Velferdsstaten som himmelriket
Noregs suksess vert forklart med vatn, ikkje olje, i ei pedagogisk god bok full av interessante sosiologiske observasjonar.
Harald Eia og Ole-Martin Ihle analyserer det norske samfunnet.
Foto: Strawberry Publishing
Sakprosa
Harald Eia og
Ole-Martin Ihle:
Mysteriet Norge. Hvordan et fattigfolk i nord ble verdens rikeste, frieste og lykkeligste mennesker
Strawberry Publishing
Når jordbuarar om nokre år kjem til Mars, vil dei oppdaga at planeten ikkje er aude: Dei vil finne holrom i bakken der det bur sosiologar. Desse vert av og til skotne ut og landar på jorda. Særleg ofte kring 1968. Men somme meiner at allereie Jesus eigentleg var ein slik sosiolog, som etter å ha vitja Jorda drog opp til Mars igjen. Og som skal koma attende for å døma levande og døde, det vil seia skriva eit nytt sosiologisk evangelium om tilstanden på planeten vår.
Slike sosiologar har nemleg ein unik føremon som dommarar: Sidan dei kjem utanfrå, og sjølv er asosiale, kan dei forstå samfunna våre på heilt objektivt vis, utan fordommar. Dette gjer dei takk vera store bunkar med spørjeskjema som dei straks deler ut. Dinest ser dei på korrelasjonar mellom resultata, og så freistar dei forklåra desse med oppfinnsame teoriar. Dette i motsetnad til politikarar som òg lagar teoriar om korrelasjonar, men då styrte av subjektive interesser.
Trepartssamarbeid
No har ein slik Mars-sosiolog, Harald Eia, saman med ein Jorda-medarbeidar, Ole-Martin Ihle, dømt ferdig: Der vert Noreg frikjend, medan dei fleste andre, særleg Amerika, vert fordømde. Og ikkje minst får vi greie på kvifor just vi er på veg inn i himmelriket.
Her er det særleg alle resultata av spørjeundersøkingane som er interessante: Ein World Happiness Report viser at finner, danskar og nordmenn er dei lukkelegaste i verda. Korrelasjonar viser òg at i motsetnad til det Thomas Hylland Eriksen trur, er det tett samanheng mellom lukke og rikdom og sosial mobilitet, noko vi er gode på.
Så kvifor er vi så lukkelege og rike? Jau, vi var ein del av Det Store Økonomiske og Teknologiske Spranget på 1800-talet då landa i Europa og Amerika fekk ein brå vekst i BNP. Men kvifor skil vi oss ut blant desse? Svaret er, ifølgje Eia og Ihle, velferdsstaten vår, og korleis vi vart rike nok til å finansiera han. Her gjev forfattarane ei god pedagogisk forklaring: Det kjem av det unike trepartssamarbeidet vårt, det vil seia sentrale lønsforhandlingar mellom arbeidsgjevarar, arbeidstakarar og staten, der eksporterande frontfag avgrensar løna til andre fag, noko vi byrja med i 1930-åra.
Skal ein laga eit himmelrike, er det altså ein velferdsstat ein må skaffa seg. Sjølv amerikanarane burde gjera som oss. Vi vert tekne vare på utan at vi treng å tenkja så mykje (på pensjon), medan spørjeundersøkingar viser at vi, mot det amerikanarar trur, likevel kjenner oss meir frie og uavhengige enn dei. Også rikfolk i Noreg stør velferdsstaten («vi er alle sosialdemokratar»), ikkje minst av di dei òg vert tekne vare på av han når dei vert sjuke. Og av di det i velferdsstaten knapt er korrupsjon, og difor lite svart økonomi. Alle har stor tillit til kvarandre, og særleg til byråkratane i systemet. Sjå berre korleis svenskane var viljuge til å følgja Tegnell, sjølv om han skulle visa seg å vera ein fløytespelande rottefangar. Det store mysteriet er ikkje berre kvifor vi har det så bra, men òg kvifor ikkje heile verda vil gjera som oss.
Tilgang på vatn
Når det gjeld det første spørsmålet, er forfattarane på leiting etter ei meir fundamental forklaring enn berre å visa til korleis kultur forklarer kultur. Dei vil sjølvsagt ikkje forklara ved å visa til raseskilnader, slik det vart gjort før: at det finst ein nordisk rase som er meir solidarisk og sjølvstendig enn andre. Dei vil heller ikkje gjera bruk av generelle geografiske tilhøve: at vi lever i barskt klima. Dei heng seg i staden på ein no populær forklaringsmodell, i Noreg særleg fremja av Terje Tvedt, som legg vekt på tilgang til vatn.
Dei stør seg likevel mest på teoriane til Christian Welzel om «kaldvasseffekten»: I nord har vi grenselaus tilgang på vatn, noko som gjer at vi kan klara oss utan føydale system. Vi kan etablera mindre gardar, der kvinnene ikkje treng føda mange barn. Det gjev grobotn for likestilling og frigjering, noko vi tek med oss inn i det moderne samfunnet og velferdsstaten. Dessutan er det ikkje rett at vi har barske klimatiske tilhøve i Skandinavia. Sumartemperaturar kring 20 grader er perfekt for hardt arbeid, i motsetnad til dei 40 gradene folk i Indus-dalen må jobba under.
Det var òg ein føremon at vi kom så seint i gang med å etablera føresetnadene for eit moderne samfunn, som utvikling av større byar. Oldtidsbyar er eigentlege ikkje produktive, men baserte på eit nullsumspel med omgjevnadene. I Noreg var det bra at kaldvasseffekten av fossefalla våre slo inn så seint. Først var dei berre brukte til møller og sagbruk. Men så fann ein amerikanar opp vekselstraumkraftverk. I det heile kunne ein undra seg på om det ikkje òg har vore ein avgjerande føremon å vera ein slik parasitt på oppfinningar til andre: toget frå Skottland, bilen frå Tyskland, flyet og kjøleskapet frå Amerika og så vidare.
Åtvaring
Litt sjølvkritisk i all denne sjølvrosen og hyllinga av velferdsstaten, kunne vi spørja og svara tilsvarande Harry Lime i Den tredje mann: «I Sveits, der hadde dei broderleg kjærleik, og dei hadde 500 år med demokrati og fred. Og kva kom ut av det? Gaukuret.» Og i Noreg? «100 år med velferdsstat. Og kva kom ut av det? Ostehøvelen.»
Bortsett frå dette: Boka er full av interessante data og samvariasjonar, og mange forklaringar som gjev oss mykje å tenkja på, særleg om vi ikkje trur på Mars-buarars absolutte nøytralitet. Ho inneheld dessutan viktige åtvaringar om korleis velferdsstaten kan øydeleggjast: For stor arbeidsinnvandring, for stor ulikskap og generelt medvit om at alle ting vert gnaga sund av tidas gnaging.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er full av interessante data og samvariasjonar.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?