Sommarminne
Moldovske Tatiania Tibuleac skriv ømt og direkte om det vanskelege.
Tatiana Tibuleac debuterte med ei novellesamling i 2014.
Foto: Camino Forlag
Roman
Tatiana Tibuleac:
Sommeren mamma hadde grønne øyne
Omsett av Sindre Andersen
Camino Forlag
Tatiana Tibuleac (f. 1978) er fødd og oppvaksen i Moldova, men har sidan 2008 budd i Paris. Ho har bakgrunn frå aviser og TV, men frå 2014 har ho også fått eit namn som forfattar, særleg etter den første romanen Sommeren mamma hadde grønne øyne, utgitt i 2017 og omsett til fransk og spansk og undervegs til fleire europeiske språk. Ho skriv på rumensk, som er hovudspråket i Moldova, ved sida av russisk og ukrainsk. For den andre romanen sin, Glasshagen, fekk ho i 2018 EUs litteraturpris, som Noreg har fått fire gonger mellom 2009 og 2020.
Handlinga i Sommeren mamma hadde grønne øyne utspeler seg nokre sommarmånader i ein liten fransk landsby der ei mor og sonen Aleksy vil bu den siste tida den kreftsjuke mora lever. Dei kjem frå Fattig-London som første- og andregenerasjons innvandrarar med slekt i Polen og Ukraina, og kjensla av å vere annleis, både i språk og kultur, pregar dei til ein viss grad, men ikkje verre enn at dei fort tilpassar seg landsbyens kodar og uskrivne reglar. Det heile er fortalt i ettertid gjennom Aleksy, lenka til ein rullestol etter ei bilulukke. Han har slått gjennom som verdskjend biletkunstnar, og nokre av biletmotiva kan knytast til den siste sommaren mora levde.
Det er to skadeskotne individ vi møter; mora er skild frå ein valdeleg og forfylla mann, Aleksy slit med å finne seg sjølv i sorg over den døde søstera Mika. Dessutan er forholdet mellom mor og son ganske betent, og betre blir det ikkje når Aleksy må stå over ein pubertal heisatur til Amsterdam med to kompisar.
Likevel finn dei på ein måte saman denne siste sommaren, og sjølv om begge slit med rus og nervar, får dei også fine dagar der det vonde og vanskelege blir lagt bort til fordel for ein tur til havet, ein dag ute i ein solsikkeåker, kveldar i hengekøya ved huset der mora «lå våken mens hun fingret med himmelen som med en stor dataskjerm».
Språket er kontant og med høg temperatur, og det vekslar mellom det ekstatiske, hallusinatoriske og det jamt forteljande i ei delvis kronologisk framstilling der ein bit seg merke i original og fantasifull biletbruk. Tematikken innbyr til det vemodige og melankolske, og det som låg an til å bli eit bittert oppgjer, blir tatt ned til eit varmt og finstemt minne kring dei skjøre banda mellom ei mor og ein son som må ta ansvar for kvarandre og hjelpe kvarandre gjennom den sommaren mamma hadde grøne auge.
For dei fleste er Moldova ein kvit flekk på kartet, men omsetjaren Sindre Andersen har skrive eit etterord som plasserer landet i ein større samanheng, historisk, språkleg og litterært, og for det nyoppretta nisjeforlaget Camino er nettopp dette noko av målsetjinga: å finne dei kvite flekkane på kartet, å utvide horisonten.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språket er kontant og med høg temperatur.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.