Thorbjørn Egner for vaksne
Erlend Loe veit at tomme tønner ramlar mest.
Det groteske og det komiske går hand i hand i den nye romanen til Erlend Loe.
Foto: Tonje Skjervold
Roman
Erlend Loe:
Dyrene i Afrika
Cappelen Damm
Big 5 heiter det når ein storviltjeger har felt ei løve, ein bøffel, ein elefant, eit nashorn og ein leopard. Det er turisme for pengepøbelen, og dette aspektet er utgangspunktet for Erlend Loes nye roman Dyrene i Afrika, der fem enkeltpersonar får det for seg at dei kan frelse verda ved å pule storvilt gjennom det sjølvoppnemnde «Selskapet for skjending av eksotiske dyr». Alt skal filmast, alt skal leggjast ut på nett, alt skal vere innanfor etiske standardar for dyrevelferd.
Glitrande parodiar
Det heile startar når dei fem møtest på ei forelesing om dyreetikk. Dei har lenge kjent ei dragning mot store dyr, og no får sodomien både ei teoretisk og etisk plattform samtidig som familiebedrifta Fauna Fuckers i Kenya opnar for ei praktisk gjennomføring. Dermed er det klart for ein ellevill og absurd safari der Erlend Loe på suverent vis raljerer over idealisme på avvegar, sjølvbedrag, barnleg entusiasme og misforstått fellesskap, og han krydrar framstillinga med glitrande parodiar på terapi- og organisasjonsspråk der dialogane lyser av tomt prat.
Dei fem avvikarane på tur verkar i utgangspunktet å vere godt etablerte og anstendige menneske med god jobb, men også før den store forvandlinga blir dei kledde opp i komikkens gevant, det vere seg tannlegen Vidkun, zoolog og ressurshomo Joachim Sperber, filmklipparen Såkalte Bob, seriebokforfattaren Hektor Gråbræk eller Lise Løvenskiold som jobbar i politiet og samtidig er leiar av Ensliges forening. Her slår Loe om seg med utsøkt humor og elegant ironi, situasjonskomikk og eit skrått blikk på ulike tidsfenomen som #metoo, homofili, født i feil kropp, kunstnarleg amatørskap, ukvalifisert leiarskap og mangt anna som ein smiler av eller som opnar opp for den store latteren. Det groteske og det komiske går gjerne hand i hand, slik det blir når Joakim Sperber luftar sambuarens likhund, eller når Lise Løvenskiold stadig vekk pular i leoparddrakt.
Subtil humor
Heile redningsaksjonen går som venta til helvete for full musikk, og den bibelfrelste farmor Mukondi får rett til slutt: «Whosoever lieth with a beast shall surely be put to death!» Alt blir eit slag i lufta, slik også miljøorganisasjonen som ville redde regnskogen gjennom Fuck for forest for ein del år sidan, dreit seg ut med luftslag, og det er vel også det som er poenget til Erlend Loe.
Men artig er det, topp underhaldning, intelligent og subtil humor slik berre Erlend Loe kan turnere det, og eg innbiller meg at denne romanen vil bli ei av årets bøker når det blir oppsummert før jul.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her slår Loe om seg med utsøkt humor og elegant ironi.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.