Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Solid verk om Aleksandr Pusjkin

For fyrste gong har det kome ei bok om diktaren Aleksandr Pusjkin (1799–1837) på norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin i morgonkåpe (1799–1837). Utsnitt av målarstykke av Vasilij Andrejevitsj Tropinin i 1827, eit portrett far til Pusjkin skal ha meint likna sonen mest.

Foto: Wikimedia Commons

7852
20201218

Tak aldri min forstand

Å Gud, tak aldri min forstand!

Då heller tiggarstav i hand

og sekk på rygg eg vel.

Eg deggjer ikkje for mitt vett,

endå det fall meg ikkje lett

å seia det farvel.

Men om så skjedde, og eg enn

fekk vera fri ­– eg la på renn

i skume skogen inn.

Eg kvad i ørsken tankeflaum

og svævdest av i dikt og draum

i flog for våg og vind.

Eg skoda ut mot havsens skval

og inn i himlens aude sal.

Mi sjel i lukke log.

Eg ville vera sterk og fri

lik storm som sopar gjennom li

og feller tre i skog.

Men misser du ditt gode vett,

blir du som farleg pestfengd sett

bak gitter og bak slå.

Der sit du, folk til spott og spe.

I lekkjer må du lide det

eit fanga villdyr må.

Ved natt mitt øyra fåfengt trår

å høyre måltrostsongen klår

og sus frå eik på vang.

Eg høyrer fangars såre mål

og nattevaktmenns skrik og skrål

og hyl og lekkjeklang.

Frå Aleksandr Pusjkin: Min bauta og andre dikt, frå russisk ved Olav Rytter, Det Norske Samlaget 1973

Dette er eit av Pusjkins mørkaste og mest dramatiske dikt. Kan ravande galskap vere den undertrykte sin siste utveg? Omsetjaren har lukkast i å gje att tankane og noko av fridomslengten, villskapen og til slutt den bitre resignasjonen i originalen.

I Russland har diktarar og tenkjarar blitt erklærte sinnssjuke og plasserte i galehus, men da Pusjkin skreiv dette diktet, hadde det enno ikkje skjedd. Ein kunne difor kalle det profetisk.

Audun Johannes Mørch

[Minnesmerket]

Jeg har et minne reist som hender ikke reiser,

Alt folkets sti til det skal stadig tredes opp.

Med hodet trossig stolt alt høyere det kneiser

Enn Alexandersøylens topp.

Nei, jeg dør ikke helt ­­– sant nok, mitt støv forsvinner,

Men lyren gir min sjel et liv i evighet ­–

Og æret vil jeg bli så lenge solen skinner

Om enn blott over én poet.

En gang mitt dikterry om hele Russland bruser,

I riket blir jeg nevnt på alle tungemål ­–

Av slaversønnen stolt, blant finner og tunguser,

På steppen ved kalmykkens bål.

Og lenge vil mitt folk sin kjærlighet meg vise

Fordi en edel drøm min lyre livet ga,

Fordi i hårde år jeg frihet turde prise

Og for de slagne alltid ba.

Ti Herrens ord og bud, o muse, skal du lyde,

Frykt ikke krenkelser, krev heller ingen takk;

Baktalelse og ros skal samme sinn du byde –

Og motsi aldri dårens snakk.

Frå russisk ved Erik Egeberg.

Diktaren er naga av ei uklar visse om at han snart skal døy. Mindre enn eit år seinare blir han drepen. Samstundes veit han òg at han aldri skal døy – heilt. Han er stolt over gåva han har makta å gje alle Russlands folk: Orda er den indre fridomen ingen no kan ta frå dei. Også her har omsetjaren lukkast.

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Erik Egeberg:

Aleksandr Puškin. Russlands store dikter

Solum Bokvennen

Det er eit solid litteraturhistorisk verk Erik Egeberg har skrive. Den russiske nasjonaldiktarens liv og verk blir sett inn i ein brei og forståeleg samanheng. Til slutt får me jamvel eit utval av Egebergs eigne gjendiktingar av Pusjkins poesi.

Pusjkin er eit av verdslitteraturens store paradoks. Denne russiske diktaren, som russarane sjølve reknar som sin aller største, er relativt lite kjend i verda elles. Gigantar som Tolstoj og Dostojevskij var samde: Pusjkin var den største av dei, han var eineståande.

Ein grunn er at Pusjkin i Russland er noko meir enn berre ein diktar. Hans verk og lagnad er ein del av dei sjølve. Dikta kan dei utanåt. I deira eiga historie om Russland, i nasjonalmyten, har Pusjkin ein viktigare plass enn dei fleste tsarane. Ikkje minst Dostojevskij, som heldt ein legendarisk tale under avdukinga av Pusjkin-monumentet i Moskva i 1880, har mykje av æra for at det blei slik.

