JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Stilsikker finsk romandebut

Minna Rytisalos debutroman er stilsikker og gripande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Minna Rytisalo (f. 1974) er finsk. Ho arbeider som finsklærar i den vidaregåande skulen og er litteraturskribent.

Foto: Marek Sabogal

3508
20180525
3508
20180525

Roman

Minna Rytisalo:

Lempi

Omsett frå finsk av
Turid Farbregd
Pax forlag

Det er sjeldan ein les eit så gjennomført og sikkert stykke tekstarbeid frå ein debutant. I eit poetisk og likevel konkret språk er det både ein kjærleiksroman og ei kriminalgåte som faldar seg ut for lesaren i Lempi. Forteljinga om kvinna som har gitt namn til romanen, får vi gjennom tre ulike personar som stod henne særleg nær nokre hektiske månader i 1944 og 1945, under den finske Lapplandskrigen.

Denne krigen var svært dramatisk for folk i området. Hovudstaden Rovaniemi brann ned, ein tredel av bustadhusa i området vart øydelagde og minst 100.000 menneske vart sende på flukt.

Badstovebad og erotikk

«(…) og vi var vann og himmel, sammenfiltrede bjørkekvister duvende i felles rytme.» Orda er lagde i munnen på den første forteljaren i boka, den unge bonden Viljami. Han og Lempi møtest ved eit tilfelle, og det er kjærleik frå første augekast. Dei trassar klasseskilnad og krig, gifter seg og flytter raskt til den vesle garden hans ved innsjøen. Der skal Lempi leve eit liv ho verken var etla til eller budd på – eit bondekoneliv på eit lite bruk, med alt slitet og strevet det inneber.

Men Viljami har vore føresjåande og skaffa ei hushjelp som er langt meir røynd med slikt arbeid. Han synest han har stelt det godt i stand for seg og kona, og for garden. Blikket er nok litt sløra av elsk, dei nygifte er stormforelska og lever ut erotikken både på soverommet og i dei naturskjønne omgjevnadene. Lesaren anar etter kvart at den tredje bebuaren på garden òg er fylt av sterke kjensler. I neste bolk får vi vite meir om dette. Då er det ho – «hjelpejenta», som ho vert kalla – som kjem til orde. Knuten strammar seg gradvis til rundt desse tre.

Ei anna trugande sky, som stadig rykkjer innpå, er krigen. Det storpolitiske er først eit litt fjernt bakteppe for dramaet, men blir gradvis meir bestemmande for kva som hender. Romanen gjev inntrykk av eit autentisk bilete av samfunnstilhøve og mentalitet i tida, og eit ekte feste i det lapplandske og finske – både i språkføring og miljøskildring.

Eit spel for tre stemmer

Dei tre forteljarstemmene står kvar på sin måte i relasjon til kvinna som alt krinsar om, men som ikkje sjølv kjem til orde. Lempi er og blir ei gåte. Lokkande og taus er ho eit fråvær som syg alt til seg, ei viktig kraft også for det forteljartekniske. Rytisalo lukkast i å komponere historia med tre like forskjellige som truverdige stemmer. Det er eit krevjande grep som i beste fall fører til at ei forteljing verkar slik gode soger kan: Ho minner oss om at sanninga alltid er subjektiv.

I den tredje delen blir perspektivet løfta vekk frå vesle Lappland og lenger ut i verda, og vi ser meir av det storpolitiske spelet. Perspektivutvidinga gir òg viktig innsikt i korleis kjønnsroller og andre samfunnstilhøve styrer liva til personane. Samstundes får vi nok ei kjærleikshistorie, av eit heilt anna slag.

Når vi kjem til den siste scena, har vi nok forstått korleis det kjem til å gå, korleis det måtte gå. Enda eit element som gjer boka til sterk lesnad, er nemleg at ho har islett av eit skjebnedrama. Ein les med hjartet i halsen – og inniblant med tårer i augo.

Eg kan ikkje skjøne anna enn at omsetjinga må vere god. Språket har innimellom ein litt arkaisk klang, men det er ikkje noko minus her.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Lempi er og blir ei gåte.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis