Den beste spionen og eit ekte mannfolk
Om du ikkje liker Kim Philby, er du ikkje eit ekte mannfolk.
Kim Philby vert spelt av David Oakes.
Foto: BBC
SERIE
Ben Macintyre
A Spy Among Friends
BBC
I dessa dagar sender NRK ein BBC-serie som handlar om verdas mest vellukka spion. Kva tid serien går, er eg usikker på, men han ligg òg ute på heimesidene til NRK. Kim Philby var eit type menneske som berre britar kan laga. Han voks opp i India der faren var høgt plassert i byråkratiet. Faren konverterte til islam og var rådgjevar og ven av grunnleggjaren av Saudi-Arabia, kong Ibn Saud. Då Philby var i tenåra, var både kongen og faren samde om at han var litt blaut, så dei sende han ut i ørkenen for å leva med beduinane.
Om ikkje anna lærte Philby seg at dette ikkje var noko for han. For drakk, hora og røykte gjorde han konstant resten av livet.
Godt hovud var det òg på guten, han kom inn på Cambridge, vart kommunist og rekrutterte fire andre til å spionera for Sovjetunionen. Gjengen – Cambridge Five – gjorde det nokså bra, dei vart sekretærar for utanriksministrar, kodeskaparar for regjeringa og ymse anna. Lengst kom Philby, han vart både sjef for sovjetavdelinga til MI6 og leiar for heile den britiske etterretninga i Washington.
Serien er særs god, særleg som eit tidsbilete på den britiske overklassa og dei høgre mellomlaga. Men han feilar på eitt felt: Serieskaparen og forteljaren Ben Macintyre vil desperat at vi skal forstå at Philby er ein forrædar, eit alkoholisert svin og ansvarleg for at tusenvis vart drepne. Men hallo: Fyren var kommunist og ein aktiv deltakar i den kalde krigen. Spionar vil vi alltid ha mellom oss. Det finst knapt ein mann som ikkje ville ha vore den intelligente levemannen Kim Philby.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
SERIE
Ben Macintyre
A Spy Among Friends
BBC
I dessa dagar sender NRK ein BBC-serie som handlar om verdas mest vellukka spion. Kva tid serien går, er eg usikker på, men han ligg òg ute på heimesidene til NRK. Kim Philby var eit type menneske som berre britar kan laga. Han voks opp i India der faren var høgt plassert i byråkratiet. Faren konverterte til islam og var rådgjevar og ven av grunnleggjaren av Saudi-Arabia, kong Ibn Saud. Då Philby var i tenåra, var både kongen og faren samde om at han var litt blaut, så dei sende han ut i ørkenen for å leva med beduinane.
Om ikkje anna lærte Philby seg at dette ikkje var noko for han. For drakk, hora og røykte gjorde han konstant resten av livet.
Godt hovud var det òg på guten, han kom inn på Cambridge, vart kommunist og rekrutterte fire andre til å spionera for Sovjetunionen. Gjengen – Cambridge Five – gjorde det nokså bra, dei vart sekretærar for utanriksministrar, kodeskaparar for regjeringa og ymse anna. Lengst kom Philby, han vart både sjef for sovjetavdelinga til MI6 og leiar for heile den britiske etterretninga i Washington.
Serien er særs god, særleg som eit tidsbilete på den britiske overklassa og dei høgre mellomlaga. Men han feilar på eitt felt: Serieskaparen og forteljaren Ben Macintyre vil desperat at vi skal forstå at Philby er ein forrædar, eit alkoholisert svin og ansvarleg for at tusenvis vart drepne. Men hallo: Fyren var kommunist og ein aktiv deltakar i den kalde krigen. Spionar vil vi alltid ha mellom oss. Det finst knapt ein mann som ikkje ville ha vore den intelligente levemannen Kim Philby.
Jon Hustad
Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.