Prøysen får ein dag i mårå i litteraturvitskapen
Ei bok om Trost i Takklampa stør synet på Prøysen som samfunnskritisk satirikar og kompetent grenseoverskridande forfattar.
Alf Prøysen framfor ensemblet som spelte teaterstykket på Det Norske Teatret i Oslo i 1963, med mellom andre Sølvi Wang, Rolf Søder og Jack Fjeldstad.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
Sakprosa
Bjørn Ivar Fyksen:
Almuens opera. Om Trost i taklampa og litterære klasseskiller i Alf Prøysens forfatterskap
Gyldendal
Bjørn Ivar Fyksen er litteraturkritikar i Klassekampen og har nyleg teke ein doktorgrad på Alf Prøysens forfattarskap. Som den første og utan å kunna forklara kvifor ingen andre har gjort det. No har han omarbeidd avhandlinga slik at ho skal vera leseleg for eit større publikum, på eit vis som kunne ha gjeve ei forklaring på denne manglande akademiske interessa. Meinte ikkje mange at Prøysen berre laga lågkulturell «litteratur»: enkle viser, som vart del av populærmusikken, og korte folkelivskildrande stubbar? Og ikkje minst, eller aller minst, barnebøker. Ja, og så ei romanliknande bok, Trost i taklampa, som særleg som skodespel og film, og endå meir som musikal, høyrde heime i kategorien folkeleg buskis?
På den andre sida: Etter at Prøysen døydde i 1970, og 68-arane kom til makta, også i akademia, med sine draumar om FOLKET og dyrking av lågkulturen (Fløgstad, men frå ein høgkulturell posisjon), burde vel Prøysen vore verd ein doktorgrad? Kor mange andre har fått reist tre heilfigurstatuar av seg sjølv, pluss byster og relieffportrett? Så eg trur helst det er slump som har utsett doktorgradar om Prøysen.
Sentralt tema
Fyksen har som innfallsvinkel at han ser på Trost i taklampa som tematisk sentral i forfattarskapen, for så å visa korleis dei andre tekstane, visane og stubbane (over 700), særleg i byrjinga, følgjer opp temaa i romanen. For dei som ikkje skulle ha lest i eit av dei 100.000 eksemplara boka vart seld i: Ho skildrar tilhøva i Prøysens heimkommune, Ringsaker, like etter krigen, der det enno var eit husmannssystem. I det heile var Hedmark spesielt og unorsk med rikt jordbruksgrunnlag for storbønder og eit nesten europeisk føydalsystem, der tenande husmenn fekk bu i små knapt raudmåla stuer, mot pliktarbeid og utan rettar. Per Borten fortel at då han tidleg i 30-åra som agronomstudent hadde praksis på ein storgard i Hedmark, vart han forfæld over at jordarbeidarane og husfolket ikkje åt dugurd saman.
Klassesamfunn
Det er dette sjølvopplevde klassesamfunnet Prøysen skriv om, og som Fyksen trekkjer fram og analyserer som litterært uttrykk. Det er eit todelt klassesystem, der tenarane har sitt eige jantestyrte hierarki, som ikkje utfordrar den jordeigande bondens eige overordna hierarki. Systemet er det same som vi finn i engelske TV-seriar som Upstairs, Downstairs og Downton Abbey, seriar som er overraskande populære, også blant sosialdemokratiske nordmenn. Så ein kan spørja: Var det difor, ikkje minst av snobbete og nostalgiske grunnar, at boka vart så populær?
Ikkje den gongen. Fyksen legg hovudvekta på det samfunnskritisk satiriske i boka. Dette var ei tid med flukt frå landsbygda, og difor med aukande mangel på arbeidskraft, der ikkje berre jantelov, men òg romantiserande bondelitteratur, i boka personifisert med den oppstylta diktar Lundjordet, skulle få tenarane og husmennene frå å reisa inn til byen, slik Prøysen sjølv hadde gjort. Hovudpersonen Gunvor kjem attende for å visa seg fram med sjølvstende og byklede, og ho utfordrar bygda og tenarhierarkiet og reklamerer for utflytting. Medan dei som målber bufastideologien, skulelæraren og Lundjordet, vert nokso grovkorna latterleggjorde, nærast som Holberg ville gjort det. Men som Fyksen påpeikar, vert gardeigarane sjølv latne i fred hos Prøysen, som ikkje er revolusjonær i marxistisk forstand. Målet hans er å gjennomskoda dei romantiserande forteljingane om bondejorda, for så å kunna rømma frå henne, ikkje velta om på systemet.
Slike forteljingar kallar Prøysen «bokprat», altså ideologiske førestillingar utan kontakt med den fattigslege røyndomen. Men eit tilsvarande omgrep kan brukast, mildt kritisk, mot Fyksen, nemleg «akademikarprat». Jau, Fyksen har teke ein doktorgrad i allmenn litteraturvitskap, og der skal det vera mykje abstrakt drøs. Men i denne boka, som ikkje skulle vera sjølve doktorgraden, treng vi vel ikkje hjelp frå Bourdieu og Bakhtin for å peika på noko som kvar Prøysen-lesarar sjølv kan sjå? Eg tykkjer òg at uthenting av data frå boka for å visa jantelovens funksjon blant tenarane og husmennene er for stor og langdryg. Faktisk trur eg at dei fleste av lesarane vil koma seg gjennom romanen utan å missa for mykje og utan hjelp av litteraturvitskapen. Som Fyksen sjølv legg vekt på: Prøysen bryr seg ikkje om skiljet mellom høgt og lågt i litteraturen. Der er det ingen grinder som må opnast med grindpengar frå litteraturvitskapens valuta.
Litterær samanheng
Der Fyksen verkeleg gjev hjelp til Prøysen-lesarar, er når han set boka inn i ein breiare litterær samanheng og samanliknar henne med andre litterære verk, særleg andre verk om bondesamfunnet, slike som Bjørnsons bondeforteljingar, Vesaas’ bufastfortelingar og så bortetter. På den romantiske sida. Og motsett, bygdedyrlitteraturen til Tor Johnson og den svenske statarlitteraturen. Og ja, om det skulle vera behov for det, om ein slik skulpturert diktar: Fyksen gjev dessutan gode forsvar for den reint litterære kvaliteten i Prøysens tekstar. Prøysen var ikkje berre ein grisekokk med flogvit, men ein profesjonell forfattar med det grekarane kalla techné.
Så korleis har det gått? I Prøysen-land? Jau, traktorar har erstatta husmennene. Medan kvinnene, som Gunvor, framleis vil reisa inn til byen. Men i dag har det kome ein ny «diktar» og bonde frå fylket, som med stort smil, høg lått og store lovnader vil lokka dei attende til den vedunderlege bygda. Så vil Vedum sigra over Prøysen på Hamarmart’n?
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Prøysen var ikkje berre ein grisekokk med flogvit, men ein profesjonell forfattar med det grekarane kalla techné.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?