Songar utan song
Fleire av songtekstane til Saabye Christensen er reint ut rørande, og det manglar heller ikkje humor, skriv Ragnar Hovland.
Då Norsk Utflukt lanserte eit nytt album 4. mars 2002: F.v. Espen Fjelle, Baard Slagsvold, Lars Saabye Christensen, Tore Wildhauer og Kåre Virud.
Foto: Gitte Johannessen / NTB
Songtekstar
Lars Saabye Christensen:
Blues for en av de dagene (Saabyes sanger)
Cappelen Damm
Eg kan ikkje slå fast kor og når det heile begynte. Men eg har ei slags førestilling om at ein finn starten i New York ein gong på 1950-talet, der dei legendariske beatpoetane las beatdikta sine mens kjende jazzmusikarar spelte på instrumenta sine.
Omgrepet «jazz og lyrikk» var uansett skapt. Eg kan heller ikkje slå fast absolutt sikkert kven som var først ute med desse greiene her til lands, men den første eg kjenner til, er iallfall Jan Erik Vold med Jan Garbareks kvartett.
Litterær legende
Lars Saabye Christensen er ei litterær legende her i landet, og han har til og med klart å bli folkekjær, både som høgt prisa romanforfattar, lyrikar og som opplesar til musikk.
Hos Lars Saabye Christensen (som vi frå no av vil kalle Saabye) begynte det med ein brukt akustisk gitar og ein trong til å skrive eigne songar, på engelsk, inspirert av idol som The Beatles, The Doors (og då særleg poet og front- og villmann Jim Morrison) og ikkje minst dei store bluespoetane med Willie Dixon i spissen. Eg vil tippe at han i desse åra med gitaren også song dei songane han skreiv. Det slutta han med, noko eg kjem tilbake til.
«Blues på norsk viste seg så å bli starten på prosjektet Norsk Utflukt, og resten er på sett og vis historie.»
Blues på norsk
Den eigentlege musikalske karrieren til Saabye begynte med at han gjendikta nokre bluestekstar i tidsskriftet Vinduet. Kort tid etter fekk han ein telefon frå bluesmannen Kåre Virud (som før dette hadde samarbeidd med Jan Erik Vold om Bob Dylan), som gjerne ville bruke desse tekstane.
Blues på norsk. Dette viste seg så å bli starten på prosjektet Norsk Utflukt, og resten er på sett og vis historie. Ei historie som har halde fram til i dag, og som endeleg har munna ut i denne boka, som skal vere ei samling av absolutt alle songane/songdikta som Saabye har skrive, for sine eigne prosjekt og for andre artistar. (Dronning Mauds Land, Vamp, Maj Britt Andersen.)
Saabye har samarbeidd med nokre av landets aller fremste musikarar (nemner i fleng Stian Carstensen og Knut Reiersrud) og i seinare år har han vore mest aktiv i gruppa Buicken, saman med bandleiar Tom Stalsberg, dei før nemnde Carstensen og Reiersrud, Mathias Eick og Amund Maarud. Og dei har turnert inn- og utland og strand rundt, og vel så det. Saabye les, i sin karakteristiske stil, og musikarane gjer det musikarar skal.
Ein kjettersk tanke
Lagnaden greip inn og ville at same kvelden som eg begynte å skrive dette, viste NRK eit fint portrett av Lars Saabye Christensen med innslag frå dei ymse prosjekta hans. Og sjølv om eg likte programmet godt (som eg også liker forfattaren), så slo den kjetterske tanken meg (og eg har også tenkt den før): Er ikkje dette eigentleg litt monotont? Ein fyr som sit i ein stol og les (og han les godt, for all del!) med nokre framifrå musikarar som speler blues i bakgrunnen?
(Og vi må vel berre vedgå at blues i sin natur er ein monoton musikksjanger, sjølv om det er fint å høyre på og eg sjølv er glad i blues.) Kor forfriskande er det ikkje då å finne tekstane skrivne til Maj Britt Andersen, som har ei av dei finaste og varmaste norske songrøystene, framførte saman med Kringkastingsorkestret. Her kjem dei verkeleg til sin rett.
Ved sida av romanskrivinga har lyrikken og songen vore ein raud tråd gjennom forfattarskapen til Lars Saabye Christensen.
Foto: Lina Hindrum
Spørsmåla måtte stillast, det var no eg hadde sjansen, men så kjem vi endeleg til tekstane som er samla i denne boka. Kor gode er dei, ståande åleine på 295 boksider? Å jo, dei står seg godt. Dei fleste av dei. Nokre av dei ser ikkje ut som typiske songtekstar, og kunne nok stått i ei «vanleg» diktsamling (og ei lita handfull har vel også det, slik som klassikaren «Gutta»?), mens andre har det som skal til av både rim og rytmar, og det som ein litt vagt kan kalle det «songbare».
I bluesuniverset
Mange av dei held seg godt innanfor bluesuniverset (som i «Skralle tider»), dama har reist, ein sit åleine igjen, vennene er òg borte, og det ein har att, er ei flaske og eit hotellrom. Men mange av tekstane fortel interessante historier om stort sett triste lagnader. Og poeten/songaren er ofte med, der han vandrar rundt i Oslo by eller er på turné for Norsk Forfattarsentrum og sit på eit stussleg hotellrom nordpå og føler for å tømme minibaren, eller i USA saman med musikarkollegaer.
Ein finn att tema som Saabye er kjend for, spesielt melankolien, som av og til går over i rein tristesse. Kor blei det til dømes av tida som var, og av alle dei gamle vennene?
Fleire av tekstane er reint ut rørande, og det manglar heller ikkje humor, om nokon skulle få inntrykk av det.
Ei innvending kan vere at nokre av tekstane er ganske like kvarandre, men også det toler ein godt. Og svakast er nok poeten når han prøver å skrive politisk.
Som eg vel kan ha antyda tidlegare, så skulle eg ønskje at Saabye ville syngje sjølv, iallfall innimellom. Eg trur han ville klare det. Men ein får berre respektere at han har valt å ikkje gjere det.
Og så vil eg gjerne avslutte med nokre beundringsverdige linjer frå to forskjellige dikt:
Jeg hører noen komme opp trappa
Men det er bare tida som går
(«Tida som går»)
Du skal ikke snu alle steiner
Du skal ikke åpne hver dør
For når du har snudd alle steiner
Da er det for sent å snu
Og under den siste steinen
ligger ingen andre enn du
(«Alle steiner»)
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.