Samtiden vil dyra vel. Men det spørs om dei gjer det på ein måte offera sjølve ville kjenne seg att i.
Tidsskrift
Redaktør: Christian Kjelstrup
Samtiden 2–2017
Aschehoug
Samtiden, Noregs største allmennkulturelle tidsskrift, har laga eit temanummer om dyr. Tidsskriftet har eit prosjekt: Det vil bidra til medvitsendring, og deretter samfunnsendring, gjennom å sjå «den andre» – i dette tilfellet dyra, og våre blikk på dei.
Redaktør Christian Kjelstrup opnar med å proklamere kjærleiken sin til elefantar. Elefantane ser han på som vener – og ein et sjølvsagt ikkje venene sine.
Alt her har eg diverre problem. Kjelstrup erkjenner nemleg at han aldri har møtt nokon elefant. Og du kan ikkje vere glad i, eller ven med, nokon du aldri har møtt. Det Christian Kjelstrup er vener med, er altså ikkje elefanten, men førestillinga om ein elefant. Det er jo noko, det òg, men altså ikkje det same.
Empatiske dyr
Kvifor er dette viktig? Fordi det alt er vanskeleg nok for oss, som er menneske, å sjå dyr, som ikkje er menneske, for det dei er, og ikkje det vi trur/veit/ynskjer dei er. Dette er tema som vert problematiserte med eit visst hell i bladet. Biolog Dag Hessen og doktorgradsstipendiat i åtferdsvitskap Magnus H. Blystad skriv om kor mykje vi no veit om evna dyra har til empati og medkjensle. Empati heng saman med stoff vi finn ikkje berre hos alle pattedyr, men alle ryggstrengsdyr, skriv Hessen. Spanande. Bør denne nye kunnskapen om at dyr er meir som oss, få konsekvensar for korleis vi handsamar dyra? Og kva konsekvensar? Forfattarane argumenterer nærast for at di likare dyra er oss, di meir respekt bør vi ha for dei. Hessen hevdar primatutrydding nærmar seg folkemord. Korleis heng dette saman med å respektere dyr – og alt anna biologisk mangfald – for deira eigen verdi?
Oppfølgingsspørsmål
Kor blir det av oppfølgingsspørsmålet? I mitt hovud er det mange spørsmål og meiningar som manglar for at temanummeret skal stå som eit truverdig innspel i diskusjonen. Kanskje ligg noko av problemet innbakt i prosjektet. «Dyrene dør» og «Du lever som før» står det på omslaget, og med det er det slått fast at vi menneske bør ha dårleg samvit for korleis vi behandlar dyr. Ok, men må all bruk av dyr vere fienden?
Journalist Kjetil S. Østli intervjuar WWF-sjef Nina Jensen og NOAH-leiar Siri Martinsen. Her får Martinsen slå fast uimotsagt at «dyr aldri kan bli ’fritt’ i masseproduksjon». Lover som gjev kyr liggemadrassar er prisverdig, skriv Dag Hessen seinare, og konkluderer: «men de forblir altså produksjonsenheter».
Og med eitt er det slått fast at det i seg sjølv er gale at dyr er produksjonseiningar. Er ikkje det verdt å stille spørsmål ved? Er villsauer, som lever flokklivet sitt 360 dagar i året, ufrie fordi dei vert slakta før dei vert gamle nok til å døy av alderdom eller sjukdom? Ja, kyr er glade når dei vert sleppte ut på beite for fyrste gong om våren. Men når hausten kjem og graset i marka er gult, ser ein ikkje sjeldan dei same kyrne stå i kø for å kome inn att i fjøset til saftig silo og lange dagar på liggemadrassane.
Dette er ei røyndomsoppfatning som burde fått plass mellom tidsskriftpermane. Mangelen i dyreutgåva av Samtiden er så openberr at han er keisam, ja mest ein klisjé: Så vidt eg kan sjå, jobbar ikkje ein einaste av skribentane med handtering av dyr til dagleg. Om nokon har erfaring med slikt frå tidlegare, er det ikkje tydeleg i tekstane, som i altfor stor grad ber preg av røyndomsfjern idyllisering der dyr er snille med kvarandre heilt til mennesket dukkar opp som den eigentlege stygge ulven.
Det er som eg må minne skribentane på at dyr drep kvarandre, dei òg. Dei hakkar på kvarandre og stenger kvarandre ute og sender avkomma sine ut i skogen for å klare seg aleine. Smerte er ein del av livet, og det tek ikkje mange sidene før eg lengtar etter eit innslag à la James Rebanks Sauebondens liv. Litt handgripeleg erfaring har aldri skada nokon, og folk med fysisk arbeid kan faktisk òg skrive.
Det blodige unnataket
Det næraste eg kjem eit unnatak, er heldigvis herleg brutalt og direkte: Anine Kierulfs vesle tekst «Den andre duften av skog» er nærast i seg sjølv ein grunn til å kjøpe tidsskriftet. Kierulf har jakta elg sidan ho var ti år gammal, og tek oss med på ei blodig sansereise som ærleg skildrar heilskapen ein jeger er ein del av.
Kvifor er dette viktig? Igjen: Dyr er fysiske, menneske er fysiske, relasjonen vår er fysisk. Produksjonsdyr er komne for å bli. Sjølvsagt skal vi kritisere industriproduksjon og tenke på dyrevelferd, men å byrje diskusjonen med at dyrs eigenverdi gjer det umogleg å drepe dei før dei når naturleg avgangsalder – forpliktar vi oss då til å gje alle sjuke dyr antibiotika og cellegift? – er ikkje å ta verken deira eller vår situasjon på alvor.
Skal vi klare å sjå dyr for det dei er, må vi rett og slett våge å lytte til dei som brukar mest tid saman med dei – ikkje dei som trivst betre i førestillingsverda.
Siri Helle
Siri Helle er journalist og fast
skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane ber i altfor stor grad preg av røyndomsfjern idyllisering der dyr er snille med kvarandre heilt til mennesket dukkar opp som den eigentlege stygge ulven.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?