Utanfor og usynleg
Majken von Bruggens noveller er gode på ein vond måte.
Majken van Bruggen har skrive fem bøker sidan debuten i 2008.
Foto: Rolf M. Aagaard
Noveller
Majken von Bruggen:
Utskudd
Kolon
Utskudd er fellesnemnaren for dei åtte nye novellene frå Majken von Bruggen som for tre år sidan, med A for Agnes, viste at ho beherska novellesjangeren svært bra. Ho har eit skarpt og ømt blikk for det forsømde barnet og for ungdom i puberteten, men ho kan også ta for seg godt vaksne kvinner og menn som slit med einsemd, utanforskap og lengsel etter nærleik og kontakt. I mange av tekstane opnar det seg ingen vegar bort frå situasjonen, i andre finst det håp om endring, kanskje meir som draum enn realitet.
I opningsnovella «Ford Galaxy» møter vi 14–15 år gamle Vesla og Tora og 20-åringen Remi som køyrer bilen som har gitt novelletittelen, og ungjenter og -gutar med bil innbyr fort til tapt møydom og anger i etterkant. Von Bruggen rissar kort og effektivt opp bakgrunn og familierelasjonar, og med arbeidslause foreldre, fyll og spetakkel og ingen klare grenser, har Vesla heller ingen andre grenser enn dei ho veg å krysse.
«Algebra» handlar om Monica som slit med matematikken og får privattimar hos ein venn av faren. Det oppstår fort ei erotisk spenning mellom dei to, og dei går så langt det er mogleg utan å gå over streken. «Nå kan jeg algebra», slår ho fast og tilbyr ein gut i klassen privattimar.
I «Pappa er en skurk» vil ein far etter enda soning prøve å gjenopprette forholdet til den sjuårige sonen sin, men han har ingen trygge rammer å tilby, og dermed finst det heller ingen tillit å bygge på. Det faren vil reparere, er knust og øydelagt, kanskje for godt.
«Ane Liane» handlar om einebarnet Ane og om ei mor som har meir enn nok med seg sjølv. Ane er i skolealder og utan andre venner enn liksomvennen Miranda, som gir trøst og nærleik, men det blir ikkje nok, og Ane tar eit impulsivt, drastisk og uoppretteleg val.
Litt lysare i tonen er «Mens syrinene blomstrer» om to pleiepasientar som finn kvarandre på nettet i grenselandet mellom draum og realitet, og «Vikaren» har litt av den same desperasjonen etter kontakt og fysisk nærleik. Begge desse novellene balanserer mot det usannsynlege.
Meir sannsynleg er «Highbury» der ein einsam, utstøytt og alkoholisert far prøver å finne tilbake til dottera som han mista etter at kona sette ut falske rykte om incest som var heilt uråd å forsvare seg mot. Frå stampuben synest han å sjå dottera på gata utanfor, og han tar mot til seg og sender ei melding. Det er første steg i retning av å nærme seg kvarandre på nytt.
«White Beach» hentar handling frå ei avsides øya på Filippinane der ei gruppe etterlyste kriminelle mannfolk frå Europa har slått seg til, og her skriv von Bruggen fram ei guffen og klaustrofobisk stemning der kva som helst kan hende. Det er ei kriminalnovelle av godt merke.
Utskudd er ei litt ujamn novellesamling, men på sitt beste held von Bruggen høgt nivå. Ho er knapp og direkte, og ho viser med enkle grep kor vanskeleg det er å finne sin eigen plass blant andre. «Her er ensomhet nok for et helt orkester!» skreiv Arild Nyquist, og eg trur Majken von Bruggen kan skrive under på det.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.