Roskva Koritzinsky vil fange det som ikkje lar seg fange.
Roskva Koritzinsky har ein vilje til å forstå verda.
Foto: Håkon Borg
NOVELLER
Roskva Koritzinsky:
Jeg har ennå ikke sett verden
Aschehoug
Roskva Koritzinsky er ein av dei nye, unge stemmene i samtidslitteraturen, født i 1989 og alt ute med tre titlar, to novellesamlingar og ein roman sidan debuten i 2013. For debutnovellene fekk ho Aschehougs debutantpris, og ho var også innstilt til Vesaas-prisen.
Mange kvalitetar
Eg kan innrømme at dette er første gongen eg les Koritzinsky, men Jeg har ennå ikke sett verden har så mange kvalitetar at eg ser fram til neste bok. Det er noko kompromisslaust i det ho skriv, ei søking etter autensitet, etter noko eigentleg og levande midt i den livssmerta ho formidlar som opposisjon mot overflatisk normalitet. Hos Koritzinskys forteljarstemmer er det ein vilje til å forstå verda, ikkje berre gjennom kroppsleg og konkrete erfaringar, men også gjennom abstrakte storleikar som sorg og kjærleik, der ho heile tida har ei kjensle av at noko glir unna, blir framandt, forsvinn i djupet. Denne lengten etter å gripe substansen i tilværet blir sjølve drivkrafta i tekstane hennar, og skal i siste instans vere grunnmuren i ein sjølvstendig identitet.
Inn og ut av forhold
Denne leitinga etter seg sjølv fører personane til Koritzinsky inn og ut av forhold, og avslutninga av opningsnovella seier det meste: «Hun så dem alle; hun elsket dem; hun visste ingenting om kjærlighet.» I andre tekstar er det berre ei tynn hinne mellom det friske og det sjuke, mellom normalitet og galskap, mellom liv og død: «Fremdeles hendte det at bildene av blod og avrevne kroppsdeler flammet opp i henne, men de sluknet like raskt som de var kommet.»
Seks noveller
Samlinga består av seks noveller: Fem av dei er relativt korte, den lengste er på vel 30 sider. Dette er også den beste; her skriv ei dotter om faren og stemora, og om korleis alt går i oppløysing når faren går ut over den profesjonelle rolla som terapeut. Her, som i andre av novellene, handlar det om å avfinne seg med å vere eit menneske.
Samtidig er det noko som peiker ut over dette, ein uforklarleg instans i livet slik det blir uttrykt i «Fra den andre siden»: «Jeg trodde ikke på Gud; likevel kjente jeg at det fantes en vegg i verden og at når jeg lukket øynene og la kinnet inntil den, hørte jeg dempede lyder fra den andre siden.»
Ein digresjon til slutt: Jeg har set verden begynde, seier Carsten Jensen. Thomas Marco Blatt tenkjer at Slik vil jeg måle opp verden. Roskva Koritzinsky svarer med Jeg har ennå ikke sett verden.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Jeg har ennå ikke sett verden har så mange kvalitetar at eg ser fram til neste bok.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.