Undergang og framhald
Livshjulet er ei diktsamling som kan kallast både sprelsk og monoton.
Cornelius Jakhelln har gjeve ut ei rekke bøker sidan debuten i 2001. No er han busett i Berlin.
Foto: Tronn Hansen / Cappelen Damm
DIKT
Cornelius Jakhelln:
Livshjulet
Cappelen Damm
Cornelius Jakhelln skriv både prosa og dikt, er forfattar og musikar og kombiner gjerne mytar, teknologi og matematikk i eit laussleppt, oppfinnsamt og skarpsindig språkunivers. Satire kan blande seg inn, samstundes som store tankar og kjensler bryt mot kvarandre.
I den tiande diktboka, Livshjulet, gjer forfattaren opp status. Han grip mot det som ligg attom verda, mot den tidlause krafta som genererer tida og livet.
Samstundes rettar dikta seg mot eit akutt her og no: Eget er blitt far. Den hendinga, som både representerer ei gjentaking og ei unik nyskaping, er navet i dikta. Byrjinga til dette individet involverer egets kjærleik til barnets mor, eigen oppvekst, mor og far og slekta bakover i tid.
Fødsel og død
Det nye mennesket gjer at rekka av generasjonar og vekslinga mellom fødsel og død vert lyst opp. Hendinga vert biletlagd, variert og plassert i den store kosmiske samanhengen, men også spegla konkret av at forfattaren siterer frå sine tidlegare bøker – og at liner frå enkeltdikt opptrer fleire stader.
Sjølv om poeten strekar under at «Poesien har fortsatt sekk på ryggen/ Ullfrakk og utgåtte militærstøvler», har erfaringa av å bli far konsekvensar for egets forhold til seg sjølv. Det ser ein av det kontrastfylte og storslegne biletet som dominerer i den fjerde og siste avdelinga: Ungen i fars armar plassert i ein barndomsheim under riving. Byrjinga og slutten bit seg sjølv i halen.
Sinnrikt og variert
Jakhellns dikt materialiserer ikkje nett ein undrande og nysgjerrig iver, eller ein søkjande oppdagartrong. Her er alt liv frå fyrste stund nagla fast, «bundet til hjulet» og falda inn i ein nådelaus og blind lov som mennesket berre er underkasta. For dikta står det att å minne oss om dette, på messande vis. Diktet vigt vulkanen Etna summerer på fint vis den førvitskaplege, mytologiske verdshaldninga som beherskar dette diktuniverset: «Ditt bulder er et kremt etter smellet./ Du henger over byen, en slegge i det blå.// Menneskene bygger hus ved din fot./ Du bryter ut i latter, over deres overmot.»
Hovudtanken er ikkje vanskeleg å følgje, og bruken av hjulmotivet er sinnrikt og variert. Ein kan nok undre seg over at fleire av dikta verkar mykje meir sprelske og humørfylte enn den underliggjande livs- og dødsmonotonien dei skal vere oppstått frå. For her finst det fleire lysande enkeltdikt, og i den siste avdelinga er det som om tanken og språket verkeleg finn saman.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her finst det fleire lysande enkeltdikt.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.