Rekreasjon og refleksjon går hand i hand hos Henry D. Thoreau.
Klassikar
Henry D. Thoreau:
Til naturen
Omsett av Erik Bystad
Etterord av Thure Erik Lund
Illustrert av Einar Sigstad
Pax
I år er det 200 år sidan filosofen og forfattaren Henry David Thoreau blei født i Concord i Massachusetts. Etter enda utdanning slo han seg ned på heimplassen, og han levde der fram til han døydde av tuberkulose i 1862, 44 år gammal. I løpet av den korte tida han hadde, sette han markante spor etter seg, både litterært og filosofisk, og i dag blir han rekna som ein stor inspirator for den moderne miljørørsla.
Mest kjent er Thoreau for verket Walden – Livet i skogene, der han skildrar tida som einebuar i ei hytte ved innsjøen Walden. Her, tett på naturen, la han grunnlaget for dei filosofiske og sivilisasjonskritiske betraktningane som enno i dag verkar friske, nære og svært aktuelle sett i lys av vår tids urbaniserte jag etter kortsiktig profitt og kunstig stimulans i den digitale verda som har blitt den nye naturen, slik Thure Erik Lund peiker på i eit grundig etterord.
To tekstar
Til naturen består av to klassiske Thoreau-tekstar, Kunsten å gå, på trykk i 1862, men halden som foredrag i 1851, og En vintervandring frå 1843. I begge tekstane møter vi den klassisk lærde vandraren som på sine turar til fots refererer til så vel gresk mytologi, dei gamle pilegrimane, middelalderens vagantar og romantikkens vandrarar. Han leverer sitat frå godt kjente historikarar, botanikarar, filosofar og diktarar, frå oppdagingsreisande og geografar, alt saman samla og plassert i nyttige notar av omsetjaren Erik Bystad som elles leverer ei svært stilsikker og velforma omsetjing av tekstar som er rundt 170 år gamle. Noko tidlaust er det også over illustrasjonane til Einar Sigstad.
Thoreaus ærend er heile vegen menneskets møte med den urørde naturen, og i den grad det finst menneske i denne naturen, glir dei i eitt med omgivnadene, dei blir naturmenneske, slik han skildrar gjeddefiskaren i En vintervandring: «han står der som en lapplender med armene stappet ned i lommene på vadmelsfrakken; tankene hans er ensformige, snøfulle og fiskeaktige, og han er selv som en fisk uten finner, adskilt fra sin egen slekt med bare noen få tommer, stum, opprettstående, skapt til å hylles inn i tåke og snø likesom furutrærne på bredden».
Skarp observatør
Thoreau skriv stemningsfullt og poetisk, han er ein skarp observatør, han tar heile sanseapparatet i bruk, og han kan levere poengterte og ironiske stikk til det siviliserte samfunnet, for eksempel når han samanliknar «pelsjegerens jakke med en stram odør av moskusrotte» med «handelsmannens og den lærdes gevanter» som berre gir assosiasjonar til «støvete butikker og biblioteker».
Ein kan fort plassere Thoreau som romantikar og idyllikar, ein som lengtar bort frå byen og sivilisasjonen, ein som søker innover i eige sinn og som søker sitt eige selskap, ein eremitt og opponent til samfunnet rundt seg. Men ein skal også hugse at Thoreau var ein skarp samfunnsdebattant. Han var knytt til eit intellektuelt miljø rundt Ralph Waldo Emerson, og han skreiv verket Sivil ulydighet som framleis er eit referanseverk slik også Walden er det.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Thoreau skriv stemningsfullt og poetisk, han er ein skarp observatør.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.