Usynlege sår
Eva Aagaard viser langtidsskadane etter ei valdtekt.
Eva Aagaard er utdanna journalist og debuterte som forfattar i 2019.
Foto: Nicolas Tobias Folsgaard
Roman
Eva Aagaard:
Året uten snø
Bonnier
Eva Aagaard (f. 1988) er dansk, men ho skriv både på dansk og på norsk etter å ha studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og ho gir ut parallelt i Danmark og Noreg. Ho debuterte i 2019 med romanen Døtre på Tiden på Gads Forlag i København. No har ho gått til Bonnier her til lands, men er framleis på Gads. Jeg vil ikke det her er den danske tittelen på romanen.
Den danske tittelen går direkte på ein tematikk kring tvang, valdtekt og det å setje ei verbal grense for intim kontakt: Jeg vil ikke det her. Handlinga er lagd til København, og vi møter det unge paret Miriam og Alex, som saman har dottera Elin. Første tur på byen etter fødselen endar katastrofalt for Miriam etter at ho blir plukka opp av ein som jaktar i mørkeret på fulle og hjelpelause kvinner. Ho blir tatt med til ein kjellar der ho blir valdtatt. Ho gjer ikkje fysisk motstand, men ho seier nei. Etterpå tenkjer ho at ho må ha sagt nei på feil måte, og i tida etter overgrepet klandrar ho seg sjølv like mykje som ho klandrar overgriparen som ho berre har vage minne om.
Traume
Det er traumatiseringa etter eit overgrep Aagaard tar for seg, og ho skriv ut frå eigne røynsler utan at romanen blir direkte sjølvbiografisk, men den psykologiske realismen i reaksjonsmønsteret er svært nyansert og høgst truverdig, svingar frå sjølvmordstankar til skuld og skam og ei redsle for å verke ustabil og upåliteleg i møte med helsevesen, politi og advokatar og rettsvesen.
Ho kjenner seg invadert av gjerningsmannen, kjenner seg tappa for energi, og tankane kvernar heile tida kring det som skjedde, og kva ho kunne ha gjort annleis. Samtidig blir forholdet til Alex og dottera anstrengt og kunstig, slik også andre relasjonar endrar seg i lys av det som hende; overfallet har konsekvensar for fleire enn for gjerningsmann og offer.
Sjølvterapi
Etter kvart prøver Miriam å feste på papiret det ho opplevde, ho leverer debattinnlegg til aviser og tidsskrift, og responsen fører til at gjerningsmannen etter kvart blir tatt og dømd. Det gir ei kjensle av rettferd samtidig som skrivinga blir ei form for sjølvterapi. Samtidig melder ho seg som telefonvakt ved eit valdtektskontor. Overgrepet har blitt ein del av identiteten hennar; ho får ikkje lagt det bak seg.
Året uten snø kan fort lesast som eit innlegg i debatten om ein samtykkelov, men dei litterære kvalitetane dempar kjensla av ei bombastisk stadfesting av at slik er eit overgrep. Det finst nyansar og gråsoner i dette grenselandet mellom domfelling eller frikjenning, noko Eva Aagaard gir gode eksempel på.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.