Vennskap på liv og død
Antal Szerbs Reise i måneskinn er eit funn, også i dag, 84 år etter.
Antal Szerb (1901–1945) var forfattar, omsetjar og professor i litteraturhistorie.
Foto: Petofi Literary Museum
Roman
Antal Szerb:
Reise i måneskinn
Omsett av Éva Dobos
Cappelen Damm
I 2018 starta Cappelen Damm prosjektet «Oversatte mesterverk», og no er dei tre første bøkene på plass, alle utgitte for over 70 og 80 år sidan. Ungarske og jødiske Antal Szerb med romanen Reise i måneskinn er den eine, utgitt i 1937 og etter kvart med klassikarstatus i Europa. Det er merkeleg at norske forlag ikkje har fanga opp denne romanen før no.
Det startar som ei bryllaupsreise til Italia. Mihály og Erzsi skal oppleve landskapet og byane, kunsten, arkitekturen og kulturen som turistar, men det skjer seg nokså fort når Mihály blir oppsøkt av János, ein gammal skolekamerat og venn frå ungdommen. Dei har ikkje hatt kontakt på 15 år etter at vennegjengen gjekk i oppløysing, og alle søkte kvar til sitt. No blir Mihály heimsøkt av sin eigen ungdom, og han er tilbake i Ulpius-huset i Budapest saman med tvillingane Támas og Éva Ulpius, János og jødiske Ervin.
Ungdomsopprør
Dei kjem alle frå borgarlege og konvensjonelle miljø, der det er forventa at dei skal inn i familiefirma eller gifte seg til høveleg rikdom. Det er dette ungdomsopprøret mot konvensjonane og stivna borgarlege tradisjonar dei praktiserer på sin eigen måte gjennom leik, teater og opplesingar, der Éva Ulpius er det erotiske midtpunktet i eit svermeri kring død og undergang med islett av homoerotiske og incestuøse tilnærmingar, og der sjølvmordet også er ein mogleg utgang.
Samtidig har dei ei dragning mot det åndelege i form av kunst og litteratur, men også i form av religion og religionshistorie; jødiske Ervin konverterer til katolisismen og Mihály studerer religionshistorie, før han hoppar av og går inn i familiefirmaet og tilbake i det borgarlege livet han mistrivst sånn med.
Det dei inst inne vil, er å stanse tida og bli tidlause, dei vil halde fram med å vere unge og søkande, dei vil halde lengten mot det umoglege i live og finne ei lomme i tida der alt blir bevart som før. Dei lever i intense og svermeriske vennskap mot ein bakgrunn av dekadanse og «akutt nostalgi».
I møtet med János blir alt dette vekt på nytt hos Mihály, og slik han i ungdommen flykta frå dei borgarlege pliktene, flyktar han på nytt frå den konvensjonelle Erzsi og gir seg ut på leiting etter Ervin og Éva, som begge er i Italia: Ervin er fransiskanarmunk i den vesle landsbyen Gubbio i Umbria, Éva held til i Roma. Támas har for lengst tatt sitt eige liv, assistert av Éva.
Humanistisk arv
Mens Mihály leitar, møter han den amerikanske kunststudenten Millicent, overflatisk og kunnskapslaus: «Mihály var også tiltrukket av Millicents uvitenhet. I den bunnløse uvitenheten finnes det en svimlende dragning mot avgrunnen, som i døden. Tomhetens tiltrekningskraft.» Og som elskarinne: «Munnen hennes var frisk, amerikansk (å, præriene), halsen med de små hårene, den store hånden hun strøk ham med og den ubegripelige, transcendentale renheten av kroppen hennes (å, Missouri, Mississippi, Nord mot Sør, and the blue Pacific Sea!).»
Denne humoren pregar også møtet ein studiekamerat frå religionshistorie, ein eksentrikar som har gjort vitskapleg karriere på etruskarane sin religion med vekt på gravskikkar. Han arbeider om natta, søv om dagen og jaktar stadig på nye damer.
Reise i måneskinn er både ei ytre og ei indre reise, skriven i eit sjeldan elastisk, nyansert og reflektert språk, elegant og basert på omfattande kunnskapar kring psykologi og religion, ja, i det heile, den humanistiske arven som ikkje kunne stanse det kommande barbariet som også skulle ta livet av Antal Szerb: Han blei slått i hel av vakter i konsentrasjonsleiren Balf i Ungarn, 27. januar 1945. Han blei 44 år.
Omsetjaren Éva Dobos har skrive eit interessant etterord, der ho mellom anna gjer greie for levande modellar Antal Szerb nytta seg av, og ho set Szerb inn i ein større litteraturhistorisk samanheng.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Reise i måneskinn er skriven i eit sjeldan elastisk, nyansert og reflektert språk.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.