Vekst og fall
Salman Rushdie gjenreiser ein øydelagd by med suveren skaparkraft.
Salman Rushdie voks opp i India, men tok den høgare utdanninga si i England.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Roman
Salman Rushdie:
Seiersbyen
Omsett av Kirsti Vogt
Aschehoug
For eit tiår eller to sidan var det ein del snakk om den første norske innvandrarromanen av internasjonalt format. Vi har sett tilløp, men aldri noko som måler seg mot det britane kan vise til, ved framfor alt V. S. Naipaul (1932–2018) og Salman Rushdie, der det multikulturelle får spele seg ut mot kolonial bakgrunn, det vere seg i Trinidad eller i India.
For Salman Rushdie er det alltid India, og i Seiersbyen tar han lesaren med på ei fantastisk reise tilbake til 1300-talet og bortimot 300 år framover mot 1600-talet. Og den som fyller dette tidsrommet, er Pampa Kampana, ei kvinne med guddommelege evner og guddommeleg skaparkraft. Ho blir 247 år.
Vi møter henne første gongen som niåring framfor det store enkebålet etter eit militært nederlag, og slik skikken er, kastar også mora seg inn i flammane. Det foreldrelause barnet blir tatt hand om av ei gudinne, Pampa, som gir henne utanomjordiske evner, og frå no av startar Pampa Kampana si livsgjerning med å skape eit samfunn der likestilling, ytringsfridom. religionsfridom, inkludering og toleranse, velstand og lykke står sentralt. Ho skaper det frå ingenting, slik gudar kan, og ut frå ein sekk med frø, veks det fram ein by, Bisnaga, Seiersbyen, med menneske som ho kviskrar liv i og gir individuelle historier.
Men etter som tida går, blir dei magiske evnene svekte, «gudene må trekke seg tilbake fra verden og slutte å gripe inn i dens historie». Reformene står for fall, og det blir opna opp for kaos, intrigar, konspirasjonar og ein nådelaus maktkamp innanfor ulike dynasti, der drivkrafta gjerne er religion og eit ønske om personleg rikdom og ære.
Alt dette er overlevert gjennom Pampa Kampana si store krønike på 24000 vers, Jayparajava, som ho legg i ei forsegla leirkrukke og grev ned i ruinane etter at Bisnaga er lagd i grus, og det er denne krønika, funnen etter 400 år, som er kjeldegrunnlaget under skrivinga av Seiersbyen. Samstundes er det historiske bakteppet for fiktive Bisnaga byen Vijayanagar, hovudstad i eit mektig hinduistisk rike i Sør-India, fullstendig øydelagd og plyndra av muslimske styrkar i 1565. Denne ruinbyen står i dag på Unesco si verdsarvliste.
I kombinasjonen mellom historiske fakta og det overjordisk magiske skaper Salman Rushdie eit eineståande verk som speler på både eventyr, legende, segn, moderne dataspel, løgner, munnlege overleveringar og ikkje minst ei evne til grensesprengande fabulering, der han bles liv i eit persongalleri som nok blir i største laget til at oversikta forblir intakt, men som likevel fortener sin plass i eit verd der «ord er de eneste seierherrene». Det er språkets triumf over barbariet, i dag som den gongen.
Salman Rushdie har sjølv betalt ein høg pris for å stå opp mot og utfordre religiøs fanatisme og politisk einsretting. Mange takkar han for det.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.