Mariell Vik Fureli frå Vadheim flyttar til Kristiansand og Martine Kvamme frå Sandane til Mallorca – med ei bok frå Sunnfjord.
Foto: Mållaget / Selja Forlag
Bokgåver til elevar
– Reis ut i verda, hald på dialekten og nynorsken, og kom gjerne heim att til slutt!
Det var oppmodinga frå Sogn og Fjordane Mållag, Førde Mållag, Jølster Mållag, Naustdal Mållag og Selja Forlag då dei delte ut Ete fysst. 18 forteljingar om Sunnfjord til 700 avgangselevar på dei vidaregåande skulane Dale, Hafstad, Mo og Øyrane.
Forteljingane handlar om røter og oppvekst, og forfattarane fekk stikkordet «Sunnfjord» då dei vart utfordra til å skrive ein personleg tekst. Forfattarane er Gunnar Garfors, Heidi Hattestein, Terje Hellesen, Agnete Haaland, Marita Liabø, Idun Losnegård, Eldrid Lunden, Vidar Nupen, Hans Sande, Katrine Sele, Gunnar Staalesen, Rune Timberlid, Jorunn Torsheim, Fridtjov Urdal, Maria Tryti Vennerød, Sissel Værøyvik, Ole Johannes Øvretveit og Ronny Brede Aase.
– Sørg for å skryte av kor du kjem frå. Tol at dei nye venene dine seier «hæ?», var helsinga frå Aase under utdelinga.
Ode til havren
Åkeren på Manhattan er tittelen på ei diktsamling skriven av Åsmund Bjørnstad, som er professor i genetikk og plateforedling ved sida av forfattarskapen. Dikta er inspirert av konseptkunstnaren Agnes Denes (f. 1931). Våren 1982 sådde ho installasjonen Wheatfield – a Confrontation: ein åker med åtte mål kveite på ein fyllplass rett ved World Trade Center på Manhattan. Å så og hauste ein kveiteåker på eit jordstykke verdsett til 4,5 milliardar dollar skapte eit kraftfullt paradoks.
I 2018 diktar Åsmund Bjørnstad om den vidgjetne installasjonen og skriv odar til mellom anna DNA-molekylet, til havren, til steinkolet og til kvaloljen – dikt som omfattar natur, teknologi og menneske, fortel presseskrivet.
tiril@dagogtid.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?