Rette hjelpebok i rette tid
Betre kan det vanskeleg gjerast. Hatten av, tommelen opp og flagget til topps!
Sakprosa
Kjersti Marie Rongen Breivega:
Å studere argumentasjon
Fagbokforlaget
Eg trudde ikkje det var mogleg å få ei slik bok i hende, med så klåre, friske blikk på argumentasjon og god skikk i offentleg samvære, heilt utan svampesur moralisme. Denne boka vil alle, i kvardagsliv og offentleg debatt, i krangel over kaffikoppar og andre nytingsmiddel så vel som i alvorlege vurderingar av konfliktar og handlingsval, ha god nytte av. Ikkje for å vinne ordskiftet, men for å forstå premissane for at det utviklar seg.
Breivega går rett på sak. Ho kluntar ikkje til framstillinga med ærbødige bukk til allslags autoritetar. Ho mystifiserer ingen omgrep, men drøftar prosessane i diskusjonar. Eit innleiande oversyn over «det argumentasjonsanalytiske feltet» tek vekk prestasjonsangsten hjå lesaren. Det gjeld om sjølve grunnlaget for demokrati og etikk – men der er fleire vegar til avklaring. Ein verdi ved boka er at det somme reknar som konkurrerande hovudtrendar innafor retorikk og pragmatisk analyse, her tvert om vert gjensidig opplysande tilnærmingsmåtar.
Kva er eit resonnement? Det er å knyte saman overordna og underordna premissar på slikt vis at vi kan etablere ein konklusjon. Breivega tek feste i viktige europeiske tradisjonar i språkfilosofi og handlingsteori for å fjerne seg frå den innelukka teknisk-logiske definisjonsleiken av omgrep og metodar, og konsentrere seg heller om den faktiske, praktiske språkbruken og dei reglane som der dannar seg. Ho syner likefram og overtydande korleis samvirket mellom strukturen i språkbruken og handlingsmåla vi ser for oss, krev ettertanke og analyse.
Boka siktar fyrst mot å gjere lesaren var for sjølve språkbruken, med ordval, struktur, lånte fjør og det heile. Språkvala i argumentasjonen fører til handling, altså står grunnleggjande etiske utfordringar på spel, noko som vert eit hovudtema. Tankegangen vår er jo oftast bunden opp i språkvanar så vel som praksisvanar og -reglar, der avgjerande handling ofte krev brot med vanetenking.
Døma Breivega hentar fram, er opplysande, ikkje keisamt nøytraliserte, dei får fram ulike strategiar i diskusjonane. Berre nokre: oljeboring i Lofoten, synet på muslimske land og Koranen, Sian, bistandspolitikk, språkleg jamstelling – det er uråd med slikt materiale å ikkje skjøne at valet av argumentasjonsstrategi er avgjerande.
Kjersti Maria Rongen Breivega er professor ved Høgskulen på Vestlandet.
Foto: HVL
Vi lyt alle, unge og gamle, kritisk vurdere vår eiga deltaking i verda. Kritisk tenking er ikkje fyrst og fremst å vere skeptisk til utsegnene frå andre, men å vere i stand til å analysere dei og å skjøne kva tid ein sjølv byggjer på sviktande premissar. Sjølvkritikk er vegen til forståing av andre, seg sjølv og den tredje part: det vi talar om.
Måten vi ter oss på og det vi skaper av språkbruk når vi legg fram ei sak, formar truverde og tillit, meir enn personlegdomen. Skjønar vi det, tolkar vi lettare slike framandslege fenomen som Trump, eller for den del kva som skaper mistydingar mellom grannar eller fastbuande og turistar. Vi treng analysere kva vi og andre reknar som sjølvsagde heimlar for å meine noko.
Eit personleg råd eg mest aldri kjem med: Skaff deg boka, les henne, bruk henne. Du vil ikkje angre på å verte klokare.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.