Som ein bil på tomgang
Ja, Bjørn Lomborg har mykje rett, men no har han skrive det same i 20 år.
Sakprosa
Bjørn Lomborg
False Alarm: How Climate Change Panic Costs Us Trillions, Hurts the Poor, and Fails to Fix the Planet
Basic Books, New York, 2020
Bjørn Lomborg er ein fyr eg har ein viss sympati for, sikkert av di eg møtte han og intervjua han for 17 år sidan, då han etter ein lang prosess endeleg hadde vorte frikjend for skuldingar om ureieleg forsking. Det heile hadde vore ein hekseprosess. Men no kjenner eg på meg at eg har byrja å verta litt lei, ikkje av di Lomborg tek feil, ikkje av di det han har å seia, ikkje er viktig, men av di han gjentek seg sjølv og er overflatisk.
Bodskapen hans er enkel: ja, det at vi går gjennom menneskeskapte klimaendringar, men nei, dei er ikkje særleg farlege, OK, kanskje litt. Men fyrst og fremst bør vi slutta å skremma borna våre, for dei kjem til å verta mykje rikare enn vi og vil ha råd til å førebyggja mot dei eventuelle skadelege endringane som auka temperaturar fører med seg. Og når vi fyrst skal bruka pengar på klima, er det å hjelpa folk i orkanutsette område med å verta rikare og kunne førebyggja eventuelle klimaskadar, mykje meir effektivt enn å kutta CO2-utsleppa i Vesten. I 2013 vart, som vi hugsar, tyfonen Haiyan som råka den filippinske byen Tacloban, utpeikt som endå eit døme på menneskeskapte klimaendringar. Tyfonen drap 1 prosent av folkesetnaden. Då ein like sterk tyfon råka byen i 1912, vart halvparten av innbyggarane drepne. Skilnaden var at menneska no hadde råd til å verna seg. Di betre råd, di betre vern.
På line med FN
Sett på spissen er i grunnen Lomborg på line med FNs klimapanel, som seier dette: «For dei fleste økonomiske sektorar vil påverknadene frå klimaforandring vera relativt små samanlikna med andre påverknader (…), slike som endringar i demografi, levealder, inntekt, teknologi, relative prisar, livsstil, reguleringar, styring og mange andre aspekt av den sosioøkonomisk utviklinga.»
Men ungdomen veit ikkje at FNs klimapanel seier dette, og det er det Lomborg prøver å få oss til å forstå. Han vil ha oss til å fortelja borna våre at det kjem til å gå bra. Eit bilete av ei unge jente som står med ein plakat, summerer opp kor gale Lomborg meiner situasjonen er vorten: «Du vil døy av alderdom. Eg vil døy av klimaendringar.» Nei, unge jenter flest les neppe dei ulike rapportane til FNs klimapanel. Men ein del les nok The New York Times. For ikkje lenge sidan slo dei stort opp at ny forsking synte at i 2050 ville 150 millionar menneske verta råka av høgre vasstand, og at store byar kunne verta utsletta. Dei illustrerte det heile med eit kart der store delar av Sør-Vietnam var utsletta. Men alt i dag ligg store delar av Sør-Vietnam under havoverflata. Dei har bygd dike, på lik line med mange av dei andre 110 millionar menneska som i dag lever under havoverflata.
Inga drøfting
Så ja, borna våre treng å høyra at det ikkje vert på langt nær så gale som mange medium og aktivistar vil ha det til at det skal verta. Men eg tviler på at Lomborg er i stand til endra sinnet og tenkemåten til særleg mange. Nei, bodskapen er ikkje ny, og mykje av det han seier, er rett, jamfør FNs klimapanel. Men om noko har han med åra berre vorte meir og meir insisterande. Kva vi trur skjer i framtida, avheng mellom anna av kalkulasjonsrente, som samfunnsøkonomar nyttar når dei skal rekna om kostnader eller vinstar i framtida til noverdi. Set vi kalkulasjonsrenta høgt, bør vi skubba tiltak fram i tid; set vi henne lågt, bør vi gjera meir no. Dette er heilt banal samfunnsøkonomi som vert diskutert i alle samfunnsøkonomisk analysar. Kva skal diskonteringsrenta vera? Lomborg drøftar ikkje slikt. Han meiner det er heilt innlysande at diskonteringsrenta skal vera relativt høg, sidan verda før har hatt høg velstandsvekst og dimed vil få det i framtida.
Denne trua på framtida gjev også den paradoksale effekten at dei klimatiltaka vi alt har gjennomført, og som Lomborg meiner er feil, relativt sett vert dyrare om vi ikkje får den veksten Lomborg trur vi får. Og motsett: Om vi i alle høve vert så rike, ja, så kan Noreg berre kutta ut all oljeproduksjon her og no. Ja, borna våre taper kanskje nokre prosent på det, men kva gjer det når dei likevel vert steinrike?
Eg veit sant å seia ikkje kven som vil ha glede av denne boka. Alle som kan litt om klimapolitikk, vil finna boka nokså banal, påståeleg og lukka. Og alle som er verkeleg urolege for klimaendringar, vil fort gå lei av å verta utpeikte som idiotar. Den største verdien er nok at boka kan nyttast som eit oppslagsverk over mykje av det våset som har vorte sagt og skrive opp gjennom åra. Fyrste gongen eg møtte Lomborg, hadde vi ein triveleg samtale. No lyt eg vedgå at eg ikkje har særleg lyst til å møta han igjen.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg veit ikkje kven som vil ha glede av denne boka.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.