Råka av det urøynelege
Utgjevinga av Fantastiske franske fortellinger er ei særleg hending. Det er den fyrste store antologien med franske noveller sidan 1980-talet.
Forteljingar
Kjell Helgheim (red.):
Fantastiske franske fortellinger fra 1800-tallet
Omsett av Kjell Helgheim
Solum Bokvennen
Kjell Helgheim er ein røynd omsetjar frå fransk og russisk. Denne gongen får vi ein fransk bukett vonde blomar med «fantastiske forteljingar», ofte definerte som ein sjanger der fiksjonsuniverset står fram som realistisk, men der forfattaren gjev hint om at ein overnaturleg dimensjon er til stades. Medan andre sjangrar ofte har handlinga lagd til Paris, er vi her oftast i heimsøkte slott i Normandie og Bretagne.
Sjangeren høyrer heime i romantikken, men i dette utvalet, som går frå 1820 til 1890, finst unnatak frå regelen. Seks forfattarar er representerte med til saman 15 noveller: Charles Nodier, Prosper Merimée, Gerard de Nerval, Théophile Gautier, Auguste de Villiers de l’Isle-Adam og Guy de Maupassant.
Lettgøymde gysarar
Guy de Maupassant, som Helgheim har omsett før, er mest kjend. Den paranoide «Le Horla» er obligatorisk i ei samling som denne og var med då Solum gav ut ei liknande bok i 1984, Det grønne uhyret og andre fantastiske fortellinger. Ei novelle av Nerval og ei av Gautier er også med i båe samlingane. Dette valet kan verke litt rart med tanke på alle titlane som er utelatne, den store Balzac er til dømes ikkje med. Når vi knapt har fått ein stor antologi med franske noveller sidan referansesamlinga Frankrike forteller frå 1976 (der alle desse seks forfattarane er med), er Fantastiske franske fortellinger uansett ei særleg hending.
Vi kan glede oss over å sjå «Venus fra Ille» av Carmens skapar Merimée og «Véra» av Villiers de l’Isle-Adam for fyrste gong på norsk. Nokre av dei 15 forteljingane er lettgløymde gysarar, mange er ugløymande soger om kjensler som bokstavleg tala vinn over døden. Skrømt, vampyrar og Satan sjølv dukkar alle opp i samlinga. Maupassants usynlege Horla peikar fram mot Lovecraft og annan moderne skrekk.
Helgheim er røynd i faget og rette mannen til å omsetja desse tekstane frå 1800-talet til moderat bokmål. Det er likevel ting som luggar i denne utgjevinga, for han har ikkje fått kompetent hjelp frå forlaget. Stundom maktar han ikkje å bryte ut av ein fransk språksfære, og særleg omsetjinga av eigennamn er neglisjert. Vi nordbuar ofrar sjeldan vokslys til apostelen Jakob, men han blir ikkje meir nærverande som «Saint-Jacques». Genova får den franske forma «Gênes», medan kanalbyen ved Adriaterhavet vekselvis er kalla Venedig og Venezia. Eg meiner at litterære namneformer har sin rett til å eksistere ved sida av oppslagsformene, men dei kan ikkje alternere i same bok.
Veikskapar
Dei to novellene av Nerval er ikkje rare greiene samanlikna med den «fantastiske» kortromanen Aurélia, som er omsett og studert utførleg av minst tre kjende norske litteraturvitarar. Det er heller Contes cruels (1883) av Auguste de Villiers de l’Isle-Adam som er rosina i pølsa her. Eit kjapt blikk på dei tre «grufulle forteljingar» som er valde ut, vil dessverre også avdekkje veikskapar ved antologien.
Med eitt unnatak har alle «contes cruels» meiningsfylte motto. Dei er skrelte bort i antologien, som heller ikkje gjev informasjon om når novellene er skrivne. Dette kan forklare kvifor ingen i forlaget har fanga opp det umogelege i at helten i «Ønsket om å være et menneske» kan stamme frå ein familie med «flyvere fra Saint-Malo». Ei enkel lommeordbok vil gje hovudtydinga av «pilote» som «los». Om ein blar vidare i novella, ser ein at Helgheim sparer på konfekten i dei lyriske partia: «la mer où le vieil abîme des cieux baignait ses stellaires clartés» blir her eit nokså keisamt hav «hvor himmelhvelvningen badet sin stjerner». I den neste linja møter vi «le Stylite», altså søylehelgenen Symeon, umusikalsk attgjeven som «eneboeren Stylitt», som om Stylitt var eit slags borgarnamn.
Trass i ein del feil må alle vener av fransk litteratur kjenne si gjestingstid og skaffa seg samlinga. Kanskje blir vi lønte med at forlaget og omsetjaren gjev oss ei heilskapleg omsetjing av Contes cruels.
Øystein Tvede
Øystein Tvede har doktorgrad i fransk litteratur og er tilsett som fyrstelektor ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.