Soge frå Sogn
Anne Karin Fonneland skildrar vestlandsk kvinneliv på tampen av 1800-talet.
Anne Karin Fonneland er forfattar, lærar og lyrikar frå Sunde i Sunnhordland.
Foto: Kvinnheringen
Roman
Anne Karin Fonneland:
Sognerosa
Kapabel Forlag
Anne Karin Fonneland har skrive ei bok som tar utgangspunkt i livet til bestemora hennar, Ingeborg Kristine Havneraas, som vart fødd på 1880-talet. Romanen er dikta rundt Ingeborgs liv, frå ho er lita jente til ho giftar seg cirka 20 år gamal.
Forfattaren har brukt historiske kjelder i ei forteljing der det både er autentiske og oppdikta personar og hendingar. Boka skildrar bygdelivet rundt førre hundreårsskiftet i Sogn, først og fremst på Vangsnes og i Balestrand. Livet bestod av tungt kroppsarbeid frå morgon til kveld for både menn og kvinner. Kvinnelivet var dessutan ekstra stridt, med alle barnefødslane som tærte på kropp og sinn. Sjukdom råka og kverka både barn og vaksne. På denne tida var det heilt vanleg å døy av influensa og meslingar i tillegg til den lumske tuberkulosen. Mor til Ingeborg, Brita, er den personen som framstiller dette elementet tydelegast i boka.
Alvor og von
Fonneland har absolutt dette alvoret med, men legg likevel meir vekt på dei lysare og meir håpefulle sidene ved livet, naturleg nok, då det er den første delen av Ingeborgs liv vi får her. Vi følgjer ungjenta først heime på garden i det vesle samfunnet på Vangsnes. Om lag 15 år gamal får ho kome «ut i verda». Ferda går ikkje lenger enn til Sogndal, men opphaldet på «jentekurset» på det som i dag er kjent som Sogndal folkehøgskule, blir skilsetjande for Ingeborg. Ho kjenner det som at ho «blir opna sakte». Her får ho nye vener og låner og les mange bøker. Ingeborg er ei ungjente som hungrar etter meir kunnskap.
Impulsar utanfrå får ho også i Balestrand, som ho vitjar jamleg. Her er turistnæringa på fullt inntog. Både utlendingane og byfolka frå Bergen har andre skikkar og talemål. Balestrand er ein viktig plass for Ingeborg fordi det er der bestevenninna Lovise bur, ei jente som har eit litt vanskelegare utgangspunkt enn Ingeborg i livet: Ho er «uekte» barn.
Noko flatt
Ingeborg kjenner at ho vil noko meir i livet enn det foreldra har fått ut av sitt, med det evige arbeidet på garden og med alle barna. I etterordet fortel Fonneland at slik vart det: Ingeborg Kristine Havneraas skal ha vore den første næringsdrivande kvinna i Sogn og Fjordane.
På framsida av boka er det eit lite portrettfoto av hovudpersonen, og ein kan nesten sjå at ho må ha vore ei bestemt ung kvinne. Denne sterke viljen skriv Fonneland godt fram. Sidan bestemora har sett eit eige merke etter seg i historia, tykkjer eg det er litt synd at Fonneland gir seg før dette tar til. Kanskje vil ho skrive eit band nummer to?
Til å byrje med var boka tung å kome inn i. Familien til Ingeborg har særs mange medlemer, og mange med same namn, slik tradisjonen jo ofte var. At heile soga er fortald i presens, er òg noko som – kanskje motsett av siktemålet – gjer det krevjande å få tak på handlinga. Det blir noko flatt. Nesten alt blir dessutan sagt rett ut her. Ein saknar meir undertekst.
Etter kvart trer likevel først og fremst Ingeborg tydeleg fram som eit menneske med ei levande innside. Portretta av henne og av ei tid som verkar fjern for oss i dag, blir i dei beste delane av boka til levande og rike skildringar med pålitelege detaljar og mykje bakgrunnskunnskap.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.