«Språklege overraskingar i nesten kvar line.»
Kristina Lugn var både lyrikar og dramatikar. Utgjevingane Hei så lenge, ha det bra! og Slett ikkje verst er komne ut etter at ho døydde i 2020.
Foto via Wikimedia Commons
Dikt
Kristina Lugn:
Hei så lenge, ha det bra! // «Slett ikke verst»
Gjendikta til norsk av Camilla Groth
Cappelen Damm
Heimlaus og forlaten i Folkhemmet
Språklege overraskingar finst i nesten kvar line hos Kristina Lugn.
Etter at den svenske lyrikaren Kristina Lugn (f. 1949) døydde i 2020, kom det to posthume utgjevingar: Hei så lenge, ha det bra! i 2023, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Og i 2022 kom Slett ikke verst, som samla etterlatne dikt og skisser. Desse har Camilla Groth gjendikta til eit svært kvikt og direkte språk, heilt i tråd med Lugns poetiske stil. Lugn skriv ein livleg, rå, beisk og leikande poesi som det er ei stor glede å lese. Overraskingar finst i nesten kvar line.
Lugn fører vidare arven etter den svenske 60-talskonkretismen, med poetar og forfattarar som Sonja Åkesson, Jarl Hammarberg og Erik Beckman. Lugn var ein skikkelse i svensk ålmente og blei og er ein folkekjær poet. Ho skreiv også ein del dramatikk, oppført på det vesle Teater Brunnsgatan Fyra som Allan Edwall dreiv, og som Lugn seinare leia.
«Poesien rommar store kontrastar og brå kast.»
Om det er noko som heimsøker båe desse diktbøkene, er det døden, i alle fasettar. Hos Lugn representerer døden eit utal vekslande tydingar, frå å vere svært angstskapande og skremmande til noko nesten kjærleg eller burlesk: «Det fins en De Døde mammaenes lekeplass/ nord for kirkegården, en fornøyelsespark/ rett ved siden av skyttergravene, et ødelagt tivoli/ der alle barna får fribilletter.»
I eit opplysande og poengtert etterord kallar Camilla Groth poesien til Lugn for «kjøkkenbenkrealisme» og peikar på kor sentralt huset, heimen, ja, «folkhemmet» er som konkret og metaforisk utgangs- og referansepunkt i desse to diktbøkene. Og som med døden blir desse omgrepa nytta i ei rekkje ulikarta og kontrastrike tydingssamanhengar, både som klaustrofobisk kvinnefengsel og stad for eksistensielle grubleri. I strofe to i diktet sitert ovanfor står det: «Kjærligheten evner overhodet ingenting/ om den ikke iverksettes./ De hjemløse sier aldri/ at jorden er menneskets hjem.»
Kristina Lugns poesi verkar som eit oppkomme av treffande enkeltformuleringar. Poesien hennar rommar store kontrastar og brå kast, han går frå det humørfylte og satiriske til det alvorlege og såre, for så å slå over i det beiske, brutale: «Den kommende tidens/ tunge åndedrett høres langsomt/ gjennom hverdagssyslene. Hjemme hos meg/ setter et barn seg fast i slåmaskinen».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.