Ubehageleg underhaldning
Kven kunne Matilda blitt om ho ikkje trefte frøken Honey?
Naomi Alderman har skrive ein dystopi om kjønnsroller.
Foto: Forlaget Press
Roman
Naomi Alderman:
Kraften
Omsett av Knut Ofstad
Forlaget Press
I år må eg brått bruke 8. marskvelden på å fly i staden for å gå i tog. Mannen på setet ved sida av meg spreier beina godt, faktisk oppstår det mest ekstreme tilfellet av manspreading eg nokon gong har vore utsett for: Han har det eine beinet på mi side, inne i båsen min, og han lenar olbogen på armlenet vi deler på ein sjølvsagt måte. Mens eg sit skvisa på flyet, er eg godt i gang med å lese den mykje omtala, lekre raude boka frå britiske Naomi Alderman som kom på norsk i samband med kvinnedagen. Omslaget har ein blurb frå sjølvaste Margaret Atwood: «Elektrisk sjokkerende!», to ord som skildrar boka nokså godt.
Hesper og handling
Kraften er ein dystopi om kjønnsroller. Plutseleg ein dag er det slik at alle unge kvinner, og fleire vaksne kvinner om dei blir vekte, har ei kraft i seg på grunn av eit organ, ei hespe, som sit i kragebeinet. Ved hjelp av hespa kan kvinnene gi elektrisk støyt med så sterk kraft at det kan vere dødeleg. Kvinnene testar ut krafta si, lærer seg å kontrollere henne og bruker henne etter kvart til å få makt. Dette fører til nye strukturar, mellom anna blir det laga nye religionar, derfor er språket, som eg vil karakterisere som normalprosa, krydra med ein del bibelsklydande frasar. Romanen er driven av handling og personar med tydelege funksjonar. Det litterære er ikkje det viktigaste her.
meir enn på hovudet
Vald og familiefeidar blussar opp, og det oppstår opprør som kan minne om den arabiske våren. Det er gildt å lese om saudiarabiske kvinner som no ikkje berre kan køyre bil, men som ved hjelp av eiga kraft kan få bilar til å eksplodere. Men omtrent der sluttar hendingane å kjennest rettferdige.
Eg trudde eg skulle jamt over fryde meg over hendingane i boka. Men her er så mykje vald og ikkje minst hat at eg kjenner nesten berre ubehag. Det er jo eit artig tankeeksperiment dette med at menn skal bli fråtekne rettar og at patriarkat blir omtala som mjuke samfunn, slik som mange hugsar frå Gerd Brantenbergs Egalias døtre. Men for Naomi Alderman stoppar ikkje leiken der, det svømmer over, lik syndfloda vi anar kan komme.
Krafta er skildra som eit instinkt, «en prikkende fornemmelse», som får jentene til å vri på noko i brystet som får det heile i gang, som ein eksplosjon. For meg er det umogeleg å la vere å tenke på ei av heltinnene mine i barndomen, Roald Dahls Matilda, her frå Tor Edvin Dahls omsetjing: «Og nå begynte det, veldig sakte, å komme krypende en helt oppsiktsvekkende og helt uvanlig følelse inne i henne. Hun kjente det først og fremst i øynene. Det var akkurat som om det var noe elektrisk inn i dem.» Då frøken Honey tar seg av Matilda, sluttar jenta å bruke krafta si til å gjere folk vondt.
Eg kan ikkje love at eg ikkje ville gitt sidemannen på flyet ein ørliten elektrisk støyt om eg hadde kunna, men eg håper eg ville stoppa der, òg om eg hadde hatt ein heil hær rundt meg med straumførande kvinner. Og så håper eg på å finne ein god parole i 8. marstoget neste år.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg trudde eg skulle fryde meg over hendingane i boka. Men her er så mykje vald at eg kjenner nesten berre ubehag.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.