Undringas poetikk
I dikta til Thor Sørheim dominerer eit kvardagsleg blikk som evnar å lyfte seg utover seg sjølv, mot mytologiske og politiske samanhengar.
DIKT
Thor Sørheim
Etter skeidet
Gyldendal (2021)
Ordet skeid har norrønt opphav og tydar mellom anna hesteløp og siktar til eit ritual der vinnarhesten vert ofra til gudane. Titteldiktet er vigd Anna Widéns hesteskulptur «Etter skeid» som er plassert ved Nitelva. Skedsmo og landskapa rundt verkar å vere sentrale omdreiingspunkt i Thor Sørheims nye diktbok.
Skeid har òg ei rekkje andre tydingar, som til dømes ein veg mellom åkrane på ein gard. Og i dikta til Sørheim møter ein mellom anna vegar, køar, bilar, hestar, arkitektur, åkrar, ein granhekk og Jesus i øydemarka. Eg tenkjer at poetikken til Sørheim vert fint samanfatta i desse linene: «Tro kan ikke flytte fjell, men undring kan føre fram/ til nye innsikter.»
Dikta vender seg både mot ulike landskap og mot ulike kunstverk. Det som er felles, er at dei byggjer på små observasjonar og augeblikk som fortettar seg til undring og lyftar seg ut or seg sjølv. Jamvel om dikta er rota i ein gjennomgåande kvardagsleg horisont, utan påtrengjande språklege faktar, utviklar dei ei rekkje motiv som gjer at dei utvidar kvarandre. Eit av desse motiva er smelteprosessar, sykliske forandringar, det nye som ei gjentaking, og desse prosessane gjeld ikkje berre i naturen: «For andre gang/ skal dette jordstykket ligge øde og flatt,/ før den nye tid reiser seg med utfallende marg». Og opningsdiktet «Hvit åker» skildrar nærmast ein naturens palimpsest, eit pergament der den opphavlege skrifta er fjerna: «De skarpe skisporene er borte,/ og plogsvingene,og til og med Himmelspretten/ er smeltet og flatpakket.» Så har ein også attergangarmotivet, den mytologiske transformasjonen som ein finn i diktet «Granhekken», der ein av dei fyrste granhekkane på Strømmen forvandlar seg til oskereia.
Det skjer også ei tydeleg utvikling i dei fem bolkane i diktboka, det startar med dei nære omgivnadane og utvidar seg gradvis mot større mytologiske og politiske samanhengar. Men sjølv om dikta tangerer større samanhengar, verkar dei også å zoome enda sterkare inn på eit politisk imperativ: «Følg pengene, sjekk strømmen av verdier/ som havner på hemmelige konti. Først da/ kan du kartlegge forbindelsen mellom makta/ i de lukkede rom og sulten på åpen gate».
Sindre Ekrheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dikta vender seg både mot ulike landskap og mot ulike kunstverk.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen