Skadeskotne
Oda Malmin ser mennesket bak fasaden.
Oda Malmin fekk Aschehougs debutantstipend for romanen som kom ut i 2018.
Foto: Oda Berby
Roman
Oda Malmin:
Skinliv
Aschehoug
Oda Malmin (f. 1987) frå Stavanger debuterte i 2018 med romanen Steinauge, som resulterte i Aschehougs debutantpris og nominasjon til Vesaasprisen. No er ho ute med ny roman, og det talentet ho viste i debuten i form av psykologisk innleving, skiftande synsvinklar og sikker miljøskildring, er framleis den store styrken som ber prosjektet trygt i mål.
Skinliv handlar rett og slett om skinliv, lagt til ei bustadblokk i Oslo der Malmin i vekslande kapittel og i veksling mellom nynorsk og bokmål følgjer livet til tre av dei som bur der: den anorektiske og angstridne studenten Astrid, den politiske oppkomlingen Cecilie og vaktmeisteren Bjørn, tidlegare lærar, etter kvart arbeidslaus. Alle tre slit med eigen identitet, forholdet til omverda og det som definerer dei som individ i eit samfunn.
Naboar
Bjørn har vakse opp i blokka, dei to kvinnene har nettopp flytta inn. Etter kvart blir dei styrte mot kvarandre gjennom tilfeldige møte, korte ordvekslingar, avstandsobservasjonar og tankespinn der dei posisjonerer seg sjølv og dei andre i ulike roller. Ut frå dei opplysningane ein får, anar ein etter kvart at noko katastrofalt vil hende.
Bjørn er tidlegare lærar. I ein gymtime grip han fatt i ein ustyrleg elev og ber han med seg inn i garderoben. Dette blir oppfatta som kroppskrenking. Han blir suspendert, blir frikjent, men er merkt for livet, sluttar i jobben, blir skild og slit i fortsettinga med sosial angst.
Studenten Astrid er i 20-åra, ufokusert i studiet, men desto meir fokusert på seg sjølv, eigen kropp og den angsten og sjalusien ho slit med. Ho prøver å dempe dette med alkohol og ein draum om å reise til Japan og besøke mora, men det viser seg at ho ikkje har billett og kanskje heller inga mor å besøke.
Maktkamp
Cecilie er leiar for politisk avdeling i eit regjeringsparti. Ho er nyleg skild, er på jobb heile tida, anten via mobil eller e-post eller i regjeringskontora, og sonen Edvard på ti år går for lut og kaldt vatn heilt til faren krev foreldreretten.
Oda Malmin jobbar sjølv som kommunikasjonsrådgivar for stortingsgruppa til Ap, og ho kjenner det politiske spelet med maktkamp og sex, intrigar og baksnakking, og det viser seg at Cecilie blir brukt og lurt trill rundt av folk ho ser opp til og stoler på. Politikkens bakside er ikkje spesielt vakker. Via Edvard kjem dei tre i kontakt med kvarandre. Bjørn hjelper guten med lekser, speler fotball med han og byggjer tillit fram til fortida innhentar han gjennom Astrid, som går til mora, og der sluttar det heile utan at vi får vite framhaldet.
Men lesaren er invitert til å tenkje vidare, og denne lesaren tenkjer i retning Vildanden av Ibsen der ei skadeskoten and dukkar og bit seg fast i botngraset…
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skinliv handlar rett og slett om skinliv.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.