Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Superior klippfiskbok

Eventyret om klippfisken er ei imponerande og ambisiøs bok.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tørking av klippfisk på berga i Kristiansund i 1947.

Foto: Per Bratland / Aktuell / NTB

5129
20201030
5129
20201030

Sakprosa

Karsten Alnæs:

Eventyret om klippfisken. En norges- og verdenshistorie

Kagge Forlag

For mange år sidan intervjua eg ein veteran innan lakseforskinga, Hans Nordeng. «Eg e laks», kauka Nordeng i rein, fagleg begeistring.

Karsten Alnæs er torsk. På dei første sidene av fembandsverket Historien om Norge skriv han om korleis torsken hjelper ein utsliten, skinnkledd flokk til å bli dei første nordmennene. Torsken har fortsett med å hjelpe oss sia. Denne samanhengen har Karsten Alnæs formidla i mange tiår, både i skjønn- og faglitteratur. Forfattaren har tjukke slektsrøter på Nordmøre og Sunnmøre. Dette er episenteret for temaet i den nye boka hans: klippfisken.

KJENDISEN

Alnæs siterer kokken Odd Ivar Solvold på at klippfisken er vår største internasjonale kjendis. Klippfisk blir ete i mange land, på eit utal forskjellige måtar, og vi eksporterer for godt over fire milliardar kroner i året.

Svigerfar min bur i Porto. På supermercadoen der heng det bukbreie flak med klippfisk i lange rekkjer, sorterte etter kvalitet og opphavsland. Stort sett handlar det om Noruega. Portugal har vore den største kjøparen av norsk klippfisk sidan 1909, melder Alnæs, og han forklarar korfor. Det dreier seg i stor grad om kvalitet, som er eit omgrep med ulikt innhald frå land til land. Verdas fjerde største kjøpar av klippfisk, Angola, vil heller ha sei enn torsk, for seien er passe stor og passe grå og passe smakssterk for angolanske ganar.

Det er stor sjanse for at klippfisk hamnar i ein munn som snakkar portugisisk. Portugal, Brasil og Angola er tre av dei fire største kjøparane. Den fjerde er Spania, som helst vil ha islandske kvalitetar. Superior, naturlegvis.

BACALAO ER TORSK

Klippfisk er eit trekanta torskeflak utan hovud, etter at fisken er flekt (kløyvd), utbretta, salta og tørka. Lange, brosme, sei med fleire kan òg brukast. Men det er torsken som dominerer, både i historia og på fiskevekta, som viste ein eksport på 91.800 tonn i fjor. Ikkje så rart, når 78 prosent av alle portugisarar et klippfisk på julekvelden. Sjølv et vi latterleg lite. Og da helst som bacalao i «den norske Kristiansunds-varianten», etter tradisjonen innført av spanske sjøfolk. Altså ei gryte med klippfisk, olivenolje, soltørka tomatar, poteter og diverse anna.

Torsk er bacalao på spansk og bacalhau på portugisisk. Derfor blir det lett forvirring når nordmenn på sydentur trur dei har bestilt «Kristiansunds-varianten», men i staden får servert éin av eit utal torskerettar som ikkje liknar det minste på bacalao. Alnæs oppklarar forvirringa og viser mangfaldet.

EVENTYR OG FAKTA

I historisk samanheng er vi somlepavar når det gjeld klippfisk. Portugisarane starta produksjonen 300 år før oss. Men tørrfisk hadde vi greie på (torsk betyr «tørr fisk», skriv Alnæs), og da klippfisken tok tak på 1700-talet, vart det fort fart i sakene.

Karsten Alnæs spenner opp eit stort historisk og geografisk lerret. Det rommar fisken og fisket og fiskarane og fiskebåtane og fiskeripolitikken, men òg alt rundt: klippfisken i arbeidsliv og folkeliv og litteratur og religion og kvardag og høgtid og kunst og kommers. Dette står godt til tittelen på boka, som lovar mykje: Eventyret om klippfisken. En norges- og verdenshistorie.

Til å begynne med er eg litt i tvil om det med eventyret, for stimen av fakta kan bli ganske tett. Men så kjem dei smygande, småstubbane og sitata og overraskingane, og gir sprellande liv til framstillinga.

«Klippfiskkjerringa» er ein høgt elska statue i Kristiansund, skapt av Tore Bjørn Skjølsvik. Ho er symbolet på klippfisknæringa her til lands, i den lange tida da kjerringar og ungar la fisken ut til tørk på klippfiskberga.

Mørebyane konkurrerte hardt. Kristiansund var i føringa, Ålesund halsa etter og Molde ramla fort av. No er Ålesund klippfiskbyen, etter at sunnmøringane var først ute med tørking innandørs frå 1920-talet.

Men det er Kristiansund som har kjerringa og museet og festivalen. Og hugsar eg ikkje heilt feil, så har Karsten Alnæs vore dommar i bacalaokonkurransen under Klippfestivalen i sin andre heimby.

Elles blir det produsert klippfisk i mindre mengder frå sør til nord i landet.

DON QUIOTES KLIPPFISK

Eventyret om klippfisken er ei imponerande og ambisiøs bok. Nokre stader står kanskje ambisjonane i vegen for eventyret. Det kan bli litt for lange sitat og litt for mange detaljar. På den andre sida er mange av sitata og detaljane kostelege – som når Don Quiote får servert skral klippfisk i romanen til Miguel de Cervantes.

Boka er positivt prega av omfattande arbeid med talrike kjelder, og Alnæs er raus med rosen til gode hjelparar. Fremst blant dei er Odd Williamsen ved Nordmøre Museum, som òg er ein klippfiskmann av rang.

Arbeidet må ha pågått gjennom lang tid, likevel finn eg berre nokre få eksempel på manglande oppdatering. At Averøy blir plassert i Kristiansund, er truleg meir irriterande for Alnæs enn for lesaren.

Eg har lært mykje av denne boka.

SVEIN SÆTER

Svein Sæter er forfattar
og frilansjournalist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka er positivt prega av omfattande arbeid med talrike kjelder.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis