Presist tidsbilde
Kjersti Ericsson har levd seg inn i krigen sett med okkupantens auge.
Kjersti Ericsson skildrar krigen i eit fiktivt lokalmiljø i Nord-Noreg. Foto: Janne Lindgren / Klassekampen / Oktober
Foto: Janne Lindgren
Roman
Kjersti Ericsson:
Den hjelpsomme okkupanten
Oktober
Kjersti Ericsson har eit omfattande forfattarskap å vise til, i veksling mellom skjønnlitteratur og sakprosa. Ho er professor i kriminologi og har tatt del i ei rad forskingsprosjekt som er materialiserte i fagbøker kring skule, barns oppvekstvilkår, feminisme og krigskvardagsliv. Mykje av dette arbeidet speglar seg også i det skjønnlitterære forfattarskapet, og i årets bok er det krigen i eit fiktivt lokalmiljø i Nord-Noreg som står i sentrum, sett gjennom major Dieter Welsers blikk.
Overtydd nazist
Welser er dimittert frå aktiv frontteneste etter at han blei hardt kvesta under felttoget i Ukraina. No er han sendt til Noreg for å ha oppsyn med bygginga av bunkarar i det tyske forsvarsverket Atlanterhavsvollen. Det er hausten 1943, og vi følgjer han fram til jul 1944.
Welser er lojal og overtydd nazist, men han er ikkje dermed eit vondt menneske, snarare er han ein som vil gjere det beste for sivilbefolkninga gjennom gode handlingar som omfattar å skaffe tannbørstar og demonstrere bruken av dei, åtvare mot sirup på brødskiva, skaffe kjøtpølser til butikken, etablere bordell for å hindre kontakt mellom tyske soldatar og norske ungjenter og frita norsk ungdom frå arbeidsteneste. I det heile tatt har han ein humanitær og sivilisatorisk agenda som skal gjere nordmennene vennlegare stemde overfor okkupasjonsmakta. Men så er det slik det alltid har vore: Vegen til helvetet er brulagd med gode intensjonar.
Ubalanse
Det Welser ikkje ser, er ubalansen mellom okkupant og okkupert. Han ønsker å komme under huda på nordmennene, symbollagt gjennom det svermeriske forholdet til ungguten Terje, og her ser ein at Welser kanskje slit med tunge traume etter det han har sett og opplevd i Ukraina, med massedrap på sivile, nedslakting som ikkje lar seg bortforklare i modellen overmenneske og undermenneske. Alt dette kjem tilbake som flashbackar og mareritt.
Kjersti Ericsson skriv klokt og nøkternt. Ho gir eit svært presist og mangesidig tidsbilde med isfront og stille motstand, med utsvelta russarfangar, tyske raseteoriar og tysk svermeri for Hamsun og det nordiske med Himmlers beundring for bunader og langeleik som bakteppe. Her leverer ho herleg harselas med NS så vel som idiotisk raseforsking.
Welser set sin lit til den tyske propagandaen, og trur fullt og fast på tysk siger sjølv om Stalingrad fell og tyskarane blir pressa tilbake både på austfronten og i Frankrike, og sjølv om Finland fell og Kirkenes blir frigjord.
Sjølvbedraget og naiviteten gjer Welser til eit tragisk menneske – ein Gutmensch, som tyskarane seier ironisk.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her leverer ho herleg harselas med NS så vel som idiotisk raseforsking.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?