Skuleavis for slukelesing
Teikneserie
Kristoffer
Kjølberg:
Etter leggetid
Gyldendal
Forskinga fortel oss at fritidslesinga er vel så viktig som anna lesing for å utvikle god lesedugleik. Etter leggetid er den første boka i ein ny teikneserie, tiltenkt den såkalla «slukelesealderen». Boka føreset knekt lesekode, men ikkje så mykje lesetrening. Ho høver godt som ferielektyre.
Serien Avisgjengen vert skriven og teikna av Kristoffer Kjølberg. Illustratøren er kjend for eit enkelt og klassisk uttrykk, og for å «bevege seg stilmessig på tegneseriens grunnfjell», slik kollega Lars Fiske uttrykte det i vinnartalen i høve utdelinga av prisen for årets teikneserie til Kjølberg i 2018.
Slik er det også i denne nye serien: Tydelege teikningar, klassiske visuelle effektar og mange handsrekningar til den ferske lesaren. I enkelte oppslag gjer ikkje teksten anna enn å herme etter lydar: dunk, klirr, snafs og glafs. Elles er dialogen kort, klar og gøyal. Inndelinga i åtte kapittel gjer det greitt å ta pausar i lesinga, om det trengst.
Sebastian sit i redaksjonen i skuleavisa og har store planar om å bli berømt krimreporter. Kompisen Glenn, i redaktørstolen, ber han heller om å intervjue lærar Aud, fordi ho fyller 60 år. Fotograf Stine er lojal og einig med redaktøren. Sebastian sovnar demonstrativt over desken, før han legg ut på nattlege reportasjereiser i nabolaget på eiga hand.
Sebastian, Glenn og Stine gjev assosiasjonar til andre venetrioar i barnebokhylla, som Smørbukk, Trond og Bjørg eller Pippi, Tommy og Annika. Både den festlege frisyren og den oppfinnsame tiltakslysta peikar mot eit slektskap mellom Sebastian og sjørøvardottera. Som Smørbukk tek han utfordringar på strak arm. Kanskje har vi med ein ny klassikar å gjere.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde
og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.