Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Dei som vil undergrava oss

Putin og KGB har øydelagt Russland, og dei prøver heile tida å øydeleggja Vesten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin entrar Kreml-palasset i Moskva (2018).

Foto: Zemlianichenko. AP / Scanpix

6048
20200612
6048
20200612

Sakprosa

Catherine Belton:

Putin’s People: How the KGB Took Back Russia and then Took on the West

William Collins, London 2020

Tenk deg tida under Margaret Thatcher, og tenk deg korleis ho hadde reagert om Det konservative partiet fekk pengar frå KGB. Ja, ikkje berre partiet, men mange av dei fremste Tory-politikarane òg. Det er sjølvsagt ei heilt tåpeleg øving, noko slikt hadde vore utenkjeleg. Men slik er det i dag, fortel Catherine Belton.

I Overhuset sit det fullt av menn og kvinner som mottek rundt 50.000 pund i året for å sitja i styre hjå russiske selskap som er noterte på London-børsen. Dei rike russarane har nærast fullstendig infiltrert den britiske eliten. Kven er dei største kundane i advokatselskapa? Russarar. Kven betaler «informasjonsbyråa» mest? Russarar. Kven donerer mest pengar til universiteta? Russarar. Lista er lang som eit vondt år.

Men også russarar er menneske, individ som deg og meg? «Don’t the Russians love their children too?» Ja og nei. Så godt som alle rike russarar, anten dei oppheld seg heime i Russland eller ute i verda, er kontrollerte av Vladimir Putin. Pengane er hans, og dei som ser ut til å ha pengar, veit at dei alltid må gjera det som Putin ynskjer gjort med desse pengane. Ein rik russarar er ein KGB-russar, anten han driv med mafia, olje eller gass eller kva det skal vera. «Om staten (altså Putin, red. merk) seier at vi må gje det frå oss», sa eigaren av aluminiumgiganten Rusal, Oleg Deripaska i 2007, «så gjev vi frå oss selskapet. Eg er ein del av staten.» I 2017 kjøpte han seg kypriotisk statsborgarskap.

Terrorfinansiering

Belton var i mange år Russlands-korrespondent for Financial Times og har dekt vondskapen grundig i avisa. I denne boka summerer ho opp det ho og andre har funne. Ho byrjar i DDR, der Putin var agent for KGB. «Putin var ein høvisk ung mann som aldri stakk seg fram», seier ein informant som arbeidde med Putin då. Det er mogleg han var høvisk, men han var fyrst og fremst totalt lojal mot KGB og deltok etter alt å døma aktivt i terrorfinansiering. Så kom han seg heim til det som vart døypt om til Sankt Petersburg, før han vart headhunta til Moskva av Jeltsins menn, for så til slutt å verta utnemnd til etterfylgjaren til nett Jeltsin. Vi kjenner den soga.

Det fyrste Putin gjorde, var å gå etter dei uavhengige mediehusa. Oligarkane der vart fyrste spelte ut mot kvarandre, så tok i røynda KGB heilt over. Nei, det heiter ikkje KGB lenger, men Belton kallar dei konsekvent det. Dei som styrer Russland, var og er KGB. Samstundes som han tok over media, iscenesette Putin etter alt å døma ei falsk terrorbylgje. Ja, det var terror, men Putins menn var terroristane. Den handlekraftige Putin som flaug frå den eine åstaden til den andre, vart ekstremt populær, og han fekk demokratisk legitimitet gjennom suverent å vinna det fyrste presidentvalet.

Yukos

Soga til Mikhail Khodorkovskij er velkjend. Han skaffa seg eit oljeimperium, Yukos, som åleine produserte og eksporterte meir olje enn Kuwait. Khodorkovskij fann ut at han skulle verta «rein». Han ville ha Yukos notert på vestlege børsar og opna opp alle rekneskapar. Samstundes byrja han ein politisk kamp mot Putin for å gjera Russland meir transparent og demokratisk. Putin knuste han. Men det som var endå verre, var at vestlege bankar, investorar og meklarhus var viljuge hjelparar då selskapet vart partert og i røynda teke over av Putin og mennene hans. Gong på gong har Putin fått all den hjelpa han trong av menn og institusjonar i Vesten til ulovleg å taka over det meste av Russlands økonomi.

Kva har så Putin nytta pengane til? Han har nytta dei til å undergrava vestlege institusjonar og rettsvesen. Særleg er London infisert av russiske korrupsjon. Kven eig London-avisa Evening Standard, som er gratis og kjem med eit opplag på 600.000? Aleksandr Lebedev, som heilhjarta har støtta invasjonen av Krim og i røynda ikkje er noko anna enn ein front for Putin. Då George Osborne gjekk av som finansminister, vart han redaktør av avisa og fekk ei latterleg høg løn, sjølv om avisa heile tida taper pengar. Er Putin misnøgd med ein riking, nyttar han rettssystemet i London, og han vinn av di han har dei beste advokatane.

Deprimerande

Boka er ufatteleg deprimerande. Vi i Vesten er så naive. Putins tentaklar er overalt, og institusjonane våre vert tilsvina og underminerte kvar einaste dag. Sjølvsagt nyttar Belton mykje tid på Trump. Utan russisk mafia hadde Trump vore konkurs.

Nei, seier Belton, vi veit ikkje sikkert om Trump veit at imperiet hans er bygt med russiske mafiapengar, som også er kontrollerte av Putin, men vi andre bør vita det. Trumps forretningsmodell har vore å leiga ut merkevara Trump. Prosjekt etter prosjekt har vorte finansiert av russisk mafia, prosjekt som etter at Trump har fått pengane sine, har gått konkurs. Russisk mafia har vore ein elendig investor og tapt store summar på Trump, men likevel har dei halde fram med å finansiera han. Det eg har skrive her, er i og for seg kjent, men Belton fortel det heile på detaljnivå, ho snur kvar ein stein.

Finst det ei von? Kjem Vesten nokon gong til å vakna opp og innsjå at russiske pengar må reinskast ut av Vesten? Det verkar ikkje som Belton trur det, men det ligg ei von i at Russland vert stadig meir dysfunksjonelt. Dei fyrste oligarkane til Jeltsin var faktisk ofte flinke menn. Dei bygde vegar og infrastruktur og dreiv desse selskapa dei rana til seg, forunderleg godt. Men i takt med at Putin har reinska dei ut, har stadig meir av russisk økonomi gått i stå. Når ein veit at ein når som helst kan mista alt ein har skrapa saman, har ein ikkje nett mange incentiv til å gjera det rette. Men Putin vert vi ikkje kvitt før han døyr. Den dagen han gjev frå seg makta, vil knivane i ryggen hans vera tallause. Difor gjev han ikkje frå seg makta.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kjem Vesten nokon gong til å vakna opp og innsjå at russiske pengar må reins­kast ut av Vesten?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis