Utopisk-politisk
Samtidskritikken til Margaret Cavendish er ikkje til å misforstå.
Margaret Cavendish (1623–1673) var filosof, forfattar, vitskapskvinne, poet og dramatikar.
Foto: Cappelen Damm
Roman
Margaret Cavendish:
Den flammende verden
Omsett av Kristin Gjerpe
Cappelen Damm
Stiftelsen Thorleif Dahls Kulturbibliotek blei oppretta i 1956 av filologen og reklamemannen Thorleif Dahl (1891–1967) med det målet for auget å gi ut klassisk og norrøn litteratur i tillegg til filosofiske verk og ordbøker. Stiftelsen blei nært knytt til Aschehoug forlag og til Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Frå 2022 har forlaget Cappelen Damm gått inn som utgivar. Totalt er 192 titlar gitt ut gjennom Kulturbiblioteket, og den siste i rekka er den utopisk-politiske forteljinga Den flammende verden av Margaret Cavendish (1623–1673) frå 1666. Omsetjaren Kristin Gjerpe har også skrive eit fyldig forord, og enda meir utfyllande og informativt er etterordet til Tina Skouen, professor i engelskspråkleg/britisk litteratur ved Universitetet i Oslo.
Ei ny verd
Den flammende verden handlar kort fortalt om ei ung kvinne som blir bortført og tatt med i retning Nordpolen. Som einaste overlevande etter storm og isande kulde oppdagar ho ei ny verd befolka av dyre- og menneskeliknande vesen.
Ho blir utropt som keisarinne av «Den flammende verden», og «i denne verden var det bare ett språk og heller ikke flere enn én keiser, som alle underordnet seg av den største plikt og lydighet, noe som gjorde at de levde i varig fred og fordragelighet, uten noen som helst kjennskap til kriger utenriks eller opprør innenriks».
Sitatet er direkte mynta på forfattarens eiga samtid med uro og opprør knytt til den engelske borgarkrigen mellom 1642 og 1651, da Oliver Cromwell tok makta og avretta kong Karl I for deretter å konfiskere eigedomane til dei kongevennlege innanfor aristokratiet. William og Margaret Cavendish, hertug og hertuginne av Newcastle, stod kongehuset nær og gjekk i eksil i Paris og Antwerpen mellom 1644 og 1660.
Markant kvinne
Margaret Cavendish var ei markant kvinne i si tid, opptatt av vitskap og filosofi, samtidig som ho skreiv fantasiforteljingar og blanda ulike sjangrar. Det finst tolv utgivingar etter henne, og i ei mannsdominert verd blei ho så respektert at ho i 1667 blei medlem av det britiske vitskapsakademiet i London.
Keisarinna av den flammande verda er også genuint opptatt av vitskap og fornuft, og ho får oppretta vitskapsselskap og lærde foreiningar i landet, der diskusjonar kring «snøens årsak» og «tordenens og lynets natur» står på dagsordenen i søkinga etter sann informasjon.
Margaret Cavendish hadde ingen barn, og ekteskapet med den 30 år eldre William var kanskje av det platoniske slaget, eit nært og tett vennskap. Også keisarinna av den flammande verda inngår eit platonisk vennskap med hertuginna av Newcastle, og denne leiken med identitetar, roller og åndeleg slektskap pregar delar av teksten, ikkje ulikt det ein kan finne i moderne litteratur.
Den utopisk-politiske sjangeren var populær i Europa på 1500- og 1600-talet og inn på 1700-talet. Han går tilbake til Thomas Mores Utopia frå 1516 og Francis Bacons Det nye Atlantis frå 1627. Ein kan også nemne Jonathan Swifts Gullivers reiser frå 1726 og vår eigen Ludvig Holberg med Niels Klims underjordiske reise frå 1741.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.