Under ei heildekkande kappe
Soudabeh Alishahi skildrar ein krevjande røyndom i Iran.
Soudabeh Alishahi kom til Oslo som fribyforfattar i 2001.
Foto: Julie Pike
Roman
Soudabeh Alishahi:
En vakker dag
Omsett av Sheida Sangtarash, Siavash Sangtarash, Anne Oterholm og forfattaren sjølv
Gyldendal
Fribyforfattarordninga er organisert gjennom organisasjonen International Cities of Refuge Network (ICORN) og inneber at forfølgde forfattarar, journalistar og kunstnarar skal finne ly og tryggleik ein stad der dei kan ta opp att arbeidet sitt.
Iranske Soudabeh Alishahi var Oslos første fribyforfattar og kom hit i 2001. Ordninga er sjølvsagt viktig for dei som kjem hit, mange av dei ville venteleg ikkje ha vore i live elles. Skrifter frå desse forfattarane kan dessutan gje viktige bidrag til vår eigen bokheim. En vakker dag er ei bok med vesentleg tematikk, men litterært sett er ikkje romanen vellykka.
Krig og brutale levevilkår går mange stader verst ut over kvinner, Iran er ikkje noko unnatak. For 40 år sidan kasta den såkalla «revolusjonen» ut sjahen og sette inn ayatollaar som øvste mynde for landet. Livet vart endra radikalt og aller mest for kvinnene, som vart pålagde å bere den heildekkande svarte chadoren. Dei gjekk frå å ha hatt liv som var relativt frie og moderne til å bli heilt usynlege. Det går hardt ut over identitet og generell livsglede. Brot på innskrenkande forordningar blei og blir brutalt slått ned på. Iran er framleis lysår frå demokrati.
Krig og undertrykking
En vakker dag skildrar livet i tida frå dei politiske omveltingane og under den brutale krigen mot Irak som starta året etter, i 1980. Ungjenta Afra bur med mora som er enke og utan utdanning. Dei har dårleg råd, og krigen pregar kvardagen. Afra blir gravid, må gifte seg for å få innvilga abort og så skilje seg att. Livet blir noko betre når ho får jobb hos ein lege som ho snart forelskar seg i og sidan gifter seg med. Aldersforskjellen er stor, Nasir har vore gift før og har to døtrer som alt er vaksne – eller snart vaksne.
Kronologien i denne boka er til tider ganske forvirrande. Ulike tidsplan blir kasta om på, på eit vis som verkar umotivert. Dette er eitt av fleire trekk ved romanen som gjer at lesinga av han blir ein heller anstrengande affære.
Paradiset Oslo
Nasirs første kone, Melek, blir ein viktig biperson i soga. Mot slutten er det ho som fører ordet over mange sider. Denne bolken er betre og mindre kaotisk fortald. Melek og døtrene greidde å flykte til Noreg. Mælt mot Irans brutalitet og liding blir Noreg og Oslo reine paradiset. Kanskje er det den norske roa som smittar over på den delen av handlinga som skjer her i landet.
Afra er lenge sjalu på Melek. Nasir har ikkje vore nokon eksemplarisk ektemann for nokon av dei. Likevel blir det kvinnene som går av med ein slags siger ved å bli gode vener. Eller – eg trur dei blir gode vener. Også dette er forvirrande framstilt. Mykje av årsaka til uvissa lesaren kjenner på, er at Afra ikkje er nokon konsistent figur. Kva ho meiner, tenkjer og føler rundt alle dei sterke hendingane, er for ein stor del nærmast umogleg å få noko klart inntrykk av, trass i at det ofte står kva ho føler – at ho græt, ler og så bortetter.
Undervegs i handlinga blir ei dagbok viktig. Det slo meg at mykje av teksta generelt minner litt om ei slik ungjentedagbok: utan fast oppbygd struktur eller klåre motiv for hendingar og kjenslereaksjonar, og med eit språk som tidvis er litt infantilt. Alishahi har hatt fleire omsetjarar, eg tykkjer det er rart at ho ikkje har fått hjelp med heile oppbygginga av romanen. Noko så enkelt som å ha jobba med tydelegare avsnittsmarkering, ville ha hjelpt, i tillegg til å kutte nokre av dei mange unødvendige repetisjonane. Det er synd at ei så viktig bok ikkje har fått fleire rundar hos forlaget.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast skribent for Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

En vakker dag er ei bok med vesentleg tematikk, men litterært sett er ikkje romanen vellykka.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.