Punktum finale?
Datteren er av dei beste bøkene i sekstetten om Neshov-slekta på Byneset.
Den første boka Anne B. Ragde skreiv om Neshov-slekta, kom ut i 2004.
Foto: Lasse Berre
Roman
Anne B. Ragde:
Datteren
Oktober
Romanserien har og har hatt ein sentral plass i norsk litteratur frå langt tilbake. Det er nok å nemne Amalie Skram og Hellemyrsfolket, Olav Duun og Juvikfolke, Sigrid Undset, Kristofer Uppdal og Knut Hamsun. Frå vår eiga samtid: Jon Michelet, Edvard Hoem, Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller og Thure Erik Lund med Myrbråten-kvartetten. Her høyrer også Anne B. Ragde heime med den nyleg avslutta Neshov-sekstetten der Datteren skal vere punktum finale.
Det er ikkje det store hamskiftet i norsk landbruk med mekanisering, omstilling og nye driftsformer som opptar Ragde, snarare tvert imot, for i Neshov-bøkene er det forfallet, avviklinga og nedlegginga som står i sentrum, samtidig som ho tematiserer slektsband, respekt og pliktkjensle mot dei generasjonane som bygde garden og budde der, sett gjennom Torunn, dottera til grisebonden Tor, den siste drivaren. Under eitt dekker serien det første tiåret av 2000-talet og sluttar rundt 2010, når farfaren (eller onkelen) Tormod er 82 og har plass på sjukeheimen med utsyn til den nye flaggstonga på Neshov, ei flaggstong han sjølv har betalt for å få på plass.
Slit
Hos Torunn er derimot ikkje alt på plass. Ho slit med mora, som går av skaftet når dottera vil ta slektsnamnet Neshov, ho slit med ei djup sorg over Margido, den innbarka ungkaren med gravferdsbyrået som ho no driv vidare, ho har dessutan eit uavklart forhold til Kai Roger, som hjelpte henne med stellet av grisene før ho avvikla drifta.
Oppi alt dette driv ho med høgst naudsynt renovering av garden, ho har flust med pengar etter sal av fleire husvære, og pussar opp det eine rommet etter det andre. Rett som det er, må ho innom sjukeheimen og helse på gamle Tormod, han som heile livet har ofra seg for den livsløgna Neshov-slekta levde med: at han ikkje var far til dei tre sønene Tor, Margido og Erlend. I tillegg lever han framleis på den romansen han som tenåring hadde med den tyske soldaten Dieter, familiens store skam.
Detaljorientert
Datteren når aldri opp til den lista Ragde la med Berlinerpoplene, første boka i serien, og heller ingen av dei andre bøkene er der. Eg vil likevel meine at Ragde avsluttar med stil og samlar trådane frå dei andre bøkene, slik at lesaren kan lene seg tilbake og kjenne at det var verdt å vente på siste bok. Ragde har dette detaljorienterte i researchen, og ho er god, til dels svært god og presis, på hundehald, grisestell og stell av lik. Ho har store kunnskapar om design, oppussing og matlaging, til overmål innimellom når den danske delen av familien får utfalde seg i fri dressur, for dei kjem også til Neshov i haustferien. Da er det som vanleg full baluba med pludring om alt og ingenting, og her er vi ved det svake punktet ved heile serien med unntak av Berlinerpoplene: tomgangen, gjentakingane og trivialitetane som står i kø, side opp og side ned.
Men for all del, Ragde har levert.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ragde har dette detaljorienterte i researchen, og ho er god, til dels svært god.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.