«Vi er isens barn»
Bjørn Vassnes har skrive eit instruktivt og lettfatteleg essay om kulde, med klåre kritiske undertonar.
Bjørn Roar Vassness skriv om klimaforsking, biologi, kulturhistorie og arkeologi.
Foto: NTB scanpix
Sakprosa
Bjørn Vassnes:
Frostens rike. Kryosfæren og livet.
Cappelen Damm 2017
Nei, dette er ingen rasande pamflett for eller imot påverknaden menneska kan ha på klimaet. Nei, det er heller inga overlest utlegning om alt folk ikkje veit om kulde, frost og rolla isen har hatt i historia om menneske og dyr. Dette er vorte noko såpass sjeldan som eit ordentleg bokessay, der forfattaren vekslar mellom personlege vurderingar og faglege tilvisingar, der reiser og sjølvsyn spelar saman med vurderingar frå forskarar og andre observatørar Bjørn Vassnes har møtt på dei mange reisene sine og i virket som vitskapsformidlar.
Dermed, i pakt med all god essaytradisjon, manglar Vassnes heilt moralpreike og pompøse erklæringar. Han tek i klassisk tradisjon frå Michel de Montaigne, Francis Bacon, Ludvig Holberg og Aasmund Olavsson Vinje derimot fatt i vanlege misoppfatningar, mistydingar, for den del alminneleg vankunne, og går via døme henta frå personleg røynsle og frå vitskaplege studiar – dei vere seg frå paleontologi, geologi, oseanografi, arkeologi, biologi, kulturgeografi, kulturhistorie eller andre relevante disiplinar – slik at lesaren gradvis vinn seg personlege feste for å orientere seg på nytt.
Broten rytme
Er det éin ting vi skjønar av denne boka, er det kor lite vi eigentleg har tenkt på kryosfæren – eit omgrep som står for delar av jorda der vatn opptrer i fast form, altså frosen tilstand. Vassnes skildrar det han malande omtalar som «en regelmessig dans»: Ved polane har dei kvite is- og snøkappene trekt seg saman og auka på igjen i ein rytme av istider og tider imellom dei. Men noko har endra seg, rytmen er broten. Eigentleg skulle vi no ha vore på veg mot ei ny istid. I staden smeltar isen over heile verda: høgt i Himalaya, på Grønland, i Sveits og i Noreg, i Arktis og Antarktis.
Så fint då, seier mange, på Facebook og kvarhelst elles; no skal vi endeleg få det varmt over alt, pytt pytt om vi får litt ekstra regn. Men den slags forenkla oppfatningar av livet på jordkloden kan ikkje overleve den nedkjølande tonen til Vassnes. Støtt og sikkert, og med utgangspunkt i eigne røynsler med permafrosten i Finnmark («hæ, er det permafrost i Noreg?» seier då mange sikkert), med telehiv (som dei fleste nordmenn kjenner til) og utgreiingar om den varme Golfstraumen som held liv i oss ved Europas nordkyst (og som få europearar veit om når dei spør oss om den evige kulden i Noreg), leier han oss gjennom forsking og erfaring om snøens eigenskapar. Og om språket for snø mellom samar og andre. Forutan eigenskapane snøen og isen har til ulike årstider, i ulike verdsdelar og i ulike historiske periodar.
Såleis får vi plassert «den vesle istida» frå ca. 1600 til ca. 1850 inn i ein langt større samanheng av dei nemnde sykliske rørslene. Eg kjenner ikkje til om norske klimahistorikarar har vurdert kva denne perioden av feilslegne avlingar og andre problem for folket førte til for viljen til protest mot embetsveldet, skattane og det framande regimet, men 1700-talet var jo mange stader prega av at ein mista tilliten til kongemakta, som ikkje kunne hjelpe mot dei dårlege tidene.
Spekulerer lite
Vassnes tillèt seg ikkje å spekulere så altfor mykje, såleis heller ikkje om klimaendringane i dag er menneskeskapte. Skrivemåten kan karakteriserast som inn-og-utzooming – veksling mellom store utsyn og globale tendensar og dei enkle, nære døma som mange av oss vil kjenne att, liksom snapshots inn i dei store rørslene. Eit landskap vi trudde vi kjende, vert nytt for oss, og vi oppdagar at vi treng forstå meir. Om «frostens rike», som vi her nord merkeleg nok ikkje har anstrengt oss særleg for å forstå, sånn mellom folk flest. Her får folk flest god hjelp, då, endeleg. Ikkje rart boka alt er omsett til mange språk.
Som vanleg skulle eg gjerne ønskt register, men det gode og ikkje overdrivne noteapparatet er fint å ha. Sidan kapitla er korte og innhaldsregisteret greitt og tydeleg, er det ikkje vanskeleg å leite fram att stoffet ein kan tykkje ein har bruk for å ta oppatt. Dette er rett nok ei lettlesen bok, men mange vil truleg ikkje verte så raskt ferdig med henne; lesaren vil nok fundere vidare.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vassnes tillèt seg ikkje å spekulere så altfor mykje, såleis heller ikkje om klimaendringane er menneskeskapte.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.