Skuld og ansvar
Hanna Dahl skriv med kløkt og innsikt om sjølvforståinga til ein landssvikdømd.
Hanna Dahl har utdanning i språk og litteratur med vekt på Russland og det tidlegare Jugoslavia.
Foto: Julie Pike
Roman
Hanna Dahl:
Kraft
Gyldendal
Da eg for mange år sidan kom til Krødsherad, fann eg til mi forundring ei dansk piratutgåve av Hitlers Min kamp i det kombinerte skole- og folkebiblioteket. Saman med Hitlers manifest låg det stablar av NS-avisa Folk og Land med landssvikoppgjeret som eit overordna tema gjennom heile etterkrigstida fram til avisa gjekk inn i 2004. Eg mistenkte at det gamle NS-miljøet i bygda på denne måten ville markere si uskuld, diskret, men tydeleg nok.
Hanna Dahl går i romanen Kraft inn i NS-miljøet si sjølvforståing etter krigen, og gjennom forteljaren Olav kjem lesaren tett på det tankegodset som motiverte mange ungdommar til å melde seg til tysk frontteneste. Det ideologiske og det rasehygieniske blir dempa ned; i staden er det kampen mot bolsjevismen, kampen for Finland og kampen for Noreg som blir framheva saman med eventyrlysta og spenninga. Men dei langt fleste frontkjemparane var medlemmer av NS, og NS var tufta på antisemittisme og nazistisk ideologi.
Forsoning
Femti år etter krigen prøver Olav å oppsummere sitt eige liv, og han søker ikkje nåde, snarare ei forsoning med seg sjølv og med samfunnet rundt seg: «Jeg antar at jeg leter etter spor av menneskelighet.» Det menneskelege dukkar stadig opp utover i romanen i form av å «øve seg på å være menneske» og i form av å «finne måter å leve med oss selv på» og å «sammenstille en versjon av virkeligheten vi kan leve med». «Du og dine kunne ha vært en av oss», seier han også, «vi var så sørgelig allminnelige» og «vi var disponert for forblindelser». Men han søker inga oppreising, han ber berre om å bli forstått ut frå dei motiva han hadde, og i hans auge var dei heiderlege nok.
Romanen vekslar mellom ei kronologisk framstilling og refleksjonar og tilbakeblikk i ettertid. Stoffet er langt på veg dokumentarisk, gjennom Landssvikarkivet og gjennom litteratur som skildrar Operation Schneehund. Fem norske og ein finsk agent blir frakta med U-711 frå ubåthamna i Kilbotn sør for Harstad til Seglodden i Persfjorden vest for Vadsø for å rapportere om russisk aktivitet på Varangerhalvøya. Det er i midten av april 1945, berre nokre veker før tyskarane kapitulerer.
Blind lojalitet
Oppdraget i seg sjølv er meiningslaust, men dei seks agentane er blindt lojale mot det meiningslause, sjølv om desillusjonen, desperasjonen og uvissa kryp nærare og går dei meir og meir på nervane slik at den indre disiplinen i gruppa blir utfordra og etter kvart bryt saman, før dei ei veke etter at krigen er over, melder seg for norske styrkar i området.
Kor påliteleg er Olav si framstilling; held han dommedag over seg sjølv, eller prøver han å bortforklare? Her løftar Hanna Dahl teksten inn i det tvitydige, og det blir opp til lesaren å dømme, for sjølv om dommen mot Olav blei forkynt 6. mai 1946 og sett til tolv års straffarbeid, så er det dette med krigen og landssvikoppgjeret: Vi blir aldri ferdige med det.
Hanna Dahl debuterte med novellesamlinga Rønneimperiet i 2015, og ho opplevde som debutant å bli innstilt til Brageprisen. Oppfølgjaren Kraft stadfestar det litterære talentet ein såg ved debuten.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kraft stadfestar det litterære talentet ein såg ved debuten.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.