Verdas undergang? Berre filosofiens
Richard Rorty søkjer å overtyda oss om at filosofi er poetisk overtydande samtalar til fremje av utprøvande framsteg og håp, i staden for tidlause teoriar om det «verkeleg Verkelege».
Den amerikanske filosofen Richard Rorty.
Foto: Hasan Sarbakhshian
Filosofi
Richard Rorty:
Filosofi som poesi
Omsett av
Inger Sverreson Holmes
Cappelens upopulære skrifter
Cappelen Damm
Cappelens upopulære skrifter er ein serie som i første omgang gjekk frå 1948 til 1972, i karakteristisk gult omslag og med uoppskorne blad. Den gong var Noreg ein intellektuell ørken, og serien, med store opplag, var eit vatningsanlegg med kjelder ute i verda. Men etter at 68-arane tok over makta, vart Noreg på nytt ein ørken, så mykje at serien altså vart nedlagd. Ein hadde jo Marx.
Etter 68-arsamanbrotet vart serien likevel teken opp att, i 1991, men karakteristisk nok i ny innpakning, som små designa paperbacks med små opplag. Slik post-68-arane, eller «the chattering class», byrja å drikka vatn frå små designflasker.
No er bok nr. 71 komen, eit posthumt utgjeve verk av den amerikanske nypragmatisten Richard Rorty (1931–2007), med opplysande føreord av Kristian Bjørkedal. Det handlar om tre samanhengande førelesingar som gjev ei god oppsummering av kva Rorty står for.
Skandaløs «vending»
Her er bakgrunnshistoria: Samstundes med at USA vart ei verdsmakt kring 1900, oppstod ein særeigen amerikansk filosofi, pragmatisme, som sjokkerte europearar med å meina slike («kapitalistiske») ting som at sanninga til ein teori vert avgjord av om han verkar i praksis («gjev profitt»).
I mellomkrigstida var pragmatisten John Dewey den mest kjende amerikanske samfunnsdebattanten. Etter at han døydde i 1952, svinga pendelen over til såkalla analytiske språkfilosofar. Ein av dei mest lovande av desse var Rorty, som i 1967 redigerte boka The Linguistic Turn, eit forsøk på ei kanonisk skriftsamling for denne retninga.
Stort var difor sjokket då Rorty i 1979 gav ut boka Philosophy and the Mirror of Nature, der han braut med analytikarane og vende attende, i ny form, til pragmatismen. Han avviste trua på at språk, vitskap og filosofi kan avbilda røyndom. Slik Paulus braut med farisearane, eller Luther med pavekyrkja. Eller betre, slik ein ateist bryt med gudstrua.
Då Rorty døydde, fekk eit par norske filosofar seg til å polemisera mot ein nekrolog som hadde sagt positive ting om «en som hadde ødelagt 2500 års filosofisk arbeid». For etter 1979 polemiserte Rorty så mykje mot rasjonalistiske førestillingar at han vart slått i hartkorn med livsfarleg irrasjonell postmodernisme. For mange, slike som Hans Skjervheim, var dette eit endetidsteikn. Det truga ikkje berre kulturen, men òg heile røyndomen. Og aller verst: filosofien sjølv.
Sett utanfrå var dette endå eit prov på det som vert kalla Sayres lov: at slike akademiske disputtar vert så opphissa av di det er så lite som står på spel. For sjølvsagt var det ingen fare for korkje kultur eller røyndom, så marginal, på grunn av «hyperprofesjonalisering», som filosofi har vorte. Og åtak på filosofi vert fort inkorporerte i filosofien som ein eigen filosofisk disiplin.
Romantisk poesi
Så kva for skandaløse ting er det Rorty seier i desse førelesingane? I den første går han til åtak på den platonske førestillinga at vi må skilja mellom det tilsynelatande og det «verkeleg Verkelege». Han avviser at det er mogeleg at fornuft, som ein spegel, eller eit kamera, kan sjå dette tidlaust verkeleg Verkelege. «Det vi kaller ’større kunnskaper’, bør ikke ses som større tilgang til det Virkelige, men som større evne til å gjøre ting – til å ta del i sosial praksis som kan gi menneskene rikere og mer fullverdige liv.»
Rorty avviser altså all evig metafysikk og erkjenningsteori og erstattar det med poetisk (skapande) og konstruerande kommunikasjon. Metafysikarane seier at Sanning er setningar som avbildar det Verkelege. Pragmatistar seier at sanning berre er setningar som gjer at vi tenkjer og kommuniserer betre. Newton laga eit nytt språk som gjorde at ein kunne tenkja og oppnå betre kommunikasjon om gravitasjon. Men vi fekk ikkje auge på sjølve den Verkelege gravitasjonen.
I den andre førelesinga drøftar Rorty ideen til analytisk filosofi om å finna eit fundament i tilværet som skil oss frå dyr. I staden hentar han idear frå europeisk historieorientert filosofi, særleg frå slike skremmande «irrasjonalistar» som Nietzsche, og Heidegger, sjølv om desse òg vert kritiserte for å innføra eigne metafysiske fundament: Nietzsche med sitt «vilje til makt», og Heidegger med sitt «Væren». Vi menneske må stø oss til kvarandre, ikkje til Gud eller det Verkelege.
Historiske forteljingar
I den siste førelesinga føreskriv Rorty bruk av historiske forteljingar snarare enn tidlause argument. Ikkje minst forsvarar han «romantikk» i tydinga den skapande førestillingsevna. Rasjonalistane meiner ho er underordna fornufta. Men ifølgje Rorty var Newton ein romantikar når han førestilte seg krafta som drog eplet mot jorda. I denne fasen, der ein oppdagar nye hypotesar, kan ikkje fornufta setja grenser. Elles går det som med Kant, som meinte at fornufta sa at Newtons fysikk aldri kunne endrast.
Desse nye ideane frå førestillingsevna må så prøvast ut av pragmatistisk fornuft, slik mutasjonar vert prøvde ut i evolusjonen. Men slik mutasjonar er tilfeldige, slik er romantiske idear lokale og ikkje styrte av absolutte, globale mål. Fornufta kan heller ikkje finna slike styrande utopiar, slik rasjonalistiske samfunnsplanleggjarar som Hegel og Marx meinte.
Optimistisk vonar Rorty at «Kombinasjonen av romantikken og pragmatismen jeg har fremsatt i disse forelesningen, vil virke like ukontroversiell for fremtidens intellektuelle som søken etter universalistisk storhet og transkulturell rasjonalitet virket for fortidens intellektuelle».
Men desse framstillingane mine av innhaldet i førelesingane er overflatiske: I tråd med ønsket om at filosofi skal vera poesi, og retorisk overtydande, lagar Rorty litterært rike tekstar som gjev føde like mykje til førestillingsevna som til fornufta. Dei bør lesast slik ein les litteratur. Fleire gonger. Og langsamt. For så å prøvast ut pragmatistisk.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sett utanfrå var dette endå eit prov på det som vert kalla Sayres lov: at slike akademiske disputtar vert så opphissa av di det er så lite som står på spel.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.