Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ufullstendig forteljing

At Tore Rem ikkje gjer meir ut av det rike stoffet han har samla, er underleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Haakon og kronprins Olav spring i dekning i Nybergsund 11. april 1940.

Foto: NTB

4837
20211008
4837
20211008

Sakprosa

Tore Rem:

Olav V. Krigeren 1940–1945

Cappelen Damm

«Krigen skulle bli hans historiske øyeblikk», skriv Tore Rem i byrjinga av andre band i sin biografi om den daverande kronprinsen som seinare blei kong Olav V. Det var under krigsåra at Olav la grunnlaget for sitt seinare virke som «folkekonge», ved at han som kronprins endeleg fekk konkrete, relevante oppgåver, og at han vaks og modna inn i rolla som vart pålagd han som tronfølgjar.

Fram til krigen braut laus i og med det tyske overfallet den 9. april 1940, hadde «[h]ans viktigste oppgave (…) vært å holde seg i live», skriv Rem, og gjer det også klart at den virke- og stridslystne kronprinsen godt kunne ha tenkt seg å gjere ein innsats mykje nærare fronten enn det han blei tillate av så vel sin far kong Haakon VII som av general Ruge og regjeringa Nygaardsvold.

Under bomberegnet som følgde kongen og kronprinsen medan dei flykta nordover med dei forfølgjande tyske styrkane i hælane, viste Olav god evne til å halde hovudet kaldt og til å halde humøret oppe sjølv når det røynde på som verst. Slikt vert naturlig nok lagt merke til, og for nordmenn som gjennomlevde disse dramatiske dagane og åra, vart kronprinsen raskt eit symbol for samhald, motstand og kampvilje.

Vondskap

Denne respekten verkar også å ha gått andre vegen, og etter å ha opplevd krigsherjingane i Noreg våren 1940, skreiv Olav i eit brev til studiekameraten Archibald MacDougall at krig faktisk ikkje er det verste ein kan oppleve, at det finst vonde og vondskap som ein må kjempa kompromisslaust imot med alle middel, sjølv om det kostar. Det er dette krigen eigentleg handlar om, ser han ut til å meine, og legg til at grunnlaget for alt menneskeleg samfunn finst i prinsippa om «sannhet, rettferd» og «grunnleggende likhet».

Det er slett ikkje gitt at ein kongeson oppvaksen med alle tenkjelege privilegium når fram til ei slik erkjenning, men alle kronprins Olavs kjende ord og handlingar frå den dramatiske krigstida tyder på at dette ikkje berre var noko han tok opp i eit privat brev, men også meinte var ein sanning han kunne basere si eiga rolle på.

Det er såleis ikkje underleg at ein person med ei slik grunnhaldning kunne bli ei djupt respektert og beint fram elska konge i eit land som Noreg, ja, kanskje var ho avgjerande for den samforstand som oppstod mellom den seinare folkekongen og undersåttane hans i åra under og etter krigen.

Innsikter og tankar som dette gjer Rems biografi verd å lese, sjølv om underteikna rett nok gjerne i større grad skulle hatt forfattarens eige syn på slike forhold undervegs. Det kjem fram, det er ikkje det, men diverre har Rem også i dette bandet – der kjeldesituasjonen er betre enn tilfellet var for førre band, om Olavs unge år – halde seg til ein refererande og tidvis, etter mitt skjønn, altfor oppramsande stil.

I litt for mange høve nøyer Rem seg med å leggje fram kva som står i kjeldene, og beklagar seg også i dette bandet over Olavs hug til å sletta spor ved å brenne brev og andre dokument. I staden for å bruke det kjeldematerialet som trass alt finst til å skapa ei forteljing, endar forfattaren litt for ofte med å presentere kva kjeldene fortel, for så å avslutte framstillinga med ironiske og tidvis enerverande kommentarar.

Dette er synd, og det svekker verket unødig, som da han etter å ha skildra korleis kronprinsen med følgje har installert seg med feltsenger på Slottet etter frigjeringa, følgjer opp med den fullstendig malplasserte kommentaren: «Prinsessen på erten ville rynket på nesen.» For denne lesaren er det uforståeleg at ikkje ei setning som dette er blitt luka ut av det som trass alt verkar å vere ei samvitsfullt skriven bok.

Samvitsfullt

Kanskje er boka faktisk for samvitsfullt skriven. Alt er kjeldebelagt og solid utført, det er ikkje det, men også i dette bandet tek eg meg altså i å undrast over korfor ikkje forfattaren gjer meir ut av det rike stoffet han har samla. At personlege brev er brende, er så si sak, men vi snakkar trass alt om ein av dei mest kjende nordmennene i moderne tid, som etterlét seg flust av kjelder til eige liv, ikkje utan lakuner, sjølvsagt, men det kan da ikkje vere målet at ein biografi skal vere «Olav – minutt for minutt».

Avslutningsvis skriv Rem om Olav at «[k]anskje skal minnearbeidet bli hans viktigste arbeid som konge», så heilt ferdig med krigen er forfattaren ennå ikkje. Skal han lykkast i sitt forsett om å gjera Olav «til selve prismet for historiefortellingen, til en inngang til denne delen av fortiden», er det nødvendig at han gjer forteljinga meir fokusert og tydelegare enn det ho har vore i dei to første banda av biografien.

Torgeir E. Sæveraas

Torgeir E. Sæveraas er historikar og forfattar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kanskje er boka faktisk for samvitsfullt skriven.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis