Poetiske krysspeilingar
Madrid kryssar utvunge mellom dei ulike laga og meiningssjikta som finst i byens overflod av butikkar, menneske, historiske bygningar og minnesmerke.
Sarah Selmer har gjeve ut fleire diktsamlingar sidan debuten i 2000.
Foto: Trude Rønnestad
Dikt
Sarah Selmer:
Madrid
Gyldendal
Tekstane i Madrid bevegar seg gjennom ulike gatetablå i den spanske hovudstaden. Eit utsnitt av eit bybilete fortonar seg ofte flimrande og fragmentarisk, og slik er også førsteinntrykket av framstillingsforma. Lesaren møter eit lyrisk eg som legg ut på vandring frå torget Puerta del Sol og som, til slutt, endar opp ved utgangspunktet. Sirkelen er, kunne ein seie, slutta.
Sprang
Der prosaforteljinga bevegar seg framover, held desse dikta seg heller til fleire moglege himmelretningar samstundes. Ja, her går ikkje vandringa i rett line, eget og tekstane bryt og «bøyer» heile tida «av». Retningsskifta kan kome av stadens utforming, med hindringar og opningar: portar, monument, kryss, gatelaup og torg. Dei sprangvise rørslene kan også tilskrivast at historiske tilbakeblikk vekslar, utan overgang, med synsinntrykk frå notida og med indre refleksjonar og spørsmål.
Madrid kryssar utvunge mellom dei ulike laga og meiningssjikta som finst i byens overveldande overflod av butikkar, menneske, historiske bygningar, minnesmerke og palass som demonstrerer urettvise økonomiske realitetar. Ryttarstatuen av Filip III er til dømes eit historisk minnesmerke og politisk maktsymbol, men deltek også i andre samanhengar: den skulpturelle, arkitektoniske, teknologiske, anatomiske, historiske og så bortetter. Og ryttarstatuen har, i tillegg til dei abstrakte og symbolske laga, ein konkret, stoffleg basis: «raset i den hule hesten, inn gjennom hestens munn.»
Småkaotisk
Trass i at tekstane til Selmer er stramme, både formelt og innhaldsmessig, står dei fram som småkaotiske og stundom vanskelege å orientere seg i. Sjølv om lesarerfaringa mi kan vere ein ønskt effekt, at eg skal kjenne forvirringa det lyriske eget opplever når det krysspeglar seg gjennom den mangfelte metropolen, kan eg likevel sakne større tekstleg variasjon, at brota ikkje berre skjer innanfor dikta, men også mellom dei.
At dikta lèt seg forstyrre og distrahere og verkar å seie mykje om mangt, er intendert og høyrer til stilen. Blant dei tinga eg har sans for hos Selmer, er at dikta freistar å bryte med individualismens atomistiske ideologi og i staden syner individet som ein avhengig relasjon – at individet er avhengig og usjølvstendig, under press både frå makta og frå kjærleiken og saknet etter eit du. Språket, uansett kor monologisk innovervendt det måtte vere, vender seg alltid utover, mot nokon.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.