Tronge sinn ved det vide havet
Martin Baldysz skriv seg inn i eit fortidig ungjentesinn.
Martin Baldysz debuterte i 2013 og er no ute med roman nummer tre.
Foto: Helle Frogner
Roman
Martin Baldysz:
Fallgard
Samlaget
Kvar han har det eksotiske namnet sitt frå, veit eg ikkje, men Martin Baldysz har markert seg med bøker med handling frå norske småsamfunn nokre tiår tilbake. Slik også i den siste soga hans: Fallgard skildrar menneske på ei øy i ei tid som forsiktige tidsmarkørar i romanen viser må vere rundt 1960-talet.
Her følgjer vi Ingeborg nokre år, kanskje eit par–tre medan ho rører seg ut av barndomen og strekkjer seg mot livet som vaksen kvinne. Akkurat kor gamal ho er, eller kor lang tid handlingstråden i romanen går over, blir aldri sagt eksplisitt, men ho har typiske tenåringsopprørske tendensar.
Hovudtemaet her er kva som skjer i eit ungt sinn når veksande sjølvstende og nye og uvanlege seksuelle kjensler freistar å sprenge seg fri, i eit miljø som er tradisjonsbunde og nokså trongt. Boka er ikkje lang, og mykje av handlinga og spaninga ligg i det indre.
Ung uro
«Ho hugsar då far hennar merka at ho hadde blitt vaksen. (…) Han var uroa i augo.» Både Ingeborg sjølv og dei vaksne rundt henne kjenner denne uroa. Faren er likevel skildra med varme og sympati, mellom han og dottera er det trygg nærleik og varme.
Mora er framstilt meir negativt. Ho har helseproblem og mykje smerter, noko som går ut over dei andre i familien, og som særleg eldstedotter Ingeborg får merke. Som kvinne og mor reagerte eg litt på denne framstillinga av ei kvinne med openberre store lidingar som ein sutrete og negativ skapnad.
Sett bort frå Ingeborg sjølv er det ikkje mange andre karakterar som blir tydelege eller interessante for lesaren, med eitt, nei, kanskje to unnatak. Viktigast er Olaug. Ho er ei relativt ung kvinne som bur aleine på den andre sida av øya. Mannen hennar vart borte på sjøen. Men Olaug er sjølvstendig og sterk, og klarar seg. Ho gjer vågale og litt utradisjonelle ting for ei kvinne, som å fange ørn og sel.
Det er denne kvinna som er omdreiingspunktet i romanen, henne det er knytt spenning til, både på det ytre og det indre planet: Vil ho bli på øya, eller reise? Vil ho svare på Ingeborgs forsiktige hint og tilnærmingar? For Ingeborg er forelska, rett og slett.
Å ha erotiske kjensler for ei anna kvinne er sjølvsagt tabu i dette miljøet. Ingeborg skriv om dei i dagboka si, men sender papirarka ut på sjøen. Og når mistanken i miljøet rundt ho blir verbalisert og praten byrjar gå, nektar ho alt. Den som set snakket i gang, er den andre interessante karakteren i boka. Hogne er «evneveik», som dei sa i den tida. Han har ei viktig birolle i soga, og her har Baldysz laga eit portrett som både er sympatisk og tydeleg.
Ikkje rik nok
På 1960-talet i Noreg og særleg på øyer og i andre småsamfunn var det å vere lesbisk uhøyrt, ja, rett og slett noko som for dei fleste ikkje fanst. Eg vil difor tru at å oppdage slike tendensar hos seg sjølv må ha vore meir dramatisk og gjerne ha vekt større skam – og kanskje angst – hos ei heilt ung jente enn slik det blir framstilt her. Kanskje har forfattaren sjølv merka at han ikkje har lagt inn nok drama? I alle fall kjem det ei skakande hending langt uti boka som eg ikkje skal røpe, men som eg ikkje tykkjer tilfører soga så mykje.
Forfattaren er språkleg sikker, og romanen inneheld nokre lyriske passasjar knytte til både indre og ytre natur. Likevel synest eg ikkje Fallgard er rik, djup eller original nok. Boka tilfører ikkje biletet vårt av det tradisjonsbundne og religiøst prega livet på ei øy i Noreg for 60 år sidan så veldig mykje nytt.
Eg ville nok heller valt å lese bøker av forfattarar som kjende desse tilhøva på eigen kropp, som ei Cora Sandel, ei Magnhild Haalke – eller ei Herbjørg Wassmo. Skildringane deira frå det førre hundreåret gir framleis sterke lesaropplevingar av ei tid der det norske var langt meir fordomsfullt og innestengt enn i dag.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.