Vi kjem inn i noko av tenkjemåten Marine Le Pen og medarbeidarane står for, og vert kjende med krinsen kring henne.
Leiar i Nasjonal front, Marine Le Pen, er kandidat i det franske presidentvalet.
Foto: Regis Duvignau / Reuters / NTB scanpix
Sakprosa
Elin Sørsdahl
og Alf Ole Ask:
Marine Le Pen og høyrepopulismen i Europa
Cappelen Damm 2017
Å skjøne alle prosessane som har brakt fram franske Front National (FN), er ikkje enkelt, kan hende i botnen uråd. Økonomi, sosialpolitikk, bustadpolitikk, arbeidslivspolitikk – her er nok å ta fatt i. Då er det nok freistande å forenkle analysane, å få dei til å passe inn i ferdige tankeskjema.
Sørsdahl og Ask gjev ei nokolunde fyldig skildring av vegen Marine Le Pen har gått for å kome dit ho er, koss ho handterer posisjonen sin og kva band og samklangar ho har med samanliknbare rørsler elles. Her har sjølvbiografien til Le Pen vore til hjelp – kan hende litt i overkant mykje. Noko fersk forsking og materiale frå instansar som fylgjer politisk utvikling og debatt, friskar opp med nye opplysningar.
Forfattarane vik unna å ta eigne analytiske grep. Kvar gong vurderingar er kravde, skyv dei andre journalistar og kommentatorar framfor seg. Ope står det om forfattarane alltid har teke poenget. Såleis er framstillinga av medlemstala i Sosialistpartiet og FN bygd på offisielle tal. Hadde dei i artikkelen dei viser til, oppfatta kor mange som har betalt medlemspengar, ville dei sett endå klårare at dei to partia snart er jamstore.
FN-retorikken
Der finst overveldande mykje litteratur om FN: pamflettar, essay, artikkelsamlingar, rapportar og bøker med analysar frå mange slag fagfolk, frå økonomar til etnologar. Eg finn få spor av desse debattane i boka – eller av andre viktige arbeid, som dei til Øyvind Strømmen, om europeisk høgreradikalisme.
Retorikken til FN vert ikkje nærsøkent granska. Den heimespøta økonomiske teorien, påstanden om at Frankrike druknar i innvandrarar, nostalgien om svunnen stordom – alt dette er lite problematisert. Likevel, vi kjem inn i noko av tenkjemåten som Le Pen og medarbeidarane står for, og vert kjende med krinsen kring henne. Slik ser vi også nokre kontrastar til andre lands rørsler, og noko av det politiske spelet. (Men pussig nok ser vi ikkje kva regionvalet i 2015 hadde å seie for styrkinga av partiorganisasjonen.)
«Avdemoniseringa» av partiet vert nemnt, men lite problematisert, sjølv om vi får vite om den døkke fortida til mange tidlegare aktivistar. At ein ungdom gjorde nazihelsing, og gamle Jean-Marie Le Pen ikkje ville utvise, men berre refse fyren, vart dropen for Marine. Slike anekdotar krydrar boka og gjer henne relativt lettlesen. Relativt, for saknet er stort etter meir systematiske gjennomgangar av alle paradoksa i FN-ideologien: Ein patriotisme som krev stenging av grensene fordi utlendingar tek over landet, men påstår seg å vere antirasistis. At EU er ansvarleg for nasjonale kriser og globalistiske elitar svik landet, medan eksporten må aukast. Og meir til. Boka held seg på yta av alt dette. Vi trur vi skal få innsideinformasjon, men her er få aha-opplevingar å hente. I staden smyg vi for tett opp til ei sjølvframstilling frå Le Pen, utan at forståinga aukar monaleg.
Viktige refleksjonar
Her er likevel nokre viktige refleksjonar, såleis om den sentrale rolla sosiale medium har i mobiliseringa av veljarar. Marine Le Pen og teamet hennar har kunna arbeide meir uavhengig av andre media, som etter kvart kjenner seg tvungne, men til dels også sjarmerte, til å ta henne inn i studio der ho aldri før ville fått kome. Dette er spennande stoff, men i grunnen uforløyst.
Filologen i meg vert irritert over bruken av historisk presens, det gjev eit heseblesande preg av sportreportasje. Elles finst nokre underlege tankesprang, såleis at den verkeleg skumle franske «fachosphère» – fascistsfæren på Internett – er «noe som kan sammenlignes med ’facebookhøyre’ i Norge, men langt mer ekstremt» (s.168). FB-høgre er då berre eit ord. Det er noko efemerisk som ingen reknar som reelt, anna enn journalistar med idétørke.
Samanlikninga med ein gjeng halvgalne konspiratorar, dels organiserte, potensielt farlege personar i Frankrike gjer at ein får lyst til å spørje kven forfattarane kjenner av FB-høgrefolk. Den dryge formuleringa gjer at lesaren kjem i tvil om vurderingsevna til forfattarane i det store og det heile.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi risikerer å sluke for mykje av sjølvframstillinga til Le Pen.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen