Dansar med bul gararar
Meisterlege miljøskildringar og klassiske konfliktar skapar topp tysk drama.
Den bulgarske bygda lir av arbeidsløyse og fråflytting, men rommar eit mangfaldig typegalleri.
Foto: Arthaus
DRAMA
Regi: Valeska Grisebach
Western
Med: Meinhard Neumann, Reinhardt Wetrek, Syuleyman Ailov Letifov
Ei gruppe tyske arbeidarar reiser til Bulgaria for å byggje vasskraftverk. Dei kjem med teknologi og testosteron. Det blir fort gnissingar når leiaren Vincent (Wetrek) driv dum flørting som alt anna enn sjarmerer ei lokal dame. Hovudfiguren Meinhard (Neumann) skular skeptisk på opptrinnet. Snart finn han ein hest og rir inn til landsbyen. Dramaet driv rundt han som sklir mellom to miljø.
Å tolke mannfolk
Omgjevnadene og miljøa i Western er forfriskande sjeldne for norsk kino. Den bulgarske bygda lir av arbeidsløyse og fråflytting, men rommar eit mangfaldig typegalleri. Den tyske mannsbastionen er supert skildra. Mellom Meinhard og Vincent veks ein stille, men sterk maktkamp. Som i klassiske cowboyfilmar duellerer alfahannar med blikk. Vold er mindre vanleg, men vakar stendig nære overflata.
Meinhard Neumann har ein fantastisk framtoning. Han er hengslete, høg, tynn og senesterk, med markert bart og store, rolege auge. Regissør Valeska Grisebach hanka han herleg nok inn på rideshow, kanskje fordi han minner om Lee Van Cleef. Debuten hans er drivande god. Figuren er ein taus og barsk kar med uklar fortid.
Mange samtalar går mellom folk som ikkje forstår kvarandre. Det er øyreopnande og stundom morosamt. Unge Vyara kan tysk og står høgt i kurs både som tolk og flott kvinne. Ho er ein fasinerande nøkkelfigur som kunne fortent ein eigen film.
Godt blod i Austen
Western har nokre av kvalitetane til klassiske westernfilmar og unngår arvesyndene i sjangeren. Bulgararane har like mykje stemme som tyskarar på tokt for tene pengar på å sivilisere Europas utkant. Tyskarane ser på bygda som ei tidsreise. Frykt og attrå pregar møta med dei lokale.
Kameraarbeidet er knallgodt. Ofte er Meinhard ramma inn på eit vis som stel frå Sergio Leone. Det kryr av gode scener med sitrande spenning eller bognande kjensler. Stilen er tona ned med reinspikka realisme. Sirissane styrar takten. Berre eit siste klimaks har sterk musikalsk suggesjon frå festmusikk. Det har stor effekt.
Alt og alle er skildra smart og balansert. Ein sit att med tankar om rollene til Tyskland og Bulgaria i det moderne Europa. Eit enkelt, effektivt grep som tittelen gjev rom for å sette forteljinga i rik filmatisk og historisk samanheng. Western er ein framifrå film.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Western har nokre av kvalitetane til klassiske westernfilmar og unngår arvesyndene i sjangeren.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.