Ytringsfridom ifølgje sekulær fornuft
Humanist Forlag har gjeve ut ei samling artiklar som kan hende er i overkant samstemte, og med von om å hjelpa den nye ytringsfridomskommisjonen.
Ytringsfridom: Fanny Bråten i organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge reiv sund Koranen på ei markering på Eidsvolls plass i slutten av august i fjor.
Foto: Geir Olsen / NTB
Sakprosa
Arnfinn Pettersen (red.):
Ingen frihet uten ytringsfrihet
Humanist Forlag
Kvifor ei bok om ytringsfridom nett no? Forordet gjev eit svar. Regjeringa oppnemnde i 2020 ein ny ytringsfridomskommisjon som skal leggja fram ei innstilling i 2022. Og kvifor det? I 1999 la ein tidlegare kommisjon fram innstillinga si. Skulle ikkje det vera nok? Kva har endra seg sidan då?
Det er sjølvsagt internett og sosiale medium. I dei gode, gamle dagane då media var papiraviser og vi berre hadde ein statskringkastar, var det eit tynt sjikt av befolkninga som kunne ytra seg, og dei vart haldne på plass av strenge lover som hindra injuriar og blasfemi. Oda Rygg gjev i sitt bidrag i denne boka ei levande skildring av korleis ho som debattansvarleg i ulike aviser, måtte stogga valdeleg retorikk. Det var ei slik medieverd den førre ytringskommisjonen tenkte innanfor.
Men med internett kan kvar og ein nede i det skumle folkedjupet seia kva som helst. Vi har, ifylgje forordet, fått «skrikhalsene» på ytre høgre som tykkjer «at det er greit å være ufyselig, fordi det ikke er ulovlig». Medan «Sterke krefter, primært til venstre», og her kunne det vore lagt til religiøse og særleg muslimske krefter, «ønsker på sin side å innskrenke ytringsfriheten, ikke minst for å beskytte minoritetsaktører mot nettopp disse problematiske ytringene». Dette illustrerer Even Gran i sin artikkel i boka der han fortel om kva som hende då blasfemiparagrafen vart vedteken avskaffa i 2008. Då klarte Liv Signe Navarsete å flytta innhaldet i denne paragrafen over i rasismeparagrafen, ei lita stund, før Stoltenberg vart pressa til å gripa inn.
Sekulær fornuft
Difor denne boka, der målet «er nettopp at det ikke skal være ytterfløyene som setter agendaen for samtalen om ytringsfrihet». Altså, representerer denne boka den gylne middelvegen til den sunne fornufta? Vi må tru at ho såleis er meint å vera ein sentral bidragsytar til den nye ytringsfridomskommisjonen. Sambandet til den er også tydeleg ved at kultur- og likestillingsminister Abid Raja, som har oppnemnt den nye kommisjonen, er representert i boka med ei grunngjeving for denne, til liks med leiaren for kommisjonen, Kjersti Løken Stavrum, som skriv om at det er helsebot å få lov til å ytra seg.
I tillegg er boka gjeven ut på Human-Etisk Forbunds forlag, og forordet er skrive av redaktøren, Arnfinn Pettersen, som er seniorrådgjevar i forbundet, medan fleire framståande humanetikarar er representerte blant bidragsytarane. Derimot ingen kristne. Dette er altså den sunne sekulære fornufta.
Boka inneheld 28 artiklar i ulike sjangrar, frå det personleg engasjerte til det meir prinsipielle. Og dei er skrivne av 19 middelaldrane, for det meste kvite menn og 10 kvinner. Av alle desse har 8 framandkulturell bakgrunn. (Jau, slikt må ein få med seg i desse tider!) Og ettersom dei alle skal representera den gylne middelvegen, er det ikkje til å koma ifrå at det vert ein god del overlappingar i tema og konklusjonar.
Dei er stort sett samde om å forsvara ei vid form for ytringsfridom. Så lenge ein er høfleg. Fleire drøftar skilnaden mellom legal ytringsfridom og ytringsrom/ytringskultur. Alt dr. Stockmann viste korleis ytringsrommet for ein varslar kan innskrenkast sjølv om den legale ytringsfridomen ikkje vert broten.
Akademisk fridom
Eitt tema – og dette må eg som akademikar tilgjevast at eg er særleg glad for – som vert teke opp av filosofane Lars Fr. H. Svendsen og Lars Kolbeinstveit, men òg av kriminologen Ragnhild Sollund, er akademisk fridom. Universitetet i Oslo har til dømes nettopp vedteke ein strategiplan der dei seier at dei «skal utdanne studenter som setter sine fag inn i et større samfunnsperspektiv og leder an i det grønne skiftet». Erna Solberg har gått inn for tilsvarande instrumentalistiske grønskiftande arbeidslivsrelevanskrav til universiteta. Det er eit åtak på fri grunnforsking som tek universiteta attende til den gong det var naudsynt å oppretta uavhengige vitskapsakademi for å ta vare på grunnforskinga.
Men det er mange andre tema som vert tekne opp: no-platforming, det som på norsk vert kalla scenenekt, og avlysingskultur. Og at religion aldri har vore ein pådrivar for ytringsfridom. Vi får ei historisk innføring i korleis Falsen, far til Grunnlova, tenkte om ytringsfridom. Fleire skildrar kva vilkår ytringsfridomen har i muslimske samfunn, og ikkje minst vert æresrelatert undertrykking der trekt fram. Vi får ei drøfting av rasistiske ytringar i karneval, om slike skal takast bokstaveleg. Og vi får ei historisk innføring i antisemittisme i norsk ålmente etter 1945. Og korleis ein kan møta dei verkeleg harde nettrolla.
Ein bidragsytar skriv om negativ sosial kontroll. Ein annan om korleis Vesten legg seg flat for Kina av økonomiske årsaker. Ikkje minst vert identitetspolitikk av ulike slag drøfta. Til slutt får redaktør Pettersen det siste ordet, der han spør om korleis ein kan kjempa mot uakseptable ytringar på nettet utan å tømma ytringsfridomen ut med badevatnet.
Som svar på det siste må eg få sitera den første store forkjemparen for ytringsfridom, Spinoza: «Det er utan tvil nokre ulemper med ein slik fridom. Men finst det eigentleg noko som er så dyktig konstruert at det ikkje har feil? Å freista og kontrollera alt med lover vil snarare oppmuntra laster enn korrigera dei. Ting som ikkje kan verta hindra, må nødvendigvis verte tillatne, sjølv om det ofte er skadeleg.»
Nok å tenkja på for Kjersti Løken Stavrum og co.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei er stort sett samde om å forsvara ei vid form for ytringsfridom.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?