Ein annan grunn: For å få ein prominent plass i verdslitteraturen må ein diktar utan bakgrunn i eit av dei fremste verdsspråka vere lett å omsetje. Pusjkin skreiv dei fleste verka sine i bunden form. Han skreiv vers der det aldri er tilfeldig kva ord som rimar, og som ofte gneistrar av grammatikk av alle ting. Tolstoj uttrykte undring over kor mykje Pusjkin kunne seie med ei setning på fire ord – fordi han såg og virtuost nytta spelerommet det grammatisk komplekse russiske språket gav han. Vladimir Nabokov sa at Pusjkins vers ikkje kan samanliknast med noko anna, dei kan berre samanliknast med Mozarts musikk.

Kvalitet og mangfald

Egeberg går grundig til verks. I ei kort innleiing fortel han om Pusjkins Russland, korleis landet var organisert, kva klasser og stender befolkninga var samansett av, samstundes er han svært oppteken av å kontrastere dette til Noreg i samtida. Rett nok er dette meint som ei bok om Pusjkin for nordmenn, men stundom blir det kan hende for mykje av det gode.

Forfattaren skriv om Pusjkins ætt, og ho er særs interessant. På farssida stamma han frå ein av Russlands eldste adelsslekter, bojarane. Mora hadde ein enda meir fargerik bakgrunn. Bestefar hennar var ein afrikanar, truleg frå dagens Kamerun, som hadde blitt kidnappa som gut, seld som slave i Istanbul, men kjøpt av den russiske gesandten og skjenkt i gåve til Peter den store. I Russland enda han som general og adelsmann under namnet Hannibal. Litt pussig er det at forfattaren med sine mange referansar til Noreg ikkje nemner at Pusjkin gjennom Hannibals andre hustru var i slekt med den norske Galtung-ætta.

Pusjkins forfattarskap er prega av kvalitet og mangfald, ikkje kvantitet. Talentet kjem gneistrande til uttrykk når han skriv kort, slik Egeberg viser tilfellet er i Dei små tragediane, fire små dramatiske einaktarar der diktaren mellom anna tek føre seg velkjende skikkelsar som Don Juan, den historiske Mozart og hans avundsjuke kollega Salieri. Den historiske romanen Kapteinsdottera er derimot meir på det jamne. Versromanen Jevgenij Onegin blir rekna som Pusjkins hovudverk. Det er så mykje meir enn ei «dobbel historie om ulukkeleg kjærleik», det er mellom anna òg eit verk om litteratur og korleis lagnaden vår kan bli styrt av bøkene me les. Det er jamvel eit verk der aristokraten og duellanten Pusjkin held dommedag ikkje berre over miljøet sitt, men jamvel over seg sjølve. Men kapittelet om Onegin er ikkje det beste i boka.

Fatal duell

Aleksandr Pusjkin hadde eit kort og vanskeleg liv som enda tragisk. Den stundom uvelkomne merksemda frå tsarane og hans eigen ulukkelege hang til hasardspel var to moment som kunne gjere det vanskeleg for han å arbeide. Han var lidenskapeleg og ærekjær, hamna i konfliktar. Intrigane og dei mystiske hendingane som førte til den fatale duellen mot d’Anthes, den franske offiseren som gjorde kur til Pusjkins vakre hustru, har få skildra så nøkternt og smakfullt som Egeberg.

Overtydande er Egeberg ikkje minst når han set diktaren i litteraturhistorisk kontekst. Pusjkin førte russisk versekunst til eit forbløffande høgt nivå, og han blir rekna som grunnleggjaren av russisk drama og prosakunst. Han var eit fenomen, men han oppstod ikkje i eit vakuum. Han hadde djupe røter i den russiske litteraturen som var før han, og i folkediktinga, men ikkje minst i vesteuropeisk litteratur. Fransk påverknad i stil og form ser ein ofte. Det dramatiske storverket Boris Godunov er derimot inspirert av Shakespeare. Nokon elev av romantikaren lord Byron var Pusjkin ikkje, men ofte finn me han i ironisk dialog med sin engelske kollega, som var svært populær i Russland. Heile dette mangslungne stoffet meistrar Egeberg i detalj som få andre.

Vi har mange bøker om russiske diktarar på norsk, men fråværet av ei bok om Pusjkin har vore ein elefant i dette litterære rommet. No er boka komen. Ho vil bli lesen av mange, som ho òg fortener.

Audun Johannes Mørch

Audun Johannes Mørch er førsteamanuensis i russisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Overtydande er Egeberg ikkje minst når han set diktaren i litteraturhistorisk ­kontekst.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis