Reiseskildring i særklasse
Reise i Polen er reiseskildring og forteljekunst, med eit presist språk, ei klår røyst og eit skarpt blikk.
Alfred Döblin (1878–1957) var forfattar, lækjar og psykiater.
Foto: Pax Forlag
Sakprosa
Alfred Döblin:
Reise i Polen
Omsett av Rune R. Moen
Etterord av Benjamin Yazdan
Pax Forlag
Alfred Döblin, fødd i Szczecin i 1878, var praktiserande lækjar og psykiater og ikkje minst forfattar. Döblin forlét sjeldan Berlin, han likte ikkje å reisa. Så la han hausten 1924 likevel ut på ein to månader lang rundtur i Polen. Eit viktig mål var å skildra det austjødiske, ikkje-assimilerte livet. Reisekassa vart fylt av forlaget hans, S. Fischer.
Reise i Polen er litteratur i særklasse, utan tydeleg plass i det vanlege sjangerhierarkiet. Ho er «litterær prosa» slik Arne Melberg definerer omgrepet: «det är berättarröst och berättarposition som gör prosan litterär» (Att läsa prosa, 2020). På fleire vis er ho ei førebuing av storverket til Döblin, romanen Berlin Alexanderplatz (1929), kjent for skildringar av dei lægste sjikta i Berlin i montasjestil. Rune R. Moen har omsett Reise i Polen til eit norsk som står overtydande støtt på eigne bein, samstundes som røysta til Döblin kling vidare. Det er ein prestasjon.
Åtak på jødar
Ein viktig bakgrunn for reisa til Polen var pogromliknande åtak på jødar i «Scheunenviertel» i Berlin i byrjinga av november 1923. «Her støytte nazismen ut sitt fyrste skrik», skriv Döblin seinare i boka Schicksalsreise (1949). Han ville etter desse valdshendingane læra jødane i grannelandet å kjenna, dei som hadde halde tru, tradisjonar og språk i hevd i lang tid, men som òg var prega av kontrastar.
Döblin vitjar skular, teater, gateliv, marknader, fagrørsler i fleire byar. Polen hadde etter 123 år under Russland, Preussen og Austerrike vunne att sjølvstendet i 1918, og Döblin var oppteken av korleis landet fungerte no.
Han ser det vakre, gler seg over folkeliv, men legg ottesam merke til rasisme og nasjonalisme. Tilhøvet mellom folk og nasjonalstat var ei stor utfordring også for jødane, anten dei såg føre seg ein eigen stat i Palestina eller eit liv spreidd rundt i verda.
Medan han er vitne til lauvhyttefesten i Warszawa, gjer han seg tankar om det at jødane i Polen hadde makta å halda saman i ånda: «De forble et folk, selv om de til slutt ble jaget helt inn i det åndelige og tilsynelatende bare var et trossamfunn. Nå feirer de en naturfest i storbyens mørke bakgårder, ved siden av søppelspann, på balkongene oppe ved taket. Det fremstår som en gest fra en ukuelig masse: på tross av alt!»
Ulik mottaking
Döblin kunne korkje polsk eller jiddisk og måtte lita på ymse reisefølgje som kunne tolka og hjelpa han gjennom kulturelle hindringar. Eit døme er den kaotiske markeringa av forsoningsdagen (jom kippur), der folk kvelden før valfartar til gravstadene, klagar og græt høglydt. Den sekulære Döblin vert nærast skremd av slike gamle seder, av klede, bøner og ritual, og han fer ikkje alltid vørdsamt fram i skildringa av slikt han ikkje skjønar.
Boka vart motteken ulikt, men biletet av austjødisk liv vekte mykje begeistring: «Aldri før har nokon sett og teikna dagens jødiske folk med ei slik impresjonistisk kraft», skreiv filosofen Ernst Bloch i Jüdische Rundschau (sitert etter H. Grabers tekstkritiske utgåve, 1968).
Ein knyter gjerne Döblin til retninga Neue Sachlichkeit. Men hjå den nysaklege Döblin spelar undring, forskrekking, varme og avsky òg viktige roller. Döblin kan gå heilt opp i folk han møter på vegen, som om han ikkje er til stades med sitt eige eg: «De er ikke avsondret fra meg, selv om de går på tre eller fem meters avstand, de trenger frem til meg gjennom luften, lyset bærer alle bort til meg.»
Usystematisk
Systematisk er Döblin ikkje, korkje i vurderinga av Polen som stat eller i folkelivsskildringane. Alt dansar omkring i ei tilsynelatande uorganisert samling notat frå hendingar og møte, avbrotne av forteljingar, dikt og historier han høyrer undervegs. Men det skapar nærleik og ei kjensle av å vera der samen med Döblin. Blikket hans er objektivt, filmatisk, men det har temperament og engasjement. Med stor nyfikne les han til dømes jødisk mystikk og oppsummerer: «Alt betyr noe.»
Sterkast inntrykk på Döblin gjer fattigdomen. Den gjer at han tek avstand frå det nytande blikket til turisten: «Dette er portalen jeg har fått beskrevet som vakker. […] Jeg legger også merke til leiligheten i portalen, menneskene som kikker ut av vinduet der, menneskene i nabohusene! Jammer og elendighet. Og så våger man å snakke om portalens arkitektoniske skjønnhet!»
60 prosent av dei om lag 10 millionar jødane som levde i Europa før 1939, vart som vi veit myrda. Av dei 3,3 millionar jødane, fattige og rike, som budde i Polen, overlevde berre 380.000.
Döblin skildrar med Reise i Polen ei heil verd som vart utsletta. Det åleine gjer boka verdfull.
Christian Janss
Christian Janss er professor i tyskspråkleg litteratur ved Universitetet i Oslo.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.