre søkte tilhald i éin einaste forklarande kongstanke, for dikt i denne poetens versjon er mangfaldige, gjer sprang og skyt ut i stadig veksande sidegreiner og bilete: «Vi ser etter dikt som får oss til å legge øret/ helt inntil mennesket og høre etter/ dikt som er soveputer, dyner, nattbord/ dikt som kan surres om føttene og kalles sko». Berre gjennom desse få linene ser ein at diktet både er ein forsterkar, gjer oss lydhøyre og får oss til å slappe av, og at diktet er til for å beskytte, brukast og slitast ut.
Kjøtfullt formulert
Jamvel om dikttekstane kryr av referansar til forfattarar, litteratur, mytologi og musikk, tek dei aldri spranget ut i høgttravande og doserande svev. Her blir ein møtt av energiske, kjøtfulle formuleringar vovne inn i biletrike lyriske essay. Den mest eksplisitte poetikkteksten er kanskje den eg har sitert frå her, «Takk for pengene». Kan hende viser tittelen til at poesien ikkje er uskuldsrein og verdsfjern, men plasserer seg midt i den kapitalistiske pengeøkonomien, og at poesien sjølv er eit avdekkingsinstrument som føreser slike kriser: «min jobb/ er å peke og se», skriv poeten.
Boka er innramma av «Den gjennomhullede encyklopedi (Marisol)», eit dikt i to delar som speglar kvarandre i starten og mot slutten av boka, noko som passar bra, sidan det greske ordet enkyklios tyder krins. Diktet skildrar barn og barndom, foreldre og barn-relasjonen som også speglar seg i den heilage familien og i poetens eigen biografi. Her finst også brota og hola, eksilet, ein uhaldbar politisk situasjon prega av vald og forsvinningar. Teksten er sjølv perforert av kvite felt, men gjer likevel det å oppdage likskapar og speglingar til sitt hovudprinsipp – eit av dei mangfaldige poetiske skapingsprinsippa Carmona-Alvarez vedkjenner seg.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.