Stilige essay
Yoko Tawada tar lesaren med på ei etymologisk reise mellom fleire språk.
Yoko Tawada skriv både dikt, romanar og essay. Ho er busett i Berlin og skriv på både japansk og tysk.
Foto: Wikipedia
Essay
Yoko Tawada:
Uten aksent
Omsett av Arild Vange
Solum Bokvennen
Japansk-tyske Yoko Tawada (f. 1961) blei presentert på norsk første gongen tilbake i 2007 i ei omsetjing ved Geir Pollen. Seinare har Arild Vange levert ei omsetjing i 2010, og i 2020 kom romanen Sendebudet, omsett av Tara Ishizuka Hassel.
Tawada er med andre ord ikkje heilt ukjend her til lands, når Arild Vange no kler den spenstige essaysamlinga Akzentfrei (2016) i norsk språkdrakt, Uten aksent.
Fleirspråkleg nett
Yoko Tawada har budd i Tyskland sidan 1980-talet. Ho skriv på både tysk og japansk og har skapt seg eit skriverom mellom dei to språka. «Er du et annet menneske når du snakker tysk?» får ho spørsmål om, og Tawada kontrar: «Hvis man hadde fått en personlighet i tillegg når man lærer et annet språk, måtte en som snakker fem språk, hatt fem personligheter.»
I staden snakkar ho om «et flerspråklig nett» der ho kan fange historiske, kulturelle, lingvistiske og etymologiske skilnader og likskapar mellom den japanske og den vestlege tale- og tenkemåten, og dette gir både morosame og overraskande perspektiv som igjen kan koplast opp mot migrasjon, røter og rotløyse og det å slå rot på ein ny heimstad, i eit nytt heimland.
Som eksempel viser ho til syltrosene på øya Sylt i Friesland, ein rosesort med opphav i Japan kalla hamanasu. På tysk fekk rosesorten namnet kamtsjatkarose, etter halvøya Kamtsjatka nord for Japan på det eurasiske kontinentet, og når Tawada undersøker saka nærare gjennom ei etymologisk reise, viser det seg at rosesorten har vendt tilbake til Japan under eit anna namn. Ho kan konkludere med at «menneskehetens viktigste arv består av språkene med alle sine ulikheter.»
Fagleg tyngd
Tawada skriv lett og elegant og med glimt i auget, subjektivt og personleg med fagleg tyngd samtidig som ho flettar inn digresjonar og avsporingar i mange ulike retningar. Ho taper likevel aldri tråden og den grunnleggjande strukturen i tekstane.
Ho skriv om mat, språk, litteratur, datateknologi, om eventyrsamlarane Jacob og Wilhelm Grimm og om isbjørnen Knut (2006–2011) som blei avvist av mora. «Hun skulle ha mistet morsinstinktet fordi hun arbeidet i et sosialistisk sirkus.» Eller også: «Hans kjødelige mor skal straks ha merket at han hadde en defekt hjerne og derfor avvist ham.»
Vidare skriv ho høgst leseverdig om gråtens kulturhistorie med utgangspunkt i samuraikulturen, moderne animasjonsfilm og robotar som græt, lett og leikent og med ein logikk lesaren straks kjøper.
Ho avsluttar med eit essay om Roland Bartes og eit om Claude Lévi-Strauss, desse to bautasteinane som har vore med og forma oppfatninga vi har av språk og samfunn, ikkje minst Yoko Tawadas eiga oppfatning, som kjem til uttrykk i ei essaysamling som er verd meir enn dei kronene ho kostar.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Yoko Tawada skriv lett og elegant og med glimt i auget.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